Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ode September 1882.
Fedraheimen.
143
fatnings Aand, der berettiger en saa-
dan Paastand.”
Detta hev Professor Aubert sagt
paa Hamar-Møtet. Merkelege Ord.
Utlendingar og Folk, som kjenner Til-
standet i Utlandet veit ikkje andre aa
likna vaare Bakstrævarar med enn
Legitimistarne i Frankrike. Det er
og slike steingjengne Dvergar fraa eit
annat Aarhundrad, Menner, som held
paa den kvite Fana med Liljur 1 og
paa det ”blaa Blod”. Ein av dei heldt
fyr nokre Dagar sidan ei Tale 1 Ven-
dée; aa lesa den var som aa koma 90
Aar attende 1 Tidi.
Men kvat skal ein daa segja, naar
ein les sovorne Ord av Professor Au-
bert? Han er ingen Bakstrævar, han
er nettupp ein Fridomsven av rette
Slaget! ”Fra Barn af har vi 17de Mai
feiret Frihedens Fest i Glæde og Ju-
bel — saa det har strømmet varmt
som rislende Begeistring gjennem Hjer-
terne.” Han er ingen Bakstrævar,
forstend seg, han er ”Sentrums-Mand.”
Men naar ein norsk ”Frihedsmand”
snakkar som ein fransk Legitimist,
kvat kann me so venta av vaare Bak-
strævarar? Dei vert liknande med rus-
siske Popar og tyrkiske Ulemaer.
7I sin OQverbevisning” segjer Sen-
trums-Mannen. I vaare Dagar hev
ein Konge — det vil segja ein kon-
stitutionel Konge — ingen ”Overbevis-
ning”. Han hev den utøvande Magt,
og skal setja Folkeviljen i Verk, men
”Qverbevisning” kann ban ikkje hava,
naar han ikkje hev Andsvar. ”Over-
bevisning? og Andsvar heng ihop og
kann ikkje skiljast aat. Kongen kann
hava ”Overbevisning” i religiøse Saker,
for der er han andsvarleg fyr Gud og
sitt eiget Samvet, og han kann hava
”Overbevisning” i sitt private Liv, for
der er han, liksom andre, moralk and-
svarleg fyr Skyldingar og Kjenningar.
Men i Politikken kann han ingi ”Over-
bevisning” hava. Vil han hava poli-
tisk ”Overbevisning”, fær han kalla
seg Præsident, styra paa ei viss Tid
og bera Andsvaret fyr Styringi si.
”Og 1 sin Overbevisning om hvad
der er gjældende Ret kan Kongen ikke
lade sig beherske af et Flertal,” segjer
Statsmannen Aubert.
Meiningi med detta lyt daa anten
vera, at Kongen ikkje skal ”lade sig
beherske”, endaa um han stend reint
aaleine med si ”Overbevisning” og um
han er ein Tulling — men at det er
til Landsens Undergang, soframt daa
Folket skal bøygja seg fyr hans ”Over-
bevisning”, kann vel Aubert skyna
likso godt som du og eg. Elder so
lyt Meiningi vera den, at Kongen skal
”lade sig beherske” — ikkje av eit
Fleirtal men av eit Mindretal. Det
var ei klok Lære det. Fleirtalet skal
etter Grunnlogi i kvar Valkrins taka
ut Valmenner; Fleirtalet av desse skal
taka ut Tingmenner. og Fleirtalet av
desse skal avgjera, kvat som skal vera
Log 1 Landet, og som Kongen lyt
sverja paa. Fleirtalet legg paa Skat-
tar og Toll, Fleirtalet gjer allting, det
er den styrande Magti og den einaste
styrande Magti i eit konstitutionelt
Land, Men styra Kongens Tenkje-
maate, det skal Mindretalet gjera.
Det er ei undarleg Læra. Paa den
Maaten vert det Ufred i Landet.
Høgre likar ikkje Fleirtalet og
”Talmajestæten;” men endaa braakar
dei og masar og rumlar som ein Tyrk
i ei tom Tunne og lagar Myrmenner i
Tusundvis fyr aa faa Fleirtalet med
seg, og Hamar Stiftstidende er so glad
no, fyr di ved næste Val skal Høgre
vinna Fleirtal. Det er med Høgre og
Fleirtalet, som Cicero fortel um dei
gamle Filosofarne, som skreiv Bøker
um aa ”forsmaa Æra”, men dei sette
Namnet sitt paa Titelbladet lell. Fær
no Høgre Fleirtalet næste Gong — eg
trur no ikkje større paa det; so lenge
”Fædrelandet” er ute og gjeng, gror
det Vinstremenner upp av Jordi —
men skulde so galet bera til, so kunne
Vinstre, som daa var Mindretalet,
krevja, at Kongen skulde taka Stats-
raadarne av Vinstre og blaasa i alt
kvat Høgre-Fleirtalet meinte, Yverhus
og allslags absolut Veto og alle Høgre-
Greidur. Kvat vilde so Aubert segja
til det? Han vilde segja: Fleirtalet
skal styra. For so er det med vaart
Høgre: den Tidi det hadde Fleirtalet,
høyrde me aldri gjetet Mindretals-
Læra, Bønderne fann seg 1 det, lyst-
rad Logerne og var gode Borgarar og
let Høgre hava Styringi. Men no daa
Høgre ikkje er stort meir enn Fjorde-
parten i Landet, no vil Høgre endaa
hava Styringi, er ikkje gode Borgarar,
vil ikkje, at Kongen skal retta seg
etter Fleirtalet, segjer beint fram, dei
vil ikkje lystra Riksrettens Dom, krev
Yverhus og trugar med Borgarkrig og
Ufred med Sverige og skuldar Vinstre
fyr ”Magtbegjær” og ”Upprør” og Hei-
denskap.
