- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
142

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

142

Fedraheimen.

9de September 1882.

vidt, at dei ikkje lenger likad fram-
ifraa gode Hovud i Riksverket, desse
”Helvetes Genier” gjorde berre Ugagn.
Det var Treskemannen, dei vilde hava
i Høgsætet; og Treskemannen var god
nok til sitt Bruk, og skulde hava baade
Løn og Takk til; men Stormann kunde
han ikkje vera, og skulde han styra
Folk og Land, so kunde ein banna
tryggt paa. at Skuta gjekk i Aakeren.
No lagde ein av Dølens Kammera-
tar seg inn i Samtalen — Daniel likad
hellest ikkje dei Kararne; dei saag so
høgvise og aandsaristokratiske ut —:
”Aa ja”, sagde Mannen; ”men dei
turkar no meir og meir inn, desse
gamle ægte Byraakratar. Ein skjer
ikkje strafflaust Navlestrengen av mil-
lom seg og Folket. Fin kann sjaa
det utanpaa dei, kor dei turkar. Desse
lange, spede Kropparne, og desse
kvasse, turre Andlit, dei høyrer ikkje
livskraftige Folk til. Det er som dei
var i Spikje. Nei; daa er der annan
Merg i desse breidvaksne, kjakesterke
Bondegutarne . . .? (Meir.)

Fraa Femdagsstrien ved Drammen.

(Slutning).

Næste Dagen var alt paa ei onnor
Gjerd; eg veit ikkje, korleis dæ var,
anten me skulde gaa yver te Fienden,
hell at alt skulde liksom vera fraa
nytt, me var ein Brigade mot den an-
dre no.

Me marsera fyst alt te utmed Vikje
eit Stykkje, der laag me ei Stund
heile Herstyrkjen. Kongen var au med
og saag Um OSS, 80 snudde me um og
tok te med Kanonom med dæ same,
me kom fram 1 Skogkanten; dei hadde
Leie sitt beint upp Sletti, so sume av
oss laut krøkje utanum berre skogleies
i ein Sprengmars yver Myr og Søyle
te Knes, yver Bergknattar og gjenom
Skogholt, so me tapa burt reint Office-
rane, men me kom daa saman att sia.
Daa me hadde legi ei Stund burti Sko-
gen, sette me Bajnettane paa og braut
fram yver ein Skigar, den rauk som
ingen Ting, og sume vart liggande un-
der og sume yver; hu dæ er speleg,
naar ein hev Bajnetten paa, ein skam-
sting seg snart. Sia lærde me betre.
me klauv fyrr, no sette me berre
eine Foten frampaa Skigaren, alle Mann,
so laag han nede med dæ sama, og me
kunde marsere tryggt yver.

Der sto der eit Kompani bakum
ein Sta, og me kom heile Horgjen runs-
and imot, men dei sto like roleg, te
me var tett innpaa, daa fyst gjore
dei heilt um Mars og drog seg mak-
leg utyver Bakken, medan me sende
dei 30—40 Skot kvar Mann — so
hadde me havt skarpt, saag eg no dæ,
at dei maatte loti bruka Føtene, skulde
dei ikkje bli skotne i Fillur,

No var Strien slut og aalmenneleg
Fre. Me tenkte daa, me skulde faa
te mona paa Heimvegen med dæ sama,
men me laut nok attende te Grisebøle
vaart. Dæ var fin Eng sjaaande te,
daa me kom, men no var me ikkje gilde
daa me skulde slaa oss ned der paa
nytt. Der hadde komi noko Regn, so
at Jore var bløytt upp og rota upp,
Glasbrotlaag all Sta og Velling av Stomp
og Flesk, Erter og Gryn, Hestlort og

Mannalort gjeng ein segi burtmed all
Sta, og ein Tev er dæ, som ikkje er go.
Ja me fekk bergje oss, so gott me

kunde me Kvister og Bar, i allfall so
me fekk lagt yver verste Søyledikje der

me skulde liggje: Drikkvatne var stygt
daa me kom, men no vart dæ endaa
værre. Dæ var gult av Naturen, men
naar so sume vaska seg og some drakk
um kvarandre, var dæ ikkje lystugt
aa sjaa.

Næste Dag tenkte me daa, dæ laut
bera iveg tileg, me hadde langt heim.
Nei daa skulde dæ vera Mønstring for
Kongen, den kunde ikkje forsømast.
Me sto uppstellte alt Fotiolkje, som var
der i ein Firkant, paa Timevis trur eg.
og venta, ti han skulde bli ferug; han
uvita Bakmannen min, tok eit Stig
tebake, kasta Byrsa fraa seg og datt
attende. Endeleg kom Kongen og an-
dre høge Herrar med honom, takka oss
for ”Troskab og Fædrelandskjærlighed”
og sagde han var fornøgd med oss.
Dæ vart bori fram Hurra for honom,
men endaa me var væl tesagde um
detta, var dæ daarleg Roping, Stor-
hopen var dæ, dæ eg tottest sjaa, som
ikkje vyrde dæ noko større.

