- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
139

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2.dre September 1882.

Fedraheimen

139

kaffen, og gamle Damur hadde dregi
Lænestolane heilt burtaat Glase og
sat med Dubbeltkikaren og saag paa
Ferde, liksom dæ hadde vori paa The-
atre; ein saag dæ paa dei, at dei totte
dæ var morosamt. Dæ var sume au.
som dæ hadde komi paa for tileg, dei
hadde flogi upp i berre Serken og sto
og skygnde fram bak Gardinom.
Drammens By, den var rett drjug
aa gange, dei harde Steingaturne, dei
leitar Foten. Men daa me kom yver
Elve og burtgjenom paa andre Sia eit
Stykkje, vart Folk meir goviljuge og
beinkesame, kasta Blomeduskar ned
paa oss, og sto paa Fortaugom med
store Vassbyttur og vilde gjeva oss
Drikke, og var soleis te ein stor Freistna
for oss; men trur du dæ er mange,
som kann halde seg, naar dæ kjem ei
fin Gjente og be deg drikke, og du er
so.tyst, du tykkjer -du- reint kovnar.
Daa er Marsdisiplinen raalaus aa halde,
ja eg trur no han er vand aa halde
hellest au, for det gjeng ymist med
Soldatom, skal dei dæ gjera. Um ein
gjeng i milevis i Solsteiken, te ein
fær slik Brenning og Kovning i Halsen
og Sprengjing for Bringa. at dæ er
snaut ein orkar stige, so skal ein fyrr
gaa, te ein stupar, fyrr ein hev Lov te
aa faa seg ein Vassslurk, um ein ser
aldri so gott Vatn og kunde koma
att paa Plassen sin nokso svint. Dæ
er berre naar ein kviler, ein kanskje
kann faa Permission te aa hente Vatn,
um dæ finst, som daa kann vera ein
Treff, og daa fyller dei i seg berre
dæ dei finn, Myrvatn og Sik fram med
Vegkantom, berre dæ er noko vaatt;
sume vaskar seg daa og sume drikk av
dei duftutte Hatiskjermane; daa er
dæ ikkje rart, um Folk vert sjuke.
Fraa Drammen er dæ ein tung
Mothall uppmot Skauger, dæ var hart
aa mona seg upp der, og so bar dæ
lukt gjenom te Sande mest mot Kyrkja.
Endaa hadde ikkje me anten set hell
høyrt gjeti nokon Fiende, men dæ var
væl paa desse Leier han skulde vera. —

Alt um Tysdagseftan tok me te høyre
ender og daa Skot som langt burte.
men dæ vart stilt att med dæ sama,
og um Nætene var dæ stilt jamt; dæ
skulde vera aalmenneleg Fre fraa Kl.
10 te ho vart 4 um Morgonen, som
var gott aat trøytte Hermeunn; for dæ
er noko av dæ leiaste som er, um dæ
fell paa aa vera Feltvakt, allvist naar
ein hev havt dæ hart um Dagen, for
daa fær ein ikkje anten slaa upp Telt
hell gjera upp Varme; men no fekk
me liggje 1 Ro jamt kvassaste Notte.
Onsdagen fyst kom me i Kast med
Fjenden. — Landlægje er soleis laga
der, at umkring Kyrkja er dæ eit
Aamot aa kalle, dæ er tvo flaae Smaa-
dalar, som kjem ihop, so er dæ noko
haugutt norafor og som imillom desse
Dalgreinom; hellest er dæ Flaaer der
au; dæ var her me skulde taka imot
Fienden med dei tvo Brigadom vaare
Fotiolk hell innmot 5000 Mann og
desuta Hestfolk og Kanonar. Utafor
er dæ ei svær Slett alt mot ei Vik av
Fjorden, der Vegen gjeng frammed te
Holmestrand, og so tek nokre brat-
vorne Aasar’te ifraa der Vikje endar:
og greiner seg umkring Bygde. Paa
Holmestrandsvegen var dæ Fienden

skulde koma, og sume yver Aasane
fraa Hillesta. Dæ var vist ein høve-
leg Slagvoll for ein stor Her; dæ var
so rumsamt, at ein kunde faa myki
Folk frami, naar ein stelte dei rett.

Dæ kom Order um aa brjote Legre,
og um nokre Minutar var heile Telt-
byen som blaasen burt. Dæ. var som
attpaa ein Haug hell ein Bakke noko,
me hadde Legre; me strauk no fram-
paa Brune, Me vart liggjande der ei
Stund, sume marsera framum oss,
sume bakum og burtum paa alle Kan-
tar. Kanonarne kom dundrand i strju-
kande Renn. med 6 Hestar fyre kvar,
berre so Jord og Sand skvatt for dei
tunge Vogner, beint imot Skigaren,
den laut ned, og dei stansa straks uti
Hallen. Hestfolke for som ein Vind
yver Dalen mot andre Sia, delte seg
sund i Hopar, for burtgjenom, den eine
her, den andre der, kom ihop att og
greidde seg ut att, alt te dei drog seg
saman i ein Krull midt paa Dalslette.

