- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
167

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

(Kongen) heil (sæl).”

O1de Oktober 1882.

Fedraheimen.

167

lar, ei ubyggjeleg Borg, der Tune laag
fullt av Skallar og Bein etter drepne
Fangar, ein By full av Staak og Stas
som London paa ”Borgarmeistardagen”,
og den tronge Stigen, so rett som ein
Traad, uppyver og nedyver Bakkarne,
gjenom By og Ulende til den svarte
Elvi og den glimande Porten. Ved
eit Tilfelle vilde dei fleste segja, ved
Guds Styring vilde han tvillaust sjølv
ha sagt, badde han soleids funni ut
den Gaava, han hadde fengji.

Han drøymde ikkje um, at han
heldt paa med eit Meistarverk. Han
kunde ikkje vita, kva Rom Skrifte hans
vilde koma til faa i det engelske Bok-
rike; for det engelske Bokrike kjende
han ikkje noko til. Dei, som trur, at
han hev studera ”The Fairy Queen”*)
kunde lett verta maalbundne, um det
her var rette Rome til aa granske dei
Staderne, der dei tvo Diktarverki skal
likne kvarandre. Det einaste Diktar-
verke, som han kunde jamføre sin
Pilegrim med, var Soga um Hr. Be-
vis av Southampton, den gamle kjære
Boki hans. Han vilde ha halde det
for ei Synd aa ha tekje noko av den
Tidi, han bruka til sitt aalvorlege
Lavsarbeid, til aa moroa seg med noko,
han heldt for ein Smaating. Han segjer
oss, at det berre var i samansparde
Smaastunder, at han skreiv vidare um
det fagre Huse, um det trylite Lande
osfr. Han hadde ingi Hjelp. Ingen
annan saag ei Line, fyrr det var fer-
digt. (Meir.)

Fraa den katholske Tid:

”Upphavet (det fyrste Bodet) i vaar
Lov er, at me skal bøygja oss mot
Aust og beda til den beilage Krist
um gode Aar og Fred og um aa faa
hava Landet bygt og Herren vaar
So byrjar den
eldre Gulathingsloven, og Keyser mei-
ner, at desse Ordi er tekne fraa den
Kristenretten, som Kong Olav sjølv
sette.

Kristendomen vart innførd ved Lov.
Den islandske Kristenretten (1123)
byrjar so: ”I vaare Pedrars Tid vart
den Loven sett, at alle Mann her paa
Landet skal vera kristne og tru paa
ein Gud, Fader, Son og den heilage
Aand.” Trui vart innførd i sjølve dei
norske Lovbøkerne og lyder so: ”Me
skal tru paa Gud Fader, den almegtige
Skaparen av Himmelen og Jordi. Me
skal tru paa vaar Drottin Jesum Kri-
stum, hans einborne Son, som er av-
lad ved den heilage Aands Kraft og
fødd av Møy Maria, pind under Pilats
Velde, krossfest, døydat og gravsett,
steig ned til Helvites til aa løysa ut
derifraa alle sine Venner; tridje Dagen
etter han var døydat i sin Manndom,
hans Guddom uskadd, reis han upp
av Dauden og var sidan hjaa Lære-
sveinarne sine i 40 Dagar fraa Paa-
skedag til Himmelferdsdagen, og steig
daa upp til Himmelen; derifraa skal
han koma paa denne Heimsens siste
Dag og døma kvar etter hans Forte-
nest. Me skal tru paa den heilage
Aand, at han er sann Gud som Fader
og Son, og dei tri Skilningar (”Begrep”)

*) Eit gamalt Digtarverk av Spencer.

er ein Gud. Me skal tru alt det, som
alt kristent Folk trur, og alle heilage
Menns damfund og den heilage Kyrkja
fyrr hev samtykt med ubrigdeleg Fast-
leik. Me skal tru, at Synderne vert
tilgjevne i Daapen og Anger og Skrif-
tegang, ved vaar Herre Jesu Kristi
Kjøt og Blod, som vert helgat i Messa,
ved Bøn, ved Olmosur og Faste, og
ved alt annat godt, som ein gjer, ten-
kjer elder segjer. Me skal tru, at
kvar Manns Likam, som er til Heimen
komen elder koma kann til Domedag,
skal daa uppstaa, og deretter skal
dei, som illa gjorde, og ikkje angrad
med Bot i denne Heimen, hava ende-
laus Ufagnad med Djevelen og hans
Erendsveinar i Helvite; men dei, som
godt hev gjort i denne Heimen, skal
daa faa og hava æveleg Fagnad med
Gud og hans Heilage i Himmerike.?