Endeleg bar dæ avsta, me strauk
med eit lett Hjarta. Men hadde der
ikkje vori so snart Slut, so trur eg so
nær, Sinne hadde teki oss, naar me
saag Kapteinen velter yver Ende Vas-
byttune, som dei ber fram te Vegen.
For Augom aat ein Hermann, som hev
havt i seg Søyle kvar Dag, glittrar
eit Glas reint Vatten som dæ var Gull.

Me naadde Drammen um Kvelden
og laag paa nokre Jore midt i Byen.
Dei var endaa snildare mot oss Dram-
mensfolkje, den Rosen skal dei hava,
straadde yver oss med Blomar, so dæ
var ei Syn, hadde Saftvatten aat oss
og heile Korgar med Ber, so kvar Mann
greip nedi og tok seg ein Neve, berre
han gjekk framum; og dæ va myki
Folk som kom for aa sjaa paa oss og
Stelle vaart.

I Drammen steig me paa Træne,
daa var Marsen te Ende.

Dæ var sagt Eksisturen skulde berre
vara ti Dagar iaar, for oss vart dæ no
lell fulle fjortan.

Um daa denne Femdagsstrien var
te so stor ein Nytte, veit ikkje eg.
Dæ skulde vera underleg, slepp dei ut
med dei Pengar, dei hadde aa staake
med. Naar dæ tek te koma Reiknin-
gar den eine berre etter den andre,
for øylagde Jorstykkje, for nedbrotne

Skigarar, for Veger gjenom Aakrane|

og alt slikt, trur eg dæ skal bli drjuge
Summar te Slut. — Og so alle dei Kro-
nune, som Herfolkje hev loti betalt
umfram av sit eige for aa halde seg
med Mat og Drykk nokorleis, dæ er
sandeleg ikkje Smaatt, som er burt-
kasta med dæ hell. Hermann.

«Brödrafolkens vål**).

(Umskrivet etter ”Tidning for alla”, 26de
August.)

Kvat meinar ein Konge i vaare
Dagar med ”Brödrafolkens vål” elder
Ve? Skal daa denne mannamilde Tale-

*) Me tek inn dette til Prøve paa, kor fritt
dei kann tala og skriva i Sverig. I No-
rig — —

maaten ikkje vera nokot annat enn ei
Umskrivning av Kongens eigi Meining
um hans Magt og Husbondskap og den
Retten, Grunnloven gjev han, og um
absolut Veto? — Ja det er visst, etter
den vidgjetne Trontala i det norske
Stortinget og Skaaltala no sist 10de
August til dei norske Offiserarne, kunde
me hava Hug paa aa herma dei namn-
gjetne Ordi av Doktor Faust, daa han
skulde skyna paa Mefistofeles: Detta
var altso Kjernen i Pudelen!

Fraa Sande i Norig vart det skri-
vet til det norske Bladet ”Aftenposten”
Torsdagen den lOde August:

- Etter den forvitnelege og heite Stri-
den um Høgderne ved Sande Kyrkja
kom Offiserarne av baade Herarne
ihop um Kvelden til ein glimrande
Fest fyr H. M. Kongen. Dei hadde
Fest paa Plassen utanfyr der H. M.
Kongen budde paa Revaa og tok til
Kl. "1,7 um Eftanen. Dagen hadde i
mange Maatar voret strid fyr dei, som
slost, og ikkje minst i Matvegen. Sume
Bataljonar, som Natti fyreaat hadde
Vakttenest og tidleg um Morgonen
sette ut fraa Holmestrand, hadde so-
leids, sagde dei, fenget Vatn og Braud
og snaudt nok det.

Nokre Minutter etter ’/,7 kom H.
M. Kongen til Festen, med Staben sin,
og der var Sjefen fyr Armedeparte-
mentet Statsraad Munthe, med fleire
svenske Offiserar og ein fransk Mili-
tærattaché Kaptein Appert og ein en-
gelsk Oberst Primerose. Prins Karl
kom strakst etter dei hadde teket paa
med Middagen.

Daa dei aat Attpaabiten, sagde
Statsraad Munthe ei Skaal fyr H. M.
Kongen. H. M. Kongen takkad fyr
Skaali, som dei hadde drukket med
Gledelaat, og sagde: ”Jeg takker alle
og enhver for den Nidkjærhed, de har
vist i disse Dage, og hvorom jeg aldrig
har tvilet. Jeg har herpaa faaet en
for mig kjær Bekræftelse, og jeg sto-
ler paa, at mine Herrer og de, hvor-
over I fører Kommandoen, med Fædre-
landskjærlighed og Pligttroskab ville
følge mig. Jeg stoler paa Deres
Hengivenhed mod mig, og Deres
Pligt under alle Tider og alle
Omstændigheder. I sikker For-
ventning herom hæver jeg mit Glas
til et Velgaaende for den norske Arme.”