Dæ var reint, so du kunde tru, dæ
var for Aalvor, hadde du ikkje set
store Hopar av Kvinfolk fremst paa
Brune; for hadde dæ Aalvor vori, hadde
nok ikkje dei stai i Fyrispissen.

Me gjekk fram og drog oss te Lie
uppaa ein Skoghaug, Kompanie vaart;
der skulde me halde oss løynt, te dæ
galt paa. Dæ var solheitt um Dagen,
so daa me kom i Ro, somna me med
Byrsa i Fange. Men dæ var ikkje lenge,
fyrr me vektest upp av eit dundrande
Kanonskot tett attmed, og no small
dæ berre Skot etter Skot paa baae
Siur av Haugen, dei hadde vorti var
Kanonarne te Fienden, og daa dei au
tok te svara, merktest dæ, kor dei var;
store Røykpullar steig upp, og Elden
gneiste baate langt burti Aasen og
nedmed Sjøen. Røyken krulla seg upp
1 store Mugar fraa baae Siur, te han
møttest mitt i Dalen og dæ vart ligg-

samt som ei blaa Hime yver Slette og
y g

rundt ikring Aasane.

Me tok te høyre Riflesmellar au no
rundt umkring, so me skyna, Fienden
maatte vera komen nærare; men me
saag Ingenting endaa, berre flutte oss
nokre Hundra Stig paa ei ommor Lei;
men me høyrde dæ spraka og small
paa alle Kantar. No kom Turen au
snart te oss, me sleppte oss nedgjenom
ei Skogufs og drog oss nedaat ein Ski-
gar; dæ var kje myki aa skjote paa,
men me skaut lel, for Motparten hadde
ikkje so myki Folk; men naar dæ sto
eit Par Mann imot oss med eit blaatt
helle rautt Flak, skulde dæ tye Folk
i hundravis, og etter dæ var dæ vist
Folk i tusenvis mot oss paa Sletti.

No var me komne so nær kvaran-
dre, at dæ vart gjevi Ljo um, at me
skulde slutte, og hoken som vann og
tapa var ikkje gott for oss aa segja.

Snaut hadde me komi attende te
Legervollen vaar, fyrr me høyrde nokre
skarpe Smellar; me skvatt te og tenkte,
at no skal du sjaa, dei fyst tek 1 te
Gagns, men daa me saag Elden dreiv
so blank, og dæ tok te aa regne, skyna
me, da var nok Stormannen dæ, og
me var glae, me kraup inn 1 Telte.

(Meir.)

Kristiania, den lste Septbr:

«Folkets Magt er i vor Tid den høieste
Magt paa Jorden. Folkesuvyerænen er
Kongernes Konge, Majestæternes Muaje-
stæt.
vis og begavet — har Ret til at mod-
staa et utvilsomt
ønske.”

almindeligt - Folke-

lius” i Boki si: ”Skal Johan Sverdrup
seire.” —
Godt sagt, Oskar Julius!

I Larvik gjeng det underlegt til: dei
spelar Kongesongen for Sverdrup og
ropar Hurra for Aubert. ”Altfor megen
Are, mine Herrer!” sa Skræddar Nor,
hadde Sylvbrudlaup, og ein Kvartett av
Studentar var ute og song: ”Hell dig,
du høga Nord!”

Dersom me hadde Bevilgningsveto ! Stor-
thinget gjev kyart Aar mange Tusund
Krunur til. Folkeskulen; for det fell
tungt for Bygderne aa halda ein god
Skule uppe aaleine; men Lærdom maa
Og
so hjelper Stortbinget til, so langt det
kann.

dei hava, likso væl dei som andre.

Men so segjer Selmer — for no skal
me innbilla oss, at Selmer hev Bevilg-
ningsveto —; Selmer segjer altso:

Godt og Dei Pengarne til
Skulen skal De faa, — dersom De gjev
Krunprinsen 80,000 Kr. um Aaret!

Nei, segjer Storthinget; Krunprin-
sen hev nok med 30,000 um Aaret;
han er rik nok fyrr, og hev dessutan
stor Løn av Sverig.

væl!

Godt og væl! segjer Selmer, — so
fær helder ikkje Lærararne utyver Landet
sine Statstillege, og dei fatike Byg
fær ikkje sine Pengar til Skulehjelp!

Der stend Storthinget.

derne

Det kann ikkje finna seg i. at Læ-
rararne rundt Landet skal lida, elder
at Skulen i fatige Bygder skal koma
til Nedfalls; slikt gjeng ikkje an; for
Upplysning maa Folk hava. Kor skal
so Storthinget av?

