Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen. —
3 EE SE
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
Betaling fyreaat.
med Porto og alt.
Bit Blad aat det norske Folket.
Lysingar kostar 10 Øre Petitlinz,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No. 26.
a
Kristiania den
iste Juli 1882.
6. Aarg,
VITIIREEEEEEEEEETEEEEIE==
Bondestudentar.
Av Arne Garborg.
III.
Paa andre Vinteren gjekk Daniel
no hjaa Kapellan Hirsch.
Men det vart ikkje stort av med
dei i Aar. Kapellanen var komen upp
i nokot Krangel med dei vakte, som
vilde hava det paa han, at han ikkje
førde rein Lære, og dette gav han so
- mykje annat aa tenkja paa, at han
meir gløymde Daniel. Dessutan hadde
han i Grunnen saatt, det han hadde
aa saa, i denne Barnesjæli, so han var
ikkje so ivrig i seg sjølv helder. Og
endeleg forstod han, at han kunde
ikkje gjenomføra ”Metoden” sin, og
han tok til aa ræddast fyre, at han
kanskje hadde gjort galet i aa gjera
denne stakkars Guten til Prøveklut
for sine uferdige Forsøk i Uppfostr-
ingskunsten.
Ikring Joletider vart det fortalt i
Bygdi, at Kapellanen søkte seg ifraa.
Han var nok lei av aa vera her no,
sagde Folk, og dessutan trong han eit
større Embætte, av di han skulde
gifta seg.
Daniel vilde ikkje tru dette. Ka-
pellanen kunde daa ikkje forsvara aa
sleppa han ifraa seg no, daa han fyrst
hadde hjelpt han so vidt i Veg, og
han var væl ingen Matstrævar helder,
: som kunde reisa fraa ei god Gjerning,
fordi han ein annan Stad kunde faa
nokre Dalar meir i Aarsløn. Men
Ordet vart vissare og vissare, og
tilslutt spurdest det, at Kapellanen
hadde fengje Kall. Daa vart Daniel so
tung i Hugen. Alle Utsyner stengde
seg, totte han; alle Vonerne vinglad
vengskotne mot Jordi. Han hadde
stundom havt den Draumen, at han
skulde gravast ned livande; no totte
han det var, som den Draumen skulde
uppfyllast. Han forstod ikkje dette.
Var det forsvarlegt aa lyfta ei Sjæl
so høgt, og so sleppa henne ned i
Moldi att, millom Maur og jammerlegt
Matséræv? —
Kjærasten til Kapellan Hirsch heitte
Frøken Rud, sagde dei, og var Dotter
av ein rik Storbonde burtmed Kristia-
nia. Utpaa Fyresumaren skulde Ka-
pellanen der burt og gifta seg, og so
skulde han koma hit att og gjera seg
ferdig til aa flytja. Det vart altso
Slutt med Skulen alt i Vaar, tenkte
Daniel; og so kunde det vel lite nytta
aa lesa.
Den siste Skuletimen kom Vonom
fyrr. Kapellanen fekk dessverre so
mykje aa staa i no, sagde han, at
han ikkje klarad det lenger. Daniel
falmad, daa han høyrde dette. Han
visste, det maatte koma; men det var
likevæl so vondt, daa det kom. ”Men
du skal ikkje vera modlaus for det,”
lagde Kapellanen til; ”eg skal nok
stella det so, at du kann faa halda
fram med Lesningi paa einkvar Maa-
ten!” Daa ljosnad Daniel forunderleg.
Kapellanen saag det, og smilte litt.
”Du tenkte kanskje, eg vilde narra
deg du?” sagde han. ”Nei-nei-nei,”
stotad Daniel.
— Daa Kapellanen kom heimatt
fraa Kristiania um Sumaren, fylgde
Kandidat Massmann, Son aat Presten,
med han. Massmann var just ferdig
med Eksamen no, og skulde liggja
heime og kvila seg, til dess han fekk
’Embeætte.
