- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
107

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8de Juli 1882.

Fedraheimen.

107

fann seg i, ja studde. Men i Staden
for aa lækja dette Lyte, slik som det
sømde seg og seinare i Røyndi vart
gjort, — istadenfor aa setja alle Ser-
truande under same Vilkaar som Høg-
kyrkjefolke, — so søkte Høgkyrkja,
strakst Wilhelm var daaen, um aa faa
Logi heilt avteki (Oktober 1702). Dette
Bønebreve hadde dei beste Voner for
seg; Parlamente var mest berre Tory-
menn, og aa felle dei sertruande vilde
vera aa felle dei presbyterianske Whig-
ganne. I Underhuse gjekk Framlage
(Billen) fraa Høgkyrkja igjenom og.
Men Lordarne reiste seg mot det, og
det vart vraka, iminsto for det Aare,
med ei Overvegt av tri Røyster. Næste
Aar kom det vel fram att; men daa
naadde det ikkje fram til andre Prøva
(”Lesningi”) eingong.

Og som med den kyrkjelege Fri-
domen, so var det og med den poli-
tiske. Trass i alle dei Fyremunar Bak-
strævarflokken tyktes ha, vann Fram-
stigsflokken til Slutt likevæl. Merkje-
leg er den vidgjetne Saki ”Sacheverell”.
Dr. Sacheverell var Prest i Høgkyrkja
og etter den Domen, han samrøystes
fekk av Vener og Uvener, ein faavis
og lite mætande Mann, men faafænge-
leg og utolsam. Den l4de August og
9de November hadde han halde tvo
Preikur i St. Paulskyrkja i London
mot Revolutions-Grunnsetningarne og
for den fullkomne, blinde Undergjev-
nad under Magti. Whigministranne
kravde offentleg Klage for Pairsretten,
iser Godolpbin, som Sacheverell 1 ei
av Preikurne sine hadde kalla for ein
Volpone, d. e.- ein lur gamall Rev,
etter eit velkjent Lystspel av Ben
Jonson. Raadleggjingarne var lange
og aalvorlege. Dei byrja 27 Februar
1710 og varde i fulle tri Vikur. Av
Klage- og Forsvarstalurne hev Hallam
teki dei vigtugaste Stykki inn i Soga
si. Endaa Dronningi var tilstades og
høyrde paa, gjeng dei alle ut fraa og
kjem att til den Setningen, at den
styrande Majesteæten einast hev Folke-
viljen aa takka for, Magti, og at Folke
altso til alle Tider hev Rett til aa for-
driva Kongehuse paa same Maaten
som det hev innsett det, dersom det
tek paa med Valdsverk.

Sacheverell vart dømt skyldig med
67 mot 50 Røyster, og han fekk ikkje
Lov til aa preike paa tri Aar; like
eins skulde dei Preikurne, som Klage-
maali galdt, brennast offentleg, saman
med Doktorbreve, han hadde fengi i
Oksford. Men Folkehugen leet seg ikkje
stagge med det. Sacheverell gjekk for
ein Martyr bhjaa den blinde Mugen, so
mild Refsingi hans enn vart. Fraa
alle Kantar kom det Brev, som slutta
seg til Tanken um Liding og Lyding
utan Motstand. Dronningi fekk Mod
ved dette og løyste upp Whigministe-
rie og gav Toryanne Styre. Det nye
Parlamente, som no kom saman, var
heilt igjenom torylyndt. Daa Sache-
verell hadde haldi ut Refsingi si, heldt
han ei Preike 23 Marts 1713 i Sti.
Salvatorkyrkja over Orde: ”Fader, til-
gjev dei, for dei veit ikkje, kva dei
gjer”, og samanlikna i denne Preika
endefram sine og Frelsarens Lidingar.
Underhuse utnemde honom til aa preika
ved høgtidelege Tilføre, og Hoffe lønde

honom flust. Men alt dette mona i
Grunnen lite. Dronningi døydde lste
August 1714. Kurfyrsten av Hannover
vart Konge (Georg I) utan Motstand.
Alle Freistnadar paa aa faa istand
Upprør til Bate for Son aat Kong
Jakob, var faafengde; det nye prote-
stantiske Kongehuset vart berre ster-
kare ved dei. Det store, som var vunne
ved Revolutionen, var trygt for all Tid.

Sia hev aldri Fridomen i England
vore i Naud elder Faare. Han hev
vakse jamt fram og vore aalmennt
vyrd. Alle forstend, at Fridom og

Storleik ikkje vert vunnen ved aa|-

tvinge ned Meiningar og Meinings-
flokkar, men ved aa halde dei i Jamvigt.
Attum alle desse store Hende stend
Dagspressa. Den er med i alt og vert
fraa no av ei Magt. (Meir.)

Valg-Vise.

Skrevet til Stiklestad-Mødet.

