Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
150
Fedraheimen.
23de September 1882.
kunna skriva til Inga Holm: ”Student
med beste Karakter.”
Men so gjekk det galet i Historie:
og Geografi, — dei einaste Fagi, han
Til Eksaminator fekk han ein
gamall Vrangpeis, som spurde um alle
kunde.
Slags Ting som ikkje stod i Boki, og
spurde paa slik ein underleg og urime-
leg Maate; og til Censor fekk han sin
gamle Historielærar fraa Latinskulen, i
Robert Djevelen. Dette siste var det
iser, som gjorde Guten fortumlad. For
Robert Djevelen var han baade rædd
og bljug, og daa so Professoren gav
seg til aa vera vrang, kom Daniel
utav det med ein Gong. Han svarad
burti Hytt og Ver og stod stundom
reint fast, og Enden var, at han fekk
8, 3 istadenfor 1, 1. Dermed var
Laud’en sprungen, og Daniel stod der
som ein vaat Hund.
— Han kunde ikkje forstaa slikt!
Det var ei Rangvisa so yver all Maate!
Vera so nære ved Laud, og so ikkje
faa det! — og so falla paa dei Fagi,
han kunde best. Kunde Vaarherre til-
lata slikt? — Han stod lengje utan-
for Døri og liksom ventad paa, at Pro-
fessoren skulde koma ut og segja, at
det var eit Mistak. For det gjekk
ikkje an slikt. Væl hadde han gjort
det mindre godt i Dag; men Censor —
Censor visste, at han kunde Historie,
og Vaarherre vilde hjelpa til . . . Der
var daa væl Rettvisa i Verdi! Skulde
ein Mann lida Skade paa kanskje heile
si Framtid, fordi em gamall Surpose
av ein Professor var i Ulag? Det gjekk
ikkje an; nei; det kunde ikkje gaa an!
Men Daniel fekk sjaa, at det gjekk
an. Professoren og Censor kom ut —
og gjekk sin Veg. Deisaag ikkje paa
han ein Gong. Dei syntest hava det
beste Samvit. Og Robert Djevelen
gjekk og smiskad for Professoren, smi-
skad og smilte og gjorde seg lækker,
lækker som ein Fleskebog. —
Daa kokad det upp i Daniel eit
«etande Sinne, og han sagde for fyrste
Gong i sine Dagar ”Fanden”.
Heimyver drog han, harmad seg
sjuk. Han skulde havt Laud! Han
hadde det i Grunnen! Med Gud og
Retten skulde han havt det, — og so
fekk han det ikkje. Var like ved det,
hadde det, aatte det, — og fekk det
ikkje. Hadde han berre ikkje voret
so nære ved det! Og hadde ikkje Hi-
storie og Geografi voret hans beste
Fag! Han forstod ikkje slikt; han for-
stod ikkje, at slikt kunde henda! No
skulde han gaa i heile sitt Liv og
hava Haud til Artium, og det fordi
. i Grunnen fordi han hadde havt
Robert Djevelen til Censor!
Han slengde Bøkerne i femte Veggen
og sparkad etter dei. So sette han
seg trøytt og leid ned paa ein Stol
og seig burt i myrke Tankar.
— Men rett som han sat, trappad
han i Golvet. Han kunde ikkje koma
fraa denne harmfulle Tanken, at han
hadde voret so nære paa aa faa Laud,
og so ikkje fengje det. Han kunde
ikkje gleda seg i heile Eksamen. Han
kunde ikkje eingong vera glad, fordi
han var ferdig. Denne Dagen hadde
han lengtat etter so saart og so lengje;
— Dagen var komen; men han tenkte
ikkje paa aa vera glad. Han hadde
berre ein Tanke, og den kunde han
ikkje koma ifraa: at han hadde fenget
Haud istadenfor Laud, fordi han hadde
havt Robert Djevelen til Censor: Å
(Meir.)
«Vi har det saa gedt, som vi har
det!&
(Slutten.)
Aldri hev ei Styring voret so Jam-
merleg, aldri hev eit Herredøme av
Skarvar ført so mange Ulukkur yver
eit Land, at det ikkje finst dei; som
tykkjer dei hev det godt under slik
Styring. Det er med detta liksom med
annat vondt, som hender eit Folk, all-
stødt er det nokon, som tener paa det.
Brenn ein By og mange misser alt det
dei hev, so gjeng Prisen upp paa Mur-
stein, Timber og Arbeid. Vert det
Uaar og Svult, so tener ”Korupugar-
arne”. Vert det tett med Fallittar
og Utpantingar, so tener Skrivaren
grust. Aldri hender nokot so vondt,
at ikkje mange kann nytta Tilføret til
aa skrapa aat seg.
Daa Kristus kom til Jordi, totte
Farisæarar og Skriftkloke, at dei hadde
det godt; dei hadde Fred og Ro, og
det saag ut fyr, at alt gjekk bra.