Kandidat Massmann var ein roleg,
faamælt Kar, bleik av Andlit, og svært
aalvorleg. Folk kunde ikkje faa Greida
paa denne Fyren, for han studerad
korkje til Prest elder Sakførar elder
Doktar. - Det einaste, dei visste, var,
at han hadde leset ”fælt mykje Spraak,”
og at han skulde vera ”fælt lærd.”
Det vart til det, at Daniel skulde faa
gaa i Skule hjaa Kandidat Massmann
utyver Sumaren og Hausten.
Daniel var ikkje so glad i dette,
som ein skulde tenkt, for han var
rædd Kandidat Massmann. Dertil var
han rædd Prestegarden. Han mintest
kor fint og liksom høgtidelegt der var,
og han hadde ein heilag Age for gamle
Presten. Men dessutan tenkte han
paa Prestebikkja, som han i Grunnen
hadde endaa større Age for. Likevæl
gjekk han, og laut takka til, at han
fekk gaa. Framum Bikkja slapp han
med beilt Skind, endaa det var vondt
nok; like eins slapp han godt og væl
framum Presten, og so kom han til
Kandidaten, som sat bleik og roleg i
ein Voggestol med ei Bok og ei Pipa
og røykte.
Daniel liksom bukkad, og var raud
og rædd. Kandidaten stirde paa han
med isblaae Augo gjenom kalde, blanke
Brillur: ”Naa, det er Daniel?” — Ja,
det var daa det. — ”Godt; sit hit!”
sagde Kandidaten og peikad paa ein
Stol. Daniel fram, og ned paa Stolen.
hadde leset. Han svarad so godt han
kunde; men var heile Tidi uroleg og
ille ved, fordi han ikkje kunde forstaa,
um Kandidaten var fornøgd med Svari
hans elder ikkje. Endeleg skulde han
prøvast i Latin. Det var just det
verste Faget. Daniel ynskte seg langt
So vart han utspurd um, kva han.
III EEEEEEEEEEEEEEEEEE=====
ned i Jordi og tok til aa sveitta, der
han sat; men det nyttad ikkje. ”Altso,
2dre Boki. Saa upp —; slaa upp —;
slaa upp lo’e Kapitel. Du hev væl
Jeset 18de Kapitel?” — Ja, Daniel
trudde det; men det var visst svært
lengje sidan. Med dirrande, sveitte
Hender slog han Kapitlet upp. Godt.
Les! — Daniel las. Loci natura erat
hæt, quem locum mostri castris delege-
rant. — Godt. Umset! — Daniel visste,
at han ikkje kunde umsetja; han
hugsad ikkje eit Ord. Likevæl frei-
stad han liksom paa. Men han kom
ingen Veg. Han berre sat og stræ-
vad og stunde, arbeidde med Hender
’og Føter og med heile Kroppen, lik-
som det skulde hjelpa, men stod fast
Som for ein Mur. Det var fælt leidt.
Kva maatte ikkje den lærde Kandida-
ten tenkja? ”Naa,” sagde denne, ”Sub-
jektet er —> — Subjektet er natur-
legvis —?” Daniel prøvde aa gissa.
”Natura,” sagde han. Men daa Kan-
didsten ikkje sagde Ja til dette, trudde
han det var galet, og so skulde han
retta —: ”Nei! 00c6,” sagde han. ”Er
loct og Subjekt?” spurde Kandidaten.
”Nei,” kviskrad Daniel skamfull og
tryllt. ”Nei visseleg,” svarad Kandi-
daten. ”Subjektet er natura. Natura
tyder —?” — ”Natur.” — ”Natur-
legvis. Altso: loci matura —2” Eit
gamalt dimt Minne sveiv Daniel, han!
svarad gissande: ”Lunden —? Naturen
i Lunden —?” Dertil sagde Kandidaten
ingenting, og so trudde Daniel, at det
var galet. ”Nei!” kviskrad han høgt.
”Nei,” sagde Kandidaten med uendeleg
Ro, so Daniel vart kald. ”Kva er loct
for eit Ord? Kva heiter det i Nomi-
nativ?” — ”Lo—cus; gissad Daniel.