(Tone: Vort Land, vort Land.)
Vel mødte, Mænd, paa Valgets Dae,
paa Norges største Dag,
naar hver med Gud og Land gjør Pat,
saa Folkeviljens Ord blir sagt
til Fald for Ondt, til Vækst for Godt,
til Lov for Thing og Drot.

”Det Land er vort, dets Lov er vi”,
saa føler alle Fri.

Vort Tary, vort Barn er Magten, som
i Folkets Sjæl gjør Lov og Dom,

og med sit Liv hver Mand staar Vagt,
naar Folkets Dom er sagt.

Til Valg! Til Valg! Hvad Fædre gav,
ej Konger korter af.

Det vokser med vor egen Kraft,

til Savnet, som vor Slægt har hayt,

i Barn af os blir Sejerssang

paa - Stiklestad engang.

Men Fredens Sejr med Fredens Sang
i Valget Gang paa Gang.

Den største Magt paa Jorden er

et Folk i Valg, — en Fredens Hær,
hvis Panetag er Kjærlighed

til Frihed og til Fred.

Bb.

Kristiania, den 7de Juli.

føteborgs Handels- och Sjøfartstidning,
som er kanskje det mest vyrde og trudde
Bladet i Sverige, skriv den 28de Juni
millom annat:

”Statsraadssaki
som kveikte Elden, istadenfor, at hadde
ho vortet rett teki, so hadde ho opnat
Vegen til ein full Forsoningspolitikk.

vart den Gneisten,

Hadde Kongen lydt paa Storthingsdepu-
tasjonens audmjuke Bønsøkjing um Sank-
sjon istadenfor aa ”fylgja Raadet aat

sine loglege Raadgjevarar,” hadde han

latet Statsminister Stang gaa av fyre
Ayvgjerdi istadenfor etterpaa*), — so
hadde Kongen vortet møtt av Jubel yver
alt Landet og vortet ein heiltupp folke-
kjær norsk Konge. — —

Og dermed hadde Striden um det
absolute Veto og komet bak i Skuggen.
Sanksjonen, gjeven etter Bøn fraa Stor-
thinget, hadde i Framtidi vortet ein
Grunn til Studnad for det absolute Veto.

Men dette ypparlege Tilføret til aa
vinna ei god Stilling — eit Tilføre, som
væl aldri meir kjem att — vart unyttat,

*) Som kjennt er, fekk Stang Avskil etter
at Kongen hadde fylgt Raadi hans, —
ei svært merkjeleg ”konstitusjonel” Fram-
ferd. (G. H. & S. Tid.)

og den Folkekjærleik, som Kongen kastad
burt, fekk no hans politiske Motstandar,
J. Sverdrup, i rikaste Maate.

Og ein skal ikkje kunna segjå, at
det vantad paa Aatvaringar. Fleire
Gonger kom dei fram, og det fraa Folk,
som meinte det ærlegt, og som væl
kjende Huglaget i Norig. Dei
meir enn ein Gong framførde, med Uro
og Hugsott, og med Forutsegjing av,
kva som vilde koma, um Sanksjon vart
negtad. ”Det kann koma til det”, vart
det sagt fraa denne Sida, ”at det vert
Spursmaal um Norigs Rikes Kruna.”

vart

Og ein turvte ikkje vera Spaamann
for aa vita dette; det turvtest berre litt
Kjennskap til Menneskenaturen og til
Folkehugen 1 Norig, og so Kunnskap
um, kva som vilde ha hendt i Sverig
under sovorne Tilhøve.

Det svære politiske Mistaket fraa
1880 hev dei væl no byrjat meir og
meir aa vedgaa. — —

Men naar ein ser, at ein hev faret
galet, bør ein prøva aa retta paa det;
og enno var der Raad til dess. — —

Men dei hev sett hardt mot hardt.

Storthinget hev negtat Bevileningar
so langt det gjekk an, og hev dermed
berre gjenget same Vegen som andre
konstitusjonelle Land, naar Folkerepræ-
sentantarne hev bavt aa dragast med ei
Det gjekk
sanneleg ikkje ”hensynsfullt? til, daa
det engelske Parlamentet i 1806 tvingad
Georg III til aa gjera Fox til Utanriks-
minister, denne Fox, som Kongen var

motstridig Regjeringsmagt.

rasande galen paa, som ein Mann med
”reyolusjonære Og
slikt hev til ulike Tider hendt i ymse
Land. Ei greid Fylgd av Stillingi var
det, at Storthinget negtad Tillegget til
eit Tillegg, som hadde
voret litet likat i Sverig med, og som
i ”Andre Kammeret? fekk eit halvt hun-
drad Røyster mot seg, endaa paa ei Tid,
daa dette Kammeret stod paa ein mykje
At den norske

Grunnsetningar.”