Men so kom ”Folkeforføraren” og vende
Folket fraa Autoritetarne paa den Tid
og sparde ikkje dei, som blundande
likad seg so godt. Han kom ikkje med
Fred til dei, som sov, men me dkvasse
Ord; jamvæl hans eigi Moder skulde
Sverdet gjenomstinga. Mange skulde
han vera til Fall og mange til Upp-
reising, og dei som var bundne,
skulde han løysa or Lekkjom. Godt
var det, at det var mange, som totte»
at dei hadde det ikkje so godt endaa-
Sidan, daa Reformationen kom, skal
tru ikkje Prestar og Munkar hadde
det fælt godt og forbannad Luther,
som skulde koma og gjera Ende paa
den søte Freden?
Trur ikkje Novemberkaksarne, at
mange hadde det godt under Nero og
Caligula? Kunne elles slike Hardstyra-
rar setet so lenge paa Truna?
Me tykkjer no, at Liveigenskapen
var fæl, men det var mange i gamle
Dagar, som meinte, at Verdi kunne
ikkje staa, soframt dei Liveigne fekk
Menneskjerett, og mange totte, dei
hadde det ovende godt i den Tidi.
Ein Stad i Frankrike hadde Herre-
mannen Rett til aa skjera upp Magen
paa tvo Liveigne til aa verma Føterne
sine i Blodet, naar han hadde voret
paa Skytteri. Lat oss tenkja oss ein
slik Kakse, naar han kjem heim og
frys paa Føterne. Han læt Mennerne
sine henta fram tvo Liveigne, truleg
tvo, som ikkje kann gjera stor Nytte.
Dei kjem daa fram, desse tvo Stakkar-
arne, rædde og skjelvande, for endaa
so vondt dei hev det, so er daa Livet
kjært. Bit Par Mann tek daa og
spretter upp Magen paa dei tvo Stak-
kararne, Herremannen tek av seg dei
vaate Styvlarne, og set dei valne Fø-
terne sine ned i Magen paa desse tvo,
og medan han so vermer Føterne sine
i Gorr og Blodgyrma og dei Liveigne
strider med harde Dauden, so kosar
Herremannen seg i ein makleg Stol:
Um slikt hev hendt i Frankrike, er
uvisst, men so hadde Herremannen
Rett til aa gjera; og han totte visst
|han hadde det fælt godt.
Dei rike Plantage-Eigararne i Sud-
|statarne i Nordamerika stod paa det,
at dei kunne ikkje vera Trælarne fyr-
utan. Dei slo og dengde Trælarne
sine og trugad dei fagre Negergjen-
turne (for det er sume av dei og, som
er fagre) med Svipa i Handi til aa
gjeva seg yver, og det vantad ikkje
paa Prestar, som lagde ut um, at
detta høvde med Bibelens Lære. Desse
Kararne vart rike og hadde meir Upp-
lysning og Daning enn dei bondslege
Yankeearne i Nordstatarne, og hadde
det so godt, so det var svært.
I Adelsparkarne i gamle Dagar
gjekk det Hjortar og andre Dyr, som
Herremennerne skulde veida. Bønderne
fekk ikkje Lov til aa hava Byrsur,
daa dei lett kunne verta freistad til
aa skjota eit Dyr; Graabeinarne tok
Ungarne til Bønderne, det brydde ingen
seg um, men Verjur fekk dei ikkje
hava. Paa Aaland var det Log, at
skaut ein Bonde ein Elg, var det Liv
fyr Liv. Mange totte det var fælt
glupt aa liva i den Tidi.
Det var ein Konge, som het Ludvig
den l4de. Han budde i Versailles,
der det ikkje fanst andre enn hans
eigne Embætsmenner, Hoffadel, Solda-
tar og Arbeidarar, og alle dyrkad han
som ein Gud. Han hadde det godt.
Adelen hadde det og godt. Ein Adels-
mann hadde Pengar tilgode av ein
Borgar, gjekk til Kongen fyr aa faa
han til aa setja Borgaren i Myrkestova.
Ein Adelsmann hadde Hug paa eit
Gods, som ein Protestant aatte. Pro-
testanten vart jagad, Adelsmannen fekk
Godset. Ein Mann, som hadde ein
Friar, han ikkje likad, til Dotter si,
fekk Kongen til aa setja han paa Ba-
stillen. Dei Dragonarne, som Kongen
innkvarterad hjaa Hugenottarne, aat
og drakk upp paa faa Maanar, det
som Hugenottarne hadde spart ihop
alle sine Dagar, og tok Æra fraa Ko-
nurne og Døttarne, og totte visst dei
hadde det fælande gildt. Kva dei
stakars Protestantarne sagde, som laut
ro Galeiarne i Lekkjur ihop med Rø-
varar, elder Bønderne, som svalt ihel,
kven vilde spyrja um det? Ludvig den
15de hadde eit heilt Harem med væne
Gjentur, fyr alt det han hadde Titelen
”den allerkristelegaste Kongen.” Vilde
han hava ei fager Gjenta, sende han
Faren, Broren, Kjærasten elder andre,
som stod i Vegen, paa Bastillen. Han
hadde det visst godt, som han hadde
det. Og alle Hoff-Horurne, som stal
mangfaldige Millionar av Rikskassa,
lengtad visst ikkje so hardt etter Um-
brøyte, dei helder.