”Kva tyder locus?” — ”Locus, det er
++. det same som —.” — ”Hm. Er
det det same som lucus?” — ”Nei.”
”Kva er lucus?”
»
— ”Lucus —, lucus
— ”Lucus er Lund. Men
locus —?” Daniel reiv seg attum Øyrat:
”Locus, det er —; locus; — hm!” —
”Locus er ”Sted”. Kva Kasus er 1062”
— ”Det er . . . Dativ –? — Nei...
Det er . . . Genitiv —?? ”Hm.
Høyr, -Guten min,” sagde Kandidaten,
”hev du leset Grammatik? — ”Ja
litt . . . men det er ei Stund sidan
no,” sagde Daniel; han var vaat av
Sveitte. ”Ja det er visst det,” sagde
Kapellanen. ”Kann du deklinera ma-
tura?” — Daniel prøvde. ”Natura,
naturam, nature, nat —, nat —” —
” Naturæ, natura. Pluralis?” ”Nature,
naturas, naturarum, natu —, natu —.”
Sveitten rann av han. ”Hm. Me fær
til med Grammatikken, Far!” sagde
(Stjernerap.
hans unge Mod.
Kandidaten. Og so fekk Daniel fyrste
og andre Deklinasjonen til Leksa.
Som ein vaat Hund ruslad han
beim. Han kjende seg so underleg
liten. Dette her vart nok ein annan
Dans. Med Isingar gjenom seg tenkte
han paa den nye Læraren sin. Her
vart der nok ikkje Tale um Aand og
Poesi; her galdt det nok aa kunna
sine Ting, — kunna Grammatikken.
Og den stod for Daniel i ei einaste
tung Skodd. Men so hugsad han, at
han hadde fenget Leksa. Ei ærleg,
reideleg Leksa, som han skulde læra!
Det var forunderlegt, som den Tanken
styrkte han. No visste han daa ende-
leg, kva han hadde aa halda seg til.
Ei Leksa var ein Ting, som han for-
stod seg paa; ei Leksa skulde han
klara! Og naar han so næste Gong
kom til Kandidaten, so skulde den
lærde Mannen nok faa andre Tankar
um Daniel Sørbraut. Han mest sprang
heim for aa faa taka aat. Han vart
heiltupp glad i Leksa si og tenkte
med Fysnad paa, at han endeleg skulde
faa læra denne Grammatikken, som
altid hadde set han so vonlaus ut.
Han skulde verta som ein Latinskule-
gut til aa kjenna sin Madvig. Han
gav seg til aa stormlesa. Han las
og han las, til dess dei tvo Deklina-
sjonarne stod av Munnen hans som eit
Daa han kom til Kandi-
daten næste Gongen, var han ikkje so
rædd. Leksa si kunde han, og meir
kunde ikkje Kandidaten krevja. Det
gjekk godt, og han gjekk heim att
byrg som ein Viking. Han hadde
vunnet! — Grammatikken var visst
ikkje so aandlaus endaa.
Med ein einaste Gong slengde han
sine Draumar um Huldri og Fosse-
Kallen. Han sette seg fyre, at han
vilde verta lærd. Han vilde verta lærd
og aalvorleg liksom Kandidaten.
Hadde det berre ikkje voret den
Prestebikkja! Men den øydde so tidt
Kvar Gong han kom
elder gjekk, so kom dette store svarte
Beistet luskande med sine raude, kokte
Augo og gjekk og snusad paa han
liksom han var ein Spikeknok. Og
Beistet var ikkje aa spøkja med. Der
gjekk Segner i Bygdi um fleire, som
hadde voret ille ute for Prestebikkja,
og ein Husmann, som kom til Preste-
garden seint um Kvelden, og som dei
trudde vilde ha stolet, hadde ho bitet
eit Stykkje or Leggen paa. Fleire
hadde klagat for Presten yver dette
Dyret; men Presten svarad altid, at
Apollo beit ikkje skikkelege Folk. Men
eingong tok ho paa ein Mann, som
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>