Krunprinsløni,

god Fot med Regjeringi.
Regjeringi, naar ho eingong hadde fengje
Nei, kom att med Forslaget, og lagde
inn i det ein so ”ömtålig? Grunn som
det um ”Landets Værdighed” —
skulde daa altso vera krenkt av Stor-
thinget Aaret fyrr — var visseleg lite
”hensynsfullt”. Det. var yver Maaten
taktlaust, — dersom det ikkje var Mei-

den

ningi aa kompromittera Storthinget, daa
aa segja. Hadde Regjeringi ikkje komet
med denne Taktløysa, so kann det henda,
hev me høyrt, at Krunprinsen hadde
fengje det dei ynskte, paa privat For-
slag. Men ei Bevilening, som skulde
stydja Selmers Regjering, kunde Stor-
thinget ikkje finna paa aa gjeva. Det
sagde Nei ”sans plwrases”. Og paa det
bør ingen politisk Mann kunna undrast.

Dei hev gjort Braak med visse Form-
saker, som Storthinget skulde ha for-
brotet seg mot Kongen i, t. D. ved Sylv-
brudlaupet, daa dei tok ut Ordi ”naadig”
og ”underdanig” i Storthingsadressa, og
daa Flagget vart nedteket paa vanleg Tid.

Storthingsadressa til Kongeparet var
den fagraste og best ihopsette av alle
dei mange Brudlaupshelsingar, me hadde
Tilføre til aa lesa. — Um Signalflagget
hev me fyrr talat; — der fanst ikkje
nokot Flagg paa den svenske Riksdags-
bygningen helder i desse Dagarne.

Derimot viste Selmer likefram Uhøf-

legheit mot Storthinget, daa han ikkje
bad alle Storthingsmenn med seg paa
Høgtids-Etingi til Æra for Kongeparet,
men stengde mest heile Opposisjonen
Det er ikkje Høgre aaleine, som
skattar til dei rundelege Taffelpengarne
aat Statsministeren. — —

Men dei same, som finn dette rett
og godt, hev svært mykje aa segja paa,
at Storthinget ikkje helsad paa Kongen

ute.

etter Uppløysningi. —

— — Men tenk daa etter, kva det
var, som gjorde dette! Storthinget hadde
vortet nøydt til aa skiljast, fyrr det var
ferdigt med Arbeidet sitt, medan Kongen
ikkje kunde setja ut med ”Heimferdi”
si ein einaste Dag. .

”Heimferdi?” — Hey han daa ikkje
sin Heim i Norigs Hovudstad og? Elder
hev Nordmennerne Rett i, at dei er
styrde, ikkje av Norigs, men av Sve-
rigs Konge?

Og so kom Straffepreika i Stor-
thinget. — —

Skulde ein gjenom eit Sendelag takka
for desse Godviljesteikn, elder skulde ein
skikka eit Sendelag avstad med ein Pro-
test i Haandi? Det fyrste hadde voret
korkje sannt elder verdigt, det andre
hadde voret uhøvelegt. — —

At Kongen no skulde vilja stadfesta
ei ny Storthingsavgjerd i Statsraadssaki,
berre Storthinget vilde pgodkjenna det
abs. Veto, er ei Meining, som strider
Og
kvifor skulde han gjera det no meir enn
i 1880, daa han med Sanksjonen kunde
styrkjæ dette mykje ummalte Vetoet
sitt?” Og kor skulde Thinget ”på ett
ofortydbart sått” kunna godkjenna ein
Ting, som .det ikkje held for rett og

endefram mot Kongens eigne Ord.

lagleg?

Nei, alt dette er no for seint!

Norigs Konge hev teket upp Stri-
den med Norigs Storthing — den meg-
tigaste Repræsentantforsamling i Buropa
— og med Norigs Folk, naar ein reknar
ifraa ein Flokk Embættmenn og deira
Venner i Kristiania og nokre andre
Stader, og i den Striden hev han no,
under Jubel fraa denne Klikken
”brennt sine Skip.”

Naa ja — maa han utkjempa den
Striden! Det svenske Folket kann ingen-
ting gjera i den Sak, korkje til elder
fraa, og det dess mindre, fordi Kongen
nok ikkje vil, at ein fraa svensk Sida
blandar seg inn i hans norske Politikk
elder gjev honom Upplysningar og Raad
um den. Me kann berre prisa oss sæle,
fordi Sverigs Konge styrer etter andre
Grunnsetningar, med di me veit, at
hans so-kallade ”norske Politikk”, brukt
i Sverig, vilde føra til plent dei same
Ugreidur, som den hev avlat fram i

Norig.”

Irrig i Tenesta. Fædrel. skriv:

”Efter hvad der er os meddelt, er
17de Mai-Foreninger under Dannelse i
flere Bygder. Vi vilde anse det meget
ønskeligt, at de snarest muligt blev
dannet i hver eneste Bygd i Landet.
Det gjælder blot at tage hurtig og kraf-
tig fat! Vel begyndt er halv fuldendt.

Stillingen i vort Land er nu bleven
den, at hver eneste Mand maa træffe
sit Valg, hvor han vil staa: enten paa
Forfatningens, Lovlydighedens og
Fredens faste Grund eller under Re-
publikens og Revolutionens røde
Merke. Thi Niendejunipolitiken viser

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free