Lukkelege Fyrstar, som aatte Un-
dersaattarne sine liksom ein Eigedom!
Ein av dei tyske Smaafyrstarne, som
selde Folk til England under den nord-
amerikanske Ufreden fyr 100*) Aar
sidan, skulde hava nokot visst um
Aaret og endaa ein Sum Pengar fyr
kvar Mann, som fall. Naar han var
pengelaus, skreiv han til den engelske
Yvergeneralen og bad han stella det
50, at det kunne falla bra mange av
*) Eit Hundrad Aar!
Folket hans! Den Fyrsten likad visst
ikkje Folkesuveræniteten og Sjølvstyret
stort betre enn Novemberkultarne no
å
Etter den norske Grunnlogi hev
Kongen Rett til aa utnemna Embæts-
menner. I den Tidi, som Karl Johan
var Konge, so heldt dei detta fyr eit.
”kongelegt Prærogativ”, som Kongen
kunne bruka, Folket og Aalmennviljen
uspurt: Naar Kongen hadde budd ei
Natt hjaa ein Mann, og denne Mannen
hadde ein Son elder Maag, so var det
berre aa beda Kongen um det fyrste
Embættet, som kunne høya. Hadde
ein høg Embætsmann ein Son, som
skulde inn paa Sjøkrigsskulen, og hadde
andre Gutar av simplare Grjot aa kap-
past med, so fekk han ved Prøya vita.
Uppgaavurne i Fyrevegen og stod seg
ypparleg, segjer dei. Sjaa det var
den ”gode gamle Tidi”, og mange Folk
totte daa: ”Me hev det so godt, me
kann aldri faa det betre.”
Fyr nokre Aar sidan var eg i ei
Skogbygd; det var ein overlag streng
Veter, og Bønderne fraus og svalt, so
det var ille aa vita. Eg snakkad med
ei Frue um detta. Ho svarad: Dei
klagar so ille alle Folk, men eg tykkjer,
me hev det svært godt.” Mann hennar
aatte 400,000 Krunur, og Frua vog
2194, Skaalpund. Helles so var ho
snild i Grunnen; kom det ein fatig
Stakkar, so fekk han baade Mat og
Klæde; det er Synd aa segja annat.
Marie Antoinette, den franske Dron-
ningi under den store Revolutionen,
totte og ho hadde det godt, som ho
hadde det, og kunne ikkje skyna, kva
Folk gjorde Revolution etter. Dei
fortel, at ein Dag kom det setjande
inn til ho ein heil Brote med utsvoltne
Kvinnfolk og Born og skreik etter
Braud. Den snilde Marie Antoinette
visste Raad og sagde: ”Men, Gud,
kvifyr kann de daa ikkje kaupa Prin-
sesse-Kakur?
Kjære, elskelege Novembermenner!
”Et godt Ord finder et godt Sted,”
segjer eit gamalt Ordtøke. Lat oss
no forlikast um det, at me hev det
godt no. Me ligg langt etter i sume
Ting, Næringsvegerne trivst ikkje,
Kunnskapen er reint for liten, me hev
elt utlivt Byraakrati, som ligg som eit
stort Lik yver Utviklingi. Men, lat
gaa, me hev det godt; lat det no vera
alt ihop som det er, i 30 Aar. So
hev heile Europa gjenget fram. Daa
er der vel friare Styre i dei europæiske
Land, som endaa er mindre frie, som
Tyskland og Danmark (og Norig, men
her skal alt vera, som det er), Kunn-
skap og Upplysning hev daa aukat
paa alle Stader. Store Uppfinningar
hev dei gjort, kannhenda likso vigtige
som Jarnveger og KEimbaatar, nye
Vaapen hev dei fenget og mangt slikt.
Men i Norig, der var alt so godt, slik
som det var, ingenting er der foran-
drat.. Medan me hev sitet i 30 Aar
og gledt oss, fyr di me hadde det so
godt, so vaknar me upp ein vakker
Morgon,. og ser at me ligg so langt
atterut fyr andre, at me aldri tek dei
att, og at me i Røyndi hev havt det
fælt vondt. For vondt er det aa vera
laak og ikkje vita um det, so ein kann
faa retta paa seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>