Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
K
|
118
Fedraheimen.
29de Juli 1882.
Livius, Gutter! Aa! det fins ikke slik
Mann paa Jora som Livius! — men
naar dei skulde til aa betala, so...
han i Dag og. Han var ein gamall
fatik Mann, og i Dag, — ”vet Dere kva
som hendte mig i Dag, Gutter?” — Jau,
i Dag, fyrr Fanden fekk skott seg,
i denne heilage Morgonstund, — hadde
Gammeln havt ”Besøk”, sagde han,
— ”Besøk av to svartklædte, høflige
Mænd” . . . ”og Dere vet vel, Gutter,
hva det har paa sig aa faa Besøk av
to svartklædte høflige Mænd paa Morra-
kvisten? .. . og vet Dere det ikke,
saa gid Dere aldrig maa faa vite det.
Har Dere Penger Gutter?” — Gutarne
Jo, og dei, som hadde Pengar, kom
med dei. Vestelommer og Pungar vart
vrengde og krengde rundt alle Pultar;
ein fann tvo Dalar, ein annan tri;
some var rike og kom med Femmaren
full; og Gammeln nappad til seg alt,
han fekk Klo i, liksom han var rædd
dei skulde taka det ifraa han att.
Men dei, som ikkje hadde nokot, tagde
og liksom gjøymde seg, elder dei gjekk
fram og orsakad seg og sagde, at dei
skulde betala i Morgo.
Av dei, som orsakad seg, fordi dei
ikkje hadde Pengar, var det ein, som
Daniel lagde Merke til, av di han for-
svarad seg so godt. Det var Olai
Bruvik. Han fortalde ei Soga, som
var so rimeleg, at det kunde godt
henda ho var uppdiktad; men som han
der stod, so høfleg og grunnskikkeleg
trygg paa aa greida seg, med eit ær-
legt, opet Andlit og klaare usvikelege
Augo, myrke, blide, fulle av Bøn, —
so maatte ein taka hans Ord for
gode, anten so ein trudde dei elder
ikkje.
Daniel kjendde, at han misunnte
Fyren denne store Gaava til aa greida
seg. Men um Gammeln tenkte han,
at, dersom alt Folk kunde taka Penge-
spursmaalet som han tok det, berre
med Leik og Skjemt som paa eit Tea-
ter, so vilde Verdi langtifraa vera so
vond aa liva i som ho var. —
No læste Gammelen Døri upp att.
Latintimen skulde byrja.
(Meir.)
Brev til «Pedraheimen*.
5te Juli.
Gode ”Fedraheim”.
Eg set berre Datum yver Brevet;
det er vel ikkje verdt aa setja Namn
og Bustad, no, me liver under eit
”Kamp-Ministerium”, Gud betre, for
eg ser baade den eine og andre ryk i
no um Dagen, naar han etter gamal
norsk Skikk segjer si Meining. Som-
merfeldt, Gløersen, Hægstad, Sørensen,
Hjelmstad, Løberg,
berre Bjørnson og Bruun og slike Stor-
Kultar gjeng fri, for slike tore dei
ikkje nappa, men Smaafolk er det
ikkje greidt fyr:
”Under Felden tungt dei tenkjer,
Tagnad er paa Folket komet.”
For so gjeng det, fær ein ikkje
tala, tenkjer ein so mykje meir. Slær
det ikkje ut, slær det inn og legg seg
paa Hjartat, men det er Von um, at
«stor Gjerning. .
Ja, han vilde ikkje segja annat enn
dei hadde voret snilde imot han alle
ihop; men no fekk dei vera snilde mot
,|i beste Manndoms-Alderen.
Gud trøyste dei;|3
det, som legg seg paa Hjartat aat eit
heilt Folk, skal eingong slaa uti ei
Naar den Dagen. kjem,
trengst. det, at levar Mann gjer sin
Skyldnad, men endaa ei Stund er det
vel best, at ein ikkje vaagar seg sö
langt, at en vert ufør, naar Stor-
Slaget skal staa. ”Eg tarv baade Hen-
derne, der eg eig heime”, og Norig vil
— |rettno trenga kvar einaste Mann, som
kann bruka anten Arm elder Tanke,
skal me tru Bakstrævar-Bladi her og
1 Sverige.
Helst lyt nok Maalmennerne agta
seg. Det er stygt aa vita, kor ille
det hev glisnat i Maalmanns-Flokken.
