- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
106

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

&
106

Fedraheimen.

Sde Juli 1882.


med han. For Kristian Bliland var
ein vyrd Gut i Klassen, av di han var
flink — og sterk.

Men Daniel kunde aldri lika seg
rett paa Skulen, og heime hadde han
altid so mykje aa gjera. Istadenfor
aa gaa og spenna paa Gata, som han
hadde drøymt um, maatte han sitja
inne paa det tronge Kotet sitt hjaa
- Hans Nerstad og lesa, og han hadde
ikkje so mykje som ein Sofa aa kvila
seg paa, dessmeir. Fin gamall Tre-
stol med fire Føter attmed eit gamalt
skralt Kjøkkenbord, det var heile Sta-
sen, og paa Veggen hekk Karl Johan
med ei uhorveleg lang Nos og stirde
med sure Augo mot Døri; for han
hadde set betre Dagar og likad seg
ikkje her, og det gjorde ikkje Daniel
helder. Men det som verre var: han
totte ikkje sjølve Byen var so gild
som han hadde tenkt. Det var i Haust-
bløyta; og Regnet var likso surt og
Søyla likso blaut her som heime. Dei
kvite Husi stod skitne og gaarutte av
Kolrøyk og Væta og var ikkje det
Grand himmelske aa sjaa paa. Ikkje
eingong Paradiset ved Innferdi tok seg
ut i den graae Haustdagen.

Ein annan Ting var det. og, som
Daniel vart fælt leid for, og det var,
at Byklædi hans ikkje var som dei
skulde vera. Naar han kom i Lag
med dei andre Gutarne, saag han sjølv,
at han var Bondetamp. Seint og vrangt
gjekk det med aa skifta Maal og.

Men det kom seg visst av, at han budde
hjaa Hans Nerstad. Hans Nerstad var
nemleg fraa same Bygdelaget som Da-
niel, og var i Grunnen Bonde enno,
og ho Rebekka, Kona hans, like eins,
so Daniel skjemdest for aa snakka fint,
naar dei høyrde det. Hellest hadde
han det i Grunnen godt her. Maten

fekk han væl stellt, mykje finare enn!

heime, og naar hansikkje las, kunde
han sitja nedi den logne, stille Stova,
der Rebekka sat og saumad heile Etter-
middagen, og sjaa ut paa Gata, elder
han kunde gaa nedi Kraambudi og
høyra paa Bykjeringarne, som gjekk
og handlad for 1 i Saape og 1,1
Stivelse og fortalde Bynytt, elder paa
Bønderne, som kom inn fraa Landet
med Jordeple og Smør og tok Kaffi
og Tobakk istaden. —

Hans Nerstad hadde som sagt voret
Bonde. Han hadde aatt ein god og
nokonlunde stor Gard, som Far hans
hadde arbeidt upp, og han hadde ervt
Pengar og etter Far sin. Men denne
Vælstanden gjorde, at Hans Nerstad
ikkje lenger vilde vera Bonde. Det
var lettare og gildare aa liva i Byen,
og so selde han Garden sin og vart
Bymann. Han sette seg til med ein
liten Høkerhandel. Handel var hellest
ein Ting, han ikkje forstod seg paa;
- det var berre so vidt.han paa vanleg
Bondevis kunde rekna og skriva; men
Handlar vilde han vera; for det var
slikt eit lettvinnt Liv. So sat han daa
der i den myrke Kjeldaren sin Aar
etter Aar og selde Sild og Smør i
Skillingvis; smaatt gjekk det, og
kjeidt var det, so det var nok ikkje
fritt, han stundom tregad Garden sin.
I seinare Tid vart det lagt Merke til,
at han feitnad, og vart raud i Nak-
ken og posen under Augo; han hadde

nok lagt seg paa Ølflaska. Men det
gjekk svært fint. —

Det var eit surt Arbeid aa lesa
etter. Fyst maatte Leksa for Dagen
lærast, for den hadde ein Bruk for til i
Morgo; men deretter aa setja seg til og
stræva med Ting, som ein ikkje hadde
til Leksa, og som ein ikkje hadde
Bruk for til i Morgo, og det paa ei
Tid, naar dei andre fekk gaa ute og
driva, det var altfor ille. Og det vart
ingenting av. Daniel kunde i Grunnen
ikkje læra det, som han ikkje hadde
til Leksa. Det varde ikkje lengje, fyrr
han totte han kunde taka seg fri for
dette Arbeidet ein Dag imillom; og
sidan vart Fridagarne fleire og fleire,
og dermed Arbeidet tyngre og tyngre,
tildess han endeleg leet det gaa i Gløy-
meboki. Han slog seg til Ro so godt
han kunde. Men han vart gangande
all Tidi sidan med uheilt Samvit, og
med ei gnagande Kjensla av, at han
var etter dei andre og ikkje hadde
sine Saker i Orden.

