- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
129

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
Betaling fyreaat.

med Porto og alt.

> og OS

Fit Blad aat det norske Folket,

Lysingar kostar 10 Øre Petitlin-,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No: 33,

Kristiania den 19de August 1882.

6. Aarg.

ITTIEEE

Bondestudentar.
Av Arne Garborg.

(Framhald.)
Haugum og Ortvedt hadde lagt seg
upp litt Pengar som Skulemeistrar;
her inne hadde dei fritt Husver hjaa

. æin Kjenning, og dei vilde paa den

Maaten klara seg fram til Artium utan
aa koma 1 Skuld. Det var fleire, som
hjelpte seg fram sjølv, og det stundom
paa verre Vilkaar. Ein sagde dei
livde for seks Dalar Maanaden, ein
annan meinte dei livde av ingenting;
ikkje so faae hadde Arbeid ved Sida
av Lesningi, so det var utrulegt, at
dei kunde halda det ut. Daniel kjende,
at han kunde ikkje hava det slik;
— men samstundes hadde han ein
Vyrdnad for desse Arbeidsmenn, som
mest vart til Ovund. —

Fleirtalet av dei Bondegutarne, som
her gjekk, var Folk, som laante seg
fram; andre vart hjelpte 1 Veg av
gode Folk. Berre ein og annan, som
Aslak Fjordan elder Simon Husmo —
Simon Husmor, som Ortvedt sagde
— hadde Pengar sjølve, elder hadde,
som Jens Rud, ein rik Far til aa hjelpa
seg. Men some av dei, som livde av
godt Folks Hjelp, hadde eit mindre
godt Ord paa seg elder galdt for mindre
Menn; snart var det veike, karakter-
lause Vimringar. som leet seg stempla
og binda i baade Vilje og Tanke av
dei, som dei tok Hjelp av, og snart
kunde det vera Skarvar reint ut, som
gjekk til Prestar og snilde Folk og
slog Mynt, laug som Hestehandlarar,

og brukad Pengarne upp til Rangel
og Visvas.

Slik ein Kar hadde f. Eks.
den Rødberg voret, sagde Ortvedt.

Dei, som hjelpte seg sjølve, skulde
i Grunnen vera best farne. Men med
dei var der det, at dei vart so gamle,
og tidt helseslitne, fyrr dei naadde
fram. —

Var Haugum Førar for dei folke-
lege, so kunde ein endaa meir segja,
at Jens Rud var Førar for dei radi-

kale. Daniel trudde lengje, at Jens
Rud var ein Presteson. Han saag
ikkje ut som Bondegut; han hadde

ikkje dette breide, dette . . . kraftige
yver seg som dei, og serleg var And-
litet altfor fint, og Munnen for klaart
formad. Endeleg fekk Daniel vita, at
Jens Rud var Son av ein Storbonde
her upp av Kristiania, og han totte
det var merkjelegt, at ein slik kunde

vera radikal.

Til Ruds Flokk høyrde Halvor Mo-
sebø, ein liten rundryggjad, gulbleik
Teledøl med ei Nos som ein Sadel og
eit Par myrkgraae, tungsindige Augo,

TETTE TTS TET

som syntest smaae under dei hen-
gjande, posne Augnelok; men i Augne-
krokarne lo det stundom; for Halvor
Mosebø var eit kvikt Hovud. Daniel
fekk imot han, fordi det viste seg, at
han kunde meir Historie enn han sjølv
kunde; men det gjorde, at Daniel tok
til aa lesa Historie att. Dessutan ”Sven
Dufva” elder Per Brageland, ein høg,
nakkebøygd Gut med tvo klaare, rædde
Gaselle-Augo, truskyldig og snild som
ein Saud. Han var ”Pughest”, høyrde
med til desse Maurarne, som tagde
og strævad, tagde og strævad, forstod
ikkje alt, men sette det 1 seg, grov
seg stillt gjenom Bok etter Bok, gjenom
Eksamen etter Eksamen, — ”indtil
de endelig bleve salige,” som Olsen
den fyrste sagde, d. v. s. til dei fekk
seg eit Kall der nordpaa elder vest-
paa, fordi dei var so gamle, elder
fordi dei hadde Kone og Barn aa for-
syrgja. Um Per Brageland hadde Jens
Rud sagt: at ”ett dåligt hufvud hade