Son hans Tormod Knutsson, som Vinje
hadde so god Tru til, sloknad tidleg
Dags. Henrik Krohn strævad trottigt,
men so rakk han ikkje lenger og tær-
dest burt. Vinje var komen ”under
Gauketre” og hadde so nær fenget det
sutlaust, men so vaagad ikkje Stor-
tinget seg til aa hjelpa, Vinje fekk
Sorg og lagde seg fyre paa Bonde-
bygdi og gjekk eismal til Kvila ei
fager Sumarnatt. Klæbu fekk Tæring
og gjekk med. Hjelmset hadde nettupp
rustat seg til Strid og synt, at han
baade kunne og vilde; so fekk han
Lungesott og strauk med. Halvor Lie
kvad ein Gong, liksom Svana, og der-
med dukkad han under. Fjørtoft vart
forfylgd og svivyrd, fekk sistpaa Lunge-
sott og strauk med. Ein stor Flokk
av dei beste Mennerne fylgde han til
Gravi, men den Æra kom ein Maanad
for seint. Per Bø vart teken fraa oss
Eberg gav
ein fager liten Blome, fekk Lungesott
og døydde. Fleire gode Menner hev
faret til Amerika, ein av dei fyr eit
Brot, som truleg ein annan hev gjort;
han var for rein og skuldlaus til aa
greida seg ut or ein Floke, som andre
lokkad han upp i til aa fri seg sjølve.
Med Arne Garborg gjekk det i Stor-
tinget som med Vinje. Eg hev den
Voni, at Garborg ikkje vil unna vaare
Fiendar den Gleda aa tærast burt
liksom Vinje, men at han vil liva
endaa i mange Aar til Gleda fyr oss
og til Forargelse fyr hine.
Me lyt spara oss nokon kvar no,
me hev so faa aa missa. Det er so
litet Mun i, um Færden og Heuch
fylgjer Garborg elder ein annan av
oss til Gravi og kallar han fyr ein
ærleg Motstandar og gaaverik Strids-
mann fyr det, som han heldt fyr Rett
og Sanning. Mykje betre er det aa
liva, tola Spott og Haan ei Stund og
arbeida til me vinn. Kannhenda hev
me daa so mange Vener, at det ikkje
trengst um ein kongeleg Fullmegtig
til aa tala um oss som ”afdøde ube-
kjendte” ved Festen til ”Fædrenes
Minde”. Me kunne vel endaa liva,
til den Dagen kjem, daa ein Ven kann
egja oss Farvæl so vidt, at ikkje
Dørerne til Valhall skal renna etter
Hælom paa oss.
Det er heitt no um Dagarne. Der
er komen slik ØL i Vedret; sume segjer,
det kjem seg av di, at Kongsmagti
hev brennt Skipi sine. Dagen etter
Kongen kveikte Eld paa Skipi sine,
bar det til aa brenna i Kjøsteruds og
Breiens Dampsag, og sidan hev det
voret so steikande heitt, so Folk glyttar
paa Døri, rett som det er. Det vert
vel Slutt paa den grøvste Vermen til
Hausten, naar det lid ut i September,
og det skal vera Val.
Men kyat skal so Kongen Sigla
ma no ”paa Fridomens huskande
Hav?” Sjøen er laust Fotspenne, segjer
dei, men Selmer hev vel tenkt paa
det. Er Selmer likso god Sjømann,
som han er Statsmann, veit han vel
Raad. Men aa sigla paa eit ”Morgen-
blad”, det gjeng (segjer Rektor Ott)
godt,
men ikkje lenge. (Meir.)
«Ei Vrkjedags-Soga.*
(For ”Fedraheimen” av T ...—).
”Godt Nytt, Signe!” ropad Thomas
til Kona si, daa han steig inn i den
vesle Stova, der ein nett Kveldsverd
stod paa Bordet. ”Eg hev vorte Upp-
synsmann paa Verket; Løni mi er dub-
blad fraa no av.”
”No! det kallar eg godt Nytt, Tho-
mas!” kjimde Sally i, ljosnande av
Gleda; ho sette ein Talrik steikt Skinka
med Egg fram aat Mann sin og slo i
Tevatnet aat honom. ”Men det er no
hellest ikkje meir enn Du fortener,
um eg skal segja det sjølv. Eg: sa
til Martha hin Dagjen, daa ho gav
meg dei nye Skantarne te Skjurturne
dine: ”Martha, segjer eg, eg trur ikkje
det drygjer lengje, fyrr Fabrikeigaren
vil sjaa, kva Thomas er verd, — og
no synest det alt!”
”Aa, — naa ja; — Eg hev drivet
paa, det eg hev’ orkat,” sa Thomas;
”det er ikkje mi Vis aa skulka unda.
Og no kan me freista aa spara ihop
litegrand til komande Dagar.”
”Ja, — og Du vil vel ikkje, at eg
skal plaga meg med den Skjurtesau-
mingji for gamle Jøden heller, no, daa
Du er Uppsynsmann?” spurde Sally.
”Eg hev" aldri nøydt Deg til det
Yrkjet. Det var din eigjen Tankje,
Sally,” sa Tom.