Den, han no hadde aa halda seg
til, og som han jamt gjekk til i sine
Fristunder, var Kristian Bliland. Denne
snakkad ikkje stort, men han hadde
Bøker, som han las upp av, mest
”Folkevennen” av Ole Vig og annat
dilikt. Her fann Daniel att mykje
av dei Tankarne, han hadde lært av
Kapellanen. Og det var som han trudde
endaa meir paa desse Tankarne no,
daa han saag, at der var fleire um
dei, og at dei var aa lesa paa Prent.

Sidan kom han ofta fram med Ting,
som Kapellanen hadde sagt, og som
han visste, Kristian vilde lika. Det
var ikkje altid han sagde, kor han
hadde slikt ifraa; stundom visste han
det kanskje ikkje klaart sjølv.

Det, som Daniel sjølv kunde finna
ut, vaagad han sjeldan aa koma fram
med; for naar han skulde segja det
til Kristian, totte han for det meste
det vart so dumt. Men stundom sette
han det fram liksom paa Skjemt, so
han kunde læ det burt; um Kristian
ikkje godkjende det. Men tok Kristian
det for godt, vart Daniel heiltupp sæl
og totte sidan sjølv, at det var godt sagt.

Paa same Maaten hadde Daniel det
med Hans Nerstad og Rebekka i dei
Ting, han kunde snakka med dei um,
ja I Grunnen med alle. Han maatte
altid hava nokon aa halda seg til, og
han vaagad aldri aa tru tryggt paa
nokon Ting, utan han visste, at andre
og trudde det, — liksom han paa
Skulen aldri var fullstød um Svaret
sitt, fyrr Læraren hadde sagt, at det
var bra.

Hadde ikkje Daniel havt Kristian
i denne Tid, og Bøkerne hans, so hadde
han visst gløymt alle sine gamle Drau-
mar. Skulelufti her var ikkje sunn
for dei. Det var eit underlegt Hol,
denne Latinskulen. Alle Gutarne var
so vituge og so vaksne; dei kunde flira
og læ aat all Ting, men hadde visst
aldri drøymt um annat enn Karak-
terar. Dei visste, at i denne Verdi
galdt det um aa klara seg, og etter
den Visdomen livde dei. Dei syntest
vera plent like sæle, anten dei lærde
nokot elder ikkje. Det var som Kunn-
skapen i seg sjølv ikkje vedkom dei.

Der var berre Spursmaal um, kva som

var lett elder vrangt aa klara seg 1.
Og det kvittad dei eitt, anten dei kla-
rad seg paa ærleg Maate elder med
Fusk. Ja dei, som var drivne i aa
fuska, galdt for heile Mynstermenn og
gjekk og kjytte av sine Fantestykkje
for kven som vilde høyra. Men dei,
som var strævsame og trugne til aa
lesa, vart tidt og ofta gjorde til Narr
av dei ordførande Overlabanar i denne
Grønkaal-Klassen.

”Til i Dag hev eg ikkje leset det
minste Grand!” skreik dei i Munnen
paa kvarandre, naar dei kom paa Sku-
len um Morgoffen. Og so’trættad dei
um, kven som hadde leset minst. Men
naar dei kom upp, klarad dei seg for
det meste like væl, og Daniel vart
baade forundrad og modlaus yver dette;
for slikt kunde ikkje han gjera.

(Meir.)

Det konstitutionelle Styre vinn seg
fram i England.

(Framhald fraa No. 23).

I den engelske Utanlands-Politik-
ken vart det og heiltupp eit Skifte.
Og her iser er det, at den ”store Ora-
niaren” stig fram att. Wilhelm * var
ikkje mykje avhalden i England. Dei
hadde imot han, fordi han var Utlen-
ding, og fordi han stundom vilde taka
seg for stor Magt mot Parlamente.