han, men hjertat, det var godt; -og

sidan vart han heitande Sven Dufra.
Endeleg reknad dei Markus OQlivarius
Markussen med til ”Ruderne”, mest
fordi han var Maalmann, Det var ein
herdebreid, haarfager Trønder, ivrig
og smaagløgg, med mange Hm)
snar til aa læ, ei livleg Sjæl. Han
og Halvor Mosebø budde ihop; dei
”disputerad og lo, og disputerad og
drakk Øl,” sagde Olsen den fyrste;
men greidde seg gjorde dei like godt.

Ranglefantarne var helst aa finna
millom dei ”meiningslause”, sagde Hau-
gum. Der var Isak Abrahamsen Op-|]
jorden — som tilslutt vart teken heim
fraa Skulen, og der var Bent Bu, ein
Fyr, som sjeldan var aa sjaa. Olsen
den fyrste og Simon Husmor hadde
nok og sine ”Øl-Rider”, men det var
berre ein Gong imillomaat. Olai Bru-
vik, som altid hadde same Meiningi
som den, han talad med, laag etter
alle dei Tenestgjentur, han saag, og
kvar Gong han fangad ei, vart ban
burte fraa Skulen i 8 Dagar fortalde
Ortvedt. —

Fraa Tarald Ruste fekk Daniel

ender og daa Brev um, at han maatte
spara. For spart var spart, og Lan-
det var fatikt, og Fmbættsmennerne
livde altfor feitt.
Gong og fortalde, at alt stod godt til,
og at han mest ikkje kunde klara seg.
Ingen skreiv um det, som Daniel brydde
seg um aa høyra: ingen skreiv um
Inga. Daniel sende tvo Gonge Brev
til Judith og prøvde aa faa henne til
aa fortelja fraa Holms; men den Døla
forstod ikkje Meiningi.

TT SKIIIEEEET

Lias skreiv ein hente |.

Pengar fekk han berre so vidt han
kunde baska og liva.. Stundom naadde
ikkje Sendingarne ihop, og so maatte
han laana. Men det var ikkje faar-
legt; han visste han kunde betala.
Og han vart altid bergad. Best var
Austlendingarne aa beda um slikt;
Vestlendingarne var meir kloke. —

— Ein Dag kom Jens Rud til han
med ei kjærleg Helsing fraa Kapellan
Hirsch; Daniel raudnad. "Kjenner
De Kapellan Hirsch?” spurde han.
"Ja, — han er gift med Syster mi,”
svarad Jens. ”Aa; — so.” Men
Daniel kjende seg styrkt av denne
Helsingi, og han lovad seg sjølv paa
nytt Lag, at han ikkje vilde gløyma
sin gamle Lærar. —

Vaaren var endaa lenger her enn
heime. Det tok tii aa letna alt i
Marts, med varm Sol og høg, ljos
Himmel; men so kom April med Vinter,
og daa- den sluttad, og det rett tok
til aa verma i Bakkarne, so kom Mai
med sin kalde Nordanvind, som aldri
fekk Ende. Jau, til siste Slutten rann
Juni upp, — Juni med si kvite, glo-
heite Sol og sin tette Ølrøyk burtyver
Fjorden og dei fagre Aasarne. Og
Sumaren sprang ut paa ei Nott. —

Men daa var det likso ille. I Byen
vart det so varmt som i ein Bakar-
omn, og ein kunde lite pusta.