I eit konstitutionelt Land vilde ein
reikna Aubert reint fyr eit Fossil av
eit utdøydd Dyreslag, som ein Plesio-
saur elder Mastodont, og Folk vilde,
som Vinje eingong skreiv, updrast paa,
naar dei eingong i Framtidi saag detta
Fossilet, korleids eit slikt Samfund var
laga, der slik ein kunne liva.
Men her hjaa oss reiknar dei ikkje
Aubert fyr konservativ dessmeir, han
er Sentrums-Mann!
Menner i vaare Dagar, som ikkje
vil godkjenna Retten fyr Fleirtalet, er
ikkje Sentrums-Menner, dei er ikkje
Bakstrævarar dessmeir, dei er heilt
utanfyr det politiske Livet og det er
ikkje rødande um Ordskifte med slike.
Det var ei Tid, daa me Maalmen-
nerne var i Mindretalet. Kravde daa
me, at Kongen skulde hjelpa oss, at
han skulde rette si ”Overbevisning?
etter oss, og at Høgre, som i det Styk-
ket hadde ”Talmajestæten” paa si Side,
nettupp av den Grunnen skulde gjeva
etter? kravde me absolut Veto og
Maalmanns-Yveruus? Det gjorde me
ikkje; men me arbeidde, alt det me
vann, til dess me fekk Fleirtal. So
lyt ein nok gjera i eit fritt Laud.
Me veit, korleids det gjeng den, som
fær att kvat han vil utan Arbeide:
han dovnar av, veiknar av, sjuknar av
og gjeng hin Vegen ut or Samfundet,
liksom den Maten, som Kroppen hev
soget all Næring og Saft av.
Soiramt ”Sentrum” ikkje kom til
an lika seg lenger her, kunne det fara
til Danmark; der vil det finna Aands-
frændar. ”Dansk Dagblad” fyr 20de
Juli skriv: ”Det kommer for den norske
Regjering og det norske Høire kun an
paa at have tilstrækkelig Taalmodig-
hed. Naar det norske Venstrefolk saa
er gaaet til Valg i en halv Snes Aar
— maaske mindre, maaske lidt mere
— uden derfor at komme videre, saa
vil det formodentlig gaa som med det
forenede Venstre hertillands, at de
revolutionære og grundlovsopløsende
”Umtriebe” falde bort af sig selv, og
at man i deres Sted indsk:ænkede sig
til Trakasserier og Obstruktion. Og
ligeoverfor disse sidste Former af par-
lamentarisk Liv vil vel ogsaa nok
Fremtiden bringe Raad.”
Fine Ord, gode til aa faa Forstand
av. Naar ein les slikt, so skynar ein,
kvifyr Selmer vil hava Uppløysnings-
rett, som i eit konstitutionelt Land er
ein Rett fyr Folket, ikkje fyr Kongen.
Eg høyrde eingong eit Ord av ein
Bonde, som eg totte det var meir Vet
i enn i det Aubert segjer. Det Ordet
var slikt:
”Det er rart, at ein Mann (Kongen)
skal veta so mykje meir enn 74.”
Kor stor Skilnad det er paa ein
Politikar og ein Liksom-Politikar kann
ein sjaa, paar ein liknar ihop kvat
Aubert segjer, med nokot, som ein
verkeleg Sentrums-Mann og verke-
leg Politikar, Skrivar Aymar Sørensen
sagde paa Fredriksstad-Møtet: ”Et Mi-
noritetsstyre er i Længden farligt, idet
en Minoritet varer bestandigt, medens
Majoriteterne skifter. Majoriteten maa
regjere. Minoritetsregjering er et uind-
skrænket Herredømme.”
Etter ”Bergens Tidend>” tek me
inn eit Citat etter Buckle, History of
civilisation of England. Han er større
Vitenskapsmann enn Aubert.
”Ingen vover nu”, siger Buckle (B.