Sally hadde tent fire Dalar um
Vika med denne Saumingji i Fristun-
derne sine, og det hadde voret Utko-
met hennar til Klæde aat seg sjølv og
Leikur aat Borni. Men den Kvelden
gjekk ho med Resten av Saumingji og
sa til Jøden:
”Eg treng ikkje meir Sauming.
Mann min er vorten Uppsynsmann i
Fabrikken.”
”Det var gjildt det,” så gamle Isak;
medan han tok imot Knytet og talde
upp Betalingi. ”Det var reint ei Lukka;
— men du vilde staa deg paa aa sauma
korso. Fire Dalar er fire Dalar, og det
dreg i Lengdi.”
Det gjerer so”, sa Sally;
treng det ikkje lenger.”
Den, som vardt glad Morgonen
etter, det var ei stakkars Ekkja, som
ei lang Tid hadde freistat aa faa nokot
Sauming. Og Sally sullad og song
ved Husyrkjet sit all Dagen. Bg vil
hava meir Hugnad no, ganga meir ut,
og drikka oftare Kaffe med Martha
Dokkji, tenkte ho. — Den Kvelden kom
ho fram med eit nyt Forslag til Tom.
”Tom?, sa ho, ”dette er reint em
uhøveleg Bustad for ein Uppsynsmann.
Eg hev spurt upp ein hugnalegare
”men eg
i andre Gata. Den kostar bert fem
Dalar meir um Maanaden — enn denne.
Det vilde vera morosamare. Me kunde
i hava ei liti Storstova der og finare
Grannfolk. Du lyt halda Hovudet lite-
grand høgare no, Tom!”
”Eg skal ikkje verta stor paa det”,
sa Tom, ”men fem Dalar meir i Maa-
nadsleiga vil ikkje skakka meg. Lat
oss taka den Plassen.”
Plassen vart leigd, men Innbui fraa
gamle Bustaden kvarv burt der; Stor-
stova var tom.
”Vel er det so”, sa Sally, ”at me
ikkje kann bitala paa Haandi; men
der er ein Snidkar burti Gata; der
kann ein faa det ein vil paa Borg,
med Avdragsbitaling kvar Maanad.
Eg kunde godt faa det me treng, paa
den Maaten.”
”Ja me lyt vel hava det”, sa Tom.
”Ikkje vert no øydsli Sally.”
”Eg øydsli!” ropad ho.
Og sannt aa segja, so hadde hoe
aldri voret det. Men hjaa Snidkaren
visste dei vel, at Vikeløni aat Tom
var dubblad, og dei var so smiskne
og rimelege, at fyrr Sally visste av
det, so hadde ho kjøpt for yver hundre
Dalar i Innbu.
”Avdi De ikkje kann betala meir
kontant, Madam”, sa Snidkaren, ”so
lyt eg hava tie Dalar Maanaden.”
Tie Dalar kvar Maanad — 1 eit
heilt Aar! Det kvakk i Sally, daa ho
tenkte paa det. Men Tom spurde ikkje
etter, og ho styrde Pengarne. No vart
Storstova skinande fin med raude da-
mask-dregne Stolar og Sofa’ar, Bord
med Marmorplata, Oljebilæte 1 gjylte
Ramur, og dei finaste Gardin, som
finnast kunde.
Vener kom og kjytte, og Madam
Larsen fann det ikkje vel høvelegt
lenger aa vera so kjend med stakkars
Martha Dokkji. Martha kjende det
paa seg strakst. Ho kom ikkje meir
i det nye Huset, og Sally tapte sin
trugnaste Ven.
”Kvi kjøper De Dykk ikkje ein
Silkekjole no, Mannen dykkar hev slik
Fortenest?” ropad Kdæhandlarfruva til
Sally ein Morgon.
”Aa, me hev øydt so mykje for aa
faa oss istand no, at eg tenkte aa
drygja eit Bil,” svarad Sally.
”Pytt! drygja? Me gjev paa Borg”,
ropad Fruva attum Disken. ”Me kjen-
ner Dykk, og veit, De hev Raadi. Her
er nokot ægte godt Silke med høveleg
Fløyelspynt, og gjylte Knappar, og ein
Hatt pyntad etter Kjolen. Dei brukar
alt likt no, veit De. Og so hev me
framifraa Handskar! Berre tak, etter-
som De likar! De kann betala, naar
det fell seg!”
Sally evad seg, saag paa Fruva og
saag paa Varurne, og slutad med aa
gjera Handel. Snart vart Rekningi
stor i den Budi; for Borni laut vera
likso fine som Mori. Og kvi skulde
em ikkje kjøpa? Det var so maklegt
aa segja til Fan Schæfer: ”Send det
heim til meg.”
Og utan at Tom visste av rldet. kom
den Dagjen, daa Sally maatte stræva
aa betala, nokot litet her og nokot
der, for aa halda Kravshavararne ifraa
seg. Ho ventad no mykje saarare paa
£
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>