Og Wilbelm paa si Side kunde ikkje

helder rett lika England, kringsett
som han var av stygge og hatefulle
Svikraader og med mest alle Parti
imot seg. Holland, Fødelande hans,
aatte hans heile Hug. Den engelske
Maaten aa vera og. te seg paa mislika
han av Hjartans Grunn. Men som
væl var, gjorde ikkje denne ymsesidige
Motviljen nokot i dei store Spursmaal.
Wilhelm var ein Sogehelt av fyrste
Slag. Han var Beraren og Fullføraren
av ein vigtig historisk Tanke. . Han
hadde vaksi upp under stendig Fiend-
skap og Plunder fraa Ludvig XIV.
Som Stathaldar i det frie og prote-
stantiske Holland hadde han tidleg
lært aa sjaa det som sit høgste Livs-
maal aa bli Forkjemparen tor alle frie
Statar og reine Truer og aa felle
Overmagti aat det franske Einevelde,
som stræva etter Magti yver heile
Heimen. Aa vinna England hadde
serleg vori so- ynskjande difor, at han
daa kunde føre Striden mot Ludvig
med so mykje større Kraft og Vin-
ningsvon. Wilhelm sa det Gong paa
Gong 1 Parlamentstalur, at Striden
mot Ludvig var den Fyreloga, som
England hadde fengi for aa halde den
europæiske Fridomen uppe. Snart stod
han difor paa Slagmarki mot den gamle
Fienden sin att. Krigen varde i mi
Aar og slutta med Ryswick-Freden.
Det var ein dyr Krig, og jamvel ulyk-
keleg i det heile; Holland vart herja
og England gjekk atterut i Velstand
og Folketal. Men det er vist, at hadde
ikkje Ludvig havt nok aa gjera i
Flandern, vilde han ha prøvt seg mot
England sjølv. Og kven kunde ha
sagt, kor det daa hadde gjengje, naar
Flaaten var so veik som daa? — Der-
etterpaa kom Flokanne i den spanske
Ervekrigen. England syntest lite huga

paa den; men Ludvig var uklok og
eggja England upp ved aa lata Sonen
aat Kong Jakob rope ut som den
einaste rette Kongen i England, daa
Far hans var daaen.

No budde England seg berre so
mykje kvassare til Hærferd. Wilhelm
dreiv hardt paa og fekk istand eit stort
Samlag med Keisaren og Sjøstatarne.
Nordlandi stod mot Sudlandi. Des-
verre døydde Wilbelm alt i Fyrstningi
av Krigen (den 19 Marts 1702), midt
under storfellte Planar og Formaal.
Marlborough og Eugen hausta det,
som Wilhelm hadde saatt. Freden i
Utrecht i April 1713 vart slutta i eit
myrkt Tidskifte og av smaavorne Stats-
menn, og vart difor ikkje so ærefull
og frugtrik, som han kunde ha voret,
um Wilhelm badde styrt; men Magti
aat Frankrik var og vart øydd. Eng-
land hadde vunni att si gamle Stilling
i Verdi.

Dronning Anna kom etter Wilhelm;
ho var godlyndt og snild, men hadde
ikkje store Gaavur og var veik, lune-
fengji og kvinnfolksleg. Ho hata den
daane Kong Wilhelm og alle Logjer
og Skipnadar, som han hadde fengje
i Stand. Ho var uppvaksi i den strenge
engelske Høgkyrkja og godkjende nok
Revolutionen, fordi den etter hennar
Meining var ei naudsynleg Sjølvverjing
for Protestant-Trui; men det, som
hellest fylgde av Revolutionen, vilde
ho ikkje vita av. Kongemagti var ende-
fram guddomeleg for henne, og den
religiøse Fridomen tykte ho var usøme-
leg Veikleik. Dei, som hadde Ser-
meiningar i Trui, var Kjættarar og
vantrue etter Synsmaaten hennar, og
Whigganne var beintfram Republika-
narar.

I Grunnen var ho heilt ut ”Tory”,
og det var berre Hertuginna av Mal-
borough, eit styresjukt Kvende, Ven
av Dronningi, som gjorde, at Toryanne
ikkje strakst fekk heile Magti. Whig-
ganne vart fellde, daa Lady Marlbo-
rough misste si Magt og Lady Masham
kom i Staden hennar. Den villaste
Partistriden æste no upp. Fraa alle
Kantar og Krokar lyfte Jakobsmennerne
seg og vart studde av Dronningi i
Løyndom. Høgkyrkja nytta Tilføre,
preika Hat og Forfylgjing fraa alle
Preikestolar og øydelagde Bedehusi aat
dei sertruande. Det saag mest ut til,
at alt det, som Revolutionen hadde
vunni, no stod paa Kast.

Men som Lykka var hadde dei nye
Seder og Tilstand alt rota seg for
djupt. Og dei vart berre so mykje
sterkare ved den Striden, dei no maatte
gaa igjenom.

Iser synte dette seg tydeleg, daa
det var paa Tale aa faa burt Logi
um Trufridom. No let det seg ikkje
negte, at Logi, slik som ho vart sett
under Wilhelm, hadde ein stort Lyte.
Dei sertruande (Sekterne) hadde visse-
leg sin fulle Fridom; men dei, som
vilde inn i Rikstenesta hell i Parla-
mente, maatte taka Nattverden etter
høgkyrkjeleg Skikk. Dette vart snart
berre ein tom utvortes Skikk; Folk
gjorde det ein Gong og vart sidan like
godt verande i si eigi Serkyrkje. Dette
var no unegteleg aa hæda Logi; det
var ei Lygn og eit Skrymt, som Staten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free