Daa Daniel hadde lengtat so lengje
etter Frimaanaden, at han hadde lengtat
seg leid, — so kom Frimaanaden med.
Daa var dei som blesne burt, alle dei
underlege Fuglarne paa Heltbergs Fa-
brikk, og Daniel gjorde seg ikkje drjug
han helder. Det skulde verta ein for-
underleg Ting i Grunnen: aa koma
heim som Kristianiamann. —

— Inga Holm var bleikare no og
høgare, men ikkje mindre søt. Dette
Drag av sorgmild Lengt, denne Daam
av blid, elskhugssaar Drøyming, laag
yver henne enno som eit Huldreslør.
Men kvi var ho so bleik, den vene
Møy? Hadde ho Sorg? Gjekk ho i
ein Lengt, som ikkje fann Ord? Kunde
ho ikkje sova um Notti for Tanken
yaa sin Ven? Og Daniel kjende Bringa
si gaa full av søte Straumar ved den
Tanken, at kanskje var det honom,
ho bleiknad burt for i Løynd. Men
. dersom det no var ein annan?
Og kor rimelegt var ikkje det. Daa
vart det graakaldt og tomt ikring Da-
niel, og inni Bringa hans vart det og
graakaldt og tomt, med smaae, rivande
Styngjer.

Han sat uppe i Skulemeistarstolen
i Dag, til eit Merke paa, at han no
var komen upp yver Aalmugen. Og

han sat der og gjorde Kur til Inga
Holm paa Avstand som i gamle Dagar.

Men ein uventande og forunderleg Ting
hende honom 1 Dag. Daa Messa var

slutt, kom gamle Klokkar Holm og

bad han med seg heim til Middags.
Daniel vart blodraud og reint fortryllt.

”Takk ..., Takk,” sagde han, og visste

det ikkje. Han tenkte med ei hard

Hjartebanking paa, at kanskje var det

Inga sjølv, som —! Og saman med

ein av dei eldste Skulemeistrarne fylgde

han med bivrande Hjarta Klokkaren

heim. Se

Gamle Holm var fornøgd med Da-
niel. Guten hadde ikkje forandrat seg,
so vidt han kunde forstaa. Utan i
Maalet, naturlegvis. Dei sunne Grunn-
setningarne, som han var heimangjord
med, hadde han haldet fast paa; og:
han hadde ikkje vortet uppblesen. Han.
heldt med Klokkaren i all Ting, og
gamle Holm vart mest staut av aa faa.
slikt Medhald av ein Mann, som ein
daa snart kunde kalla lærd.

Mons Skulemeistar tagde for det
meste. Berre ender og daa kom han
stikkande med eit lite Spursmaal um
eit elder annat, som han lengje hadde
ynskt aa faa Greida paa av kunnige
Folk. Daniel svarad naadigt baade
paa det han visste og paa det han
ikkje visste, og Klokkar Holm og Mons
Skulemeistar undrad seg storleg yver
hans Visdom.

Men det var for det meste Hans
Haugums Visdom, Daniel foor med no.

Daniel tagnad, daa dei nærmad
seg Garden. Han totte alt her vart.
so heilagt ’og forunderlegt; der laag
ein Glime, ei Hildring yver kvar Ting,
og alt, han saag, laag liksom og glyrde
til han, og takkad for sist, elder drog
paa Gjeipen. Men ei gamall Høna
gjekk og kaklad og breidde seg og
sagde tydeleg, Gong etter Gong: Friar?
Friar? Friar? —

Daniel vart nd Men han
kom inn. Helsad paa Gamlemor, og
det gjekk nokonlunde. Helsad paa
Inga; det gjekk skralt. Han var ikkje
god til aa sjaa henne; der lagde seg
slik ei Dimma for Augo, og dessutan
kunde han ikkje faa dei upp. Men
det verste var, at han ikkje kunde
segja nokot. Han stod og tagde som
ein stor Tosk. Det var forargelegt !

Men ved Bordet vart han modigare,
daa han hadde fengje litt Øl. Og saa
fortalde han i Aust og Vest, alt han
kunde minnast, og laug som ein Skip-
per, for at Inga skulde finna det moro-
samt. Men det, han sagde, lyddest i

hans eigne Øyro som ein tom Dur.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free