I. 8. 508), ”at tale om at lægge Tøiler
paa Folket, eller om at modstaa dets
bestemte Ønsker. Det høieste man kan
sige, er, at der bør arbeides paa at aabne
dets Øine for dets virkelige Interesser
og at oplyse den offentlige Opinion; men
alle*) indrømmer, at saasnart en offent-
lig Opinion er dannet, saa kan den ikke
længer modstases.” "Menneskene kan
aldrig blive fri, medmindre de opdrages
til Frihed. Og dette er ikke den Op-
dragelse, som hentes i Skolerne eller
erhverves ved Bøger, men det er den,
som bestaari Selvkontrol og Selv-
styre” (B. IL. S. 126) ..... ”En slet
Regjering, slette Love, eller Love, der
administreres slet, er vistnok yderst ska-
delige for et Land, men kan ikke volde
nogen varig Skade; med andre Ord,
de kan tirre et Folk, men de kan ikke
ødelægge det. Saalænge et Folk er
ufordærvet, er der Liv, og naar der er
Liv, vil der engang ske en Forandring;
i saadanne Tilfælde fremkalder Despotiet
blot Frihed. Skotland blev saaledes af
Stuarterne krænket, haanet og udæsket
paa forskjellige Maader, men jo mere
det ufordredes, des sikrere blev Bote-
midlet; thi des mere voxede Folkets
Mod.” Geistligheden og Kongemagten
forenede sig for at knække Folkets Fri-
hed. ”Dog kunde de ikke drive Strøm-
men tilbage; de kunde ikke engang
standse den; de. kunde ikke hindre den
*) Forf. sees ikke at kjende det norske
Bagstræverparti; dog, det kan neppe
lægges Forf. tillast; der er gaaet mange
Aar, siden han døde, og vore Bagstræ-
vere har jo først 1 det sidste Tiaar saa
aabent forfægtet sin Mindretalslære.
1 at vælte frem og rive dem med i sit
Lob. — Førend en Menneskealder var
gaaet, bukkede disse (Kongemagtens)
smaa Mænd —- saa store de end var i
sin egen Indbildning —- under og maatte
falde tilfode. Tidsaanden var mod dem,
og de var ude af Stand til at stan imod.
De sloges ned og ydmygedes. Dette
bør lære Fyrsterne, hvor lidet de kan
gjøre, og hvor ubetydelig den Rolle er,
som de spiller i det store Verdensdrama.”
(B. HL. S. 180—31). Den Stuartkonge,
det her gjælder, var Konge baade over
England og Skotland, og han mente at
skulle have England i Ryggen i sin
frihedsfiendtlige Optræden mod det min-
dre Land. Men Hngland svigtede de
kgl. Forhaabninger.”
Leiv Sandsdalen.
Han kann ”Kivlemøyan” spela:
Bjøllesingl, Klokke-Klukk,
Trillur, Lur og Lokk fraa Fela
Læt i Lag med Døydan-Sukk.
Fjetra lyder Folkekrullen
No som fyrr 1 Leik og Lag,
Kjenner i den Trylle-Tullen
Underlege, løynde Drag.
Inkje tyske Note-Ballar
Fyrilogo var for Leiv.
Brudre-Tullar, Huldre-Trallar
Guten lett paa Strengen treiv.
Langedragen gav’n Laget.
Myllarguten høyrd”n titt:
I det ville Boga-Draget
Tulla Dikt og Draum seg frit!
Friske Gangar, kaate Springar.
Fjellet gav dei snelle Ljod.
Du kann tru, med lette Svingar
Jent’ og Gut dei Slaattan”* trod!
Gamlen spratt til Hallingslengen,
Gamla Haand til Springar gav,
Naar han rulla ut fraa Strengen,
Slaatten, som ha” gjort seg sjav.
Alt, som sit i Folket fengsla:
Draum i Dal og Dikt i Lid,
Laatt i Leik og Taar i Trengsla,
Lengting att og fram 1 Tid,
Heite Elskhugs-Trong bak Sylja,
Ljose Vonir, Tidi trod;
Alt ein Fjellmannsbarm kan dylja
Fær i Hardingstrengen Ljod.
Selgjord, 2 August 1882.
Olav Sveinsson.
Kristiania, den 8de Septbr.
Bergens By vil ikkje lenger vera med
paa aa halda uppe det Selmerske Kamp-
Styret.
Tiandet og eit jamt, landsgagnleet Sam-
Bergens By vil hava Fred i
arbeid millom Statsmagterne, men ikkje
denne endelause, syrgjelege Striden, som
vert meir og meir meinsam, di lenger
han varer.
Difor hev Bergens By med stort
Yvertal (1266 mot 585) valt Vinstre-
menn.
Bergen er den største og rikaste
Byen næst Kristiania. I aalmenn Da-
ning og i Forretningsdugleik og Tiltak
stend han yver Kristiania. Difor kom
han daa og fyrst. Men at den Byen
sender frilyndte Menn til Things, det
veg 50 tungt, at Novembermennerne no
skjer Tenner offentleg av Sinne yver
Valet i Bergen. —
Dei gode norske Menn i Bergen hev
gjort ein god Gjerning; og det, dei hev
Ber-
gensaren er ein Mann, som forstend aa
gjort, det hev dei gjort tilgaens.
slaa eit Slag. Det er ikkje som her
inn 1 Kristiania, der Folk gjeng og
fomlar og fomlar og ikkje kann samla
seg, og ikkje veit kva dei vil, og so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>