Kvat meinar han no med desse
Ordi: under alle Tider og alle
Omstændigheder?

Den Magtstriden, som Kongen hev
sett i Gang mot Stortinget, at han
negtar Samtykkje til Logi um, at Stats-
raadarne kann faa vera med i Raad-
leggjingi i Tinget, og det Spursmaalet
som hermed kom upp um Kongens
absolute Veto i Norig, — og no sist
denne Tala hans i Sande, hev gjort,
at den norske Vinstreflokken no er

|fullstød paa”), at der held paa og

lagar til eit Statskupp (>: sprengja
Stortinget og gjeva ein ny Grunnloy).
Men kann dei setja eit Statskupp
i Verk med norske Soldatar?
Er den norske Heren ikkje annat
enn beintfram ein Reidskap i Kongens

*) Hm —s; det norske Vinstre veit nok,
at med det ”Kuppet” vert det ingen-
ting av. Bladst.

Hand? og hev Heren ikkje Skyldnad
mot andre enn Kongen? — hev ikkje
Heren svoret at han skal vera tru
mot Konstitutionen, Fedralandet og
Logerne, liksom mot Kongen, sidan
no høgstsame er so djerv, at han
segjer seg stød paa, at dei norske
Soldatarne til ”alle Tider” og under
”alle Omstændigheder” skal fylgja ho-
nom — og ingen annan enn honom?

Etter desse tillitsfulle Ordi til Offi-
serarne i den norske Heren, ser det.
ut til, at han anten ikkje kjenner elder
ikkje bryr seg um $ 85 i den norske
Grunnloven, som lyder soleids: ”Den
der adlyder en Befaling, hvis Hensigt.
er at forstyrre Storthingets Frihed og
Sikkerhed, gjør sig derved skyldig :
Forræderie mod Fædrenelandet.” —
”Den som truer Storthinget, nogen af
dets Afdelinger, deu norske Regjering,
Interimsregjeringen, Rigsretten eller
Høiesteret med Vold i saadan Hen-
sigt, som forud er nævnt, straffes med
Strafarbeide i fjerde Grad.”

Det hev allstødt voret eit Hugdrag
hjaa Nordmennerne, at dei hev elskat
Fedralandet og gjort sin Skyldnad.
Det er soleids ikkje rimelegt, at den.
norske Heren skal gjera seg skyldig
i Lands-Svik mot Konstitutionen og
Tingmennerne.

Med norske Soldatar kann dei so-
leids ikkje setja eit Statskupp 1 Verk.

I ”Oplandenes Avis”, som kjem ut
paa Hamar, nemnest det Ord av Kon-
gen, som skulde gaa ut paa, at dei
ikkje kann rugga han i hans Tru, og
at um han ikkje kunne driva den fran»
i Norig, so maatte og skulde Sve-
rige hjelpa han.

Men i Trondhjem hev, etter det
som stend i dei norske Bladi, den
svenske Statsministeren Hs. Ex. Grev
Posse beintfram sagt til fleire av det
beste Tingmennerne, kvat han sjølv
meinar og — det veit me visst —
kvat heile det svenske Folket meinar:
at det Ordet, som dei hev sett ut um
svensk Innblanding var grunnfalskt,
— at det aldri, kvat som hender, kann
verta Tale um ei slik Innblanding-
Följaktigen år kommyens å Hamar ut-
talade hotfulla ord endast att betrakte
som ett tomt skryt med en makt, som
han icke eger*); for kvar den, som
kjenner den svenske Grunnloven, veit,
at Kong Oskar i Sverige likso litet.
som i Norig eig nokot personlegt Regi-
mente.

Av det, som her er sagt, kann ein
sjaa, at Kong Oskar II endaa ikkje
hev kunnat setja seg inn i den verke-
lege Stillingi, som den konstitutionelle
Kongen skal hava, men det kunde
henda han fekk upp Augurne, soframt.
han skulde hava den Tanken aa stella
til eit Statskupp i Norig med svenske
Soldatar; for annarleids forstend det
svenske Folket: ”bödra-folkens vål.”

Norsk Sentrums-Pohitik!

”Og i sin Overbevisning om, hvad
der er gjældende Ret, kan Kongen
ikke lade sig beherske af et Flertal.
Der er intetsomhelst enten i Grund-
loven eller i den konstitutionelle For-

*) Desse Ordi fær helst staa paa Svensk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free