— ”Versogod!” segjer Selmer; ”Sku-
lepengarne skal de faa; men — 50,000
Kr. i Tillegg til Krunprinsen!”

— ”Aa ja, so fær han væl faa dei
50,000 Krunurne daa,” — segjer Norigs
Rikes Storthing. —

— Dersom Selmer fær Bevilgnings-
veto.

Høgre held uppe Kristendomen paa
mange Slags Maatar.

Soleis daa «dei læt Prestarne
blanda seg inn 1 Valstriden.

Det skal hjelpa svært til aa stydja
Kristendomen i Skedsmo, det, som han

no,

gjorde der uppe, han Presten Ulsaker!
Det skal hjelpa svært til aa halda
uppe Vyrdnaden for Kyrkja, det, at
sjølve Presten, i sjølve Guds Hus, driv
Noyemberpolitikk paa den Maaten! —

Det er ikkje Ullmann, som hev sagt,
at Vinstrebladi — 5 av dei daa — var
vantrue; det var Presten upp 1 Løiten,
som sagde det.

Det kann me tru.

Skuldi fyr, at Ullmanns Ord vart
galet førde, hev Skulemeistaren, Kvisti-
ansen, ein Budstikkemann, som gjeng
her inne og driv Høgrepolitikk og lærer

Ingen Fyrste — han være noksaa |

So skriv Høgremannen ”Oskar Ju-|

i den Skulen han gjeng, som ein kann
Det er væl av ”Fædrelandet”, han
hey lært aa bruka slike ”blanke Vaapen.”

vita.

Kongelege Gjerningar. Dei, som er
”Storkors” av St. Olavsordenen, hev fyrr

boret sin Kross i eit Band yver Aksli.

Det skal dei gjera heretter og.

Men stundom, ”naar serskilt naadigst
Bestemmelse derom gives,” skal dei bera
Krossen 1 eit Gullkjede.

Korleis dette Gullkjedet skal sjaa ut,
det hev Kong Oskar II i ”Ordens-Kapi-
tel” paa Kristiania Slot den 21 August
Å. D. 1882 i Naade avgjort. Det vert
eit fint og underlegt Kjede, og den, som
hev tenkt det ut, maa ha tenkt baade
væl og lengje. — |

Høgre-Kristne. Morgenbladet hev havt
eit Stykke um Steinalder-Folket; dette
Stykket gjeng ut ifraa, at det hev livt
Folk paa Jordi mange Millionar Aar
fyre Adams Tid. Og so talar det um
? Attavismens usvigelige Lov.”
Åttavismen er ein av Grunnsetningarne
i Darwins Lære.

Aanden 1 heile Stykket er darwi-
Men — Stykket stend i Mor-
genbladet, og altso tigjer ”Fædrelandet”.

— For den eine Ravnen høgg ikkje

Men

nistisk.

Augo ut paa den andre.

Jury hev dei i heile den mupplyste
Verdi aa kalla for. Og allestader finn
dei, at Juryen er umissande.

Berre her i Norig maa me ikkje
tenkja paa aa faa denne vode og folke-
lege Skipnaden.

Kvifor det?

Jau . ..3ja det forstend du væl?
— Skrivaren vilde fan mindre aa segja
daa, ser du!

Øfiserarne vaare jamrar seg av Naudi
yver, at det stend so daarlegt til med
Hærstellet her i Landet.

Ikkje hev me Intendantur, og ikkje
hev me skikkelegt Sjukestell. Ikkje
eingong Vaapen hev me, so det duger.

Og so skjeller dei paa Storthinget,
fordi det ikkje gjev Pengar. Stortbinget
er so ”sparsamt”, aldri kann det vera
flott nok, altid skal det knipa. Meir
Mynt, meir Mynt! ropar Offiserarne og
Høgre.

— No kjem Siorthinget og segjer:
No
skal me arbeida oss upp eit skikkelegt

Her er ei ny og betre Hærordning.

Herstell, med alt, som til høyrer, og
naar me tek det paa denne nye og na-
turlegare Maaten, skal Kostnaden i
Lengdi ikkje verta større enn han er,
men snarare mindre.

Daa segjer Offiserarne og heile Høgre
Nei.

Dei vil ikkje hava den nye Hær-
ordningi.

Og kvifor vil dei ikkje det, segjer
dei?

Fordi den mye Herordningi vert
for dyr! —

Det er Gutar, som ikkje skjemmest.

Høgre sparar. Jury er ”for dyrt;”
eit skikkelegt Landsforsvar er ”for dyrt.”
Men tenk, um no ein Mann foreslog
i Thinget, at alle Skrivarar skulde hava
500 Dalar i Tilleg til Løni si um Aaret,
og at alle Oberstar, Kapteinar og Löyt-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free