Den Kristendomen, som soleis vart
lovfest, var den katholke Trui, som
raadde i Landet, kann ein segja, fraa
1030 til 1536, altso i 500 Aar.

I dei fyrste 100 Aari, elder væl so
det, etter Olavs Fraafall (1030—1152)
vart den norske Kyrkja bygd. Si-
gurd Jorsalfarar innførde Tiendi, som
gjorde Kyrkja rik, og upprettad fleire
Bispestolar, og under Haraldssønerne
Sigurd, Munn, Øystein og Inge Krok-
rygg vart Inndelingi av Landet 1 Bi-
spedøme fullførd (Hamar Bispestol),
Norig fekk sin eigen Erkebisp (1152),
og den norske Kyrkja var fullt skipad.

— Av Kyrkjur var der 3 Slag: Fyl-
keskyrkjur (Hovudkyrkjur), Heradskyr-
kjur og ”Høgjendiskyrkjur” elder (pri-
vate) Kapell. Paa same Maaten var
der 3 Slags Prestar: Fylkesprestar,
Heradsprestar og Høgjendisprestar el-
der Hjelpeprestar (Kapellanar, Hus-
kapellanar). Den, som vilde verta
Prest, maatte kunna lesa, kunna litt
Latin, kjenna det vigtigaste av Kjyr-
kjelæra, som Paven hadde stadfest
henne, vera stød I Kyrkjeskikkarne og
Sakramentforvaltningi, og vita Greida
paa alle Helger og Fastedagar.

Bispen skulde i sitt Bispedøme
føra Tilsyn med Kristendomen og med,
at Prestarne retteleg styrde sitt Em-
bætt, skulde vigja Prestarne og alle
andre Kyrkjetenarar, ferma (konfir-
mera) Ungdomen og vigja Kyrkjur,
Altar, Kyrkjekar og ”Chrisma” elder
den heilage Oljen. Aarleg elder til
visse Tider skulde han yverfara (visi-
tera) heile Bispedømet. Han drog
ikring med 10, 15 elder 380 Mann;
Bønderne maatte skaffa Skjuss til ho-
nom og Fylgjet og hjelpa Presten med
aa føda dei. I kvar Sokn maatte han
vera 3 elder 5 Nætter. I Løn hadde
han Fjordeparten av Tiendi fraa kvar
Sokn og dessutan Part i dei Bøterne,
som vart ilagde for Brot mot Kristen-
retten.

Dei hadde, som den katolske Kyr-
kja enno, 7 Sakrament. Det fyrste
var Daapen (skirn, Skirsla), som
byrjad med ”Primsigningi:” Merkingi
med Korsteiknet (som vart gjort med
Chrisma elder vigd Olje), og deretter
vart Barnet tri Gonger neddyppat i
Vatnet, som maatte vera vigt med
Krossteiknet. I Naudhøve kunde dei
hjelpa seg med aa ausa Vatn paa

Barnet som no. Døydde eit Barn

udøypt, fekk det ikkje vigd Jord, men
vart nedgravet utanfor Kyrkjegarden.
Ein Mann og eit Kvende skulde halda
Barnet til Daapen; dei vart daa ”aan-
delege Skyldfolk”, baade til kvarandre
seg-imillom, og til Barnet, og til den,
som døypte; ”aandelege Skyldfolk”
maatte ikkje gifta seg med kvarandre.
Den heidenske Skikken aa ”setja ut”
Born (so dei døydde), vart forboden;
men Boti for aa gjera det var ikkje
større enn 3 Mark Sølv (seinare vart
dei, som gjorde det, utlæge). Dei
eldste Kristenrettarne gjev likevæl Lov
til aa avliva vanskapte Born. Var eit
Barn so vanskapt, segjer den gamle
Gulathings-Kristenretten, at ”Andlitet
snudde dit, der Nakken skulde vera,
elder Hælarne dit, som der skulde vera
Tær,” daa skulde dei føra Barnet til
Kyrkja, døypa det, og so leggja det
fraa seg i Kyrkja og lata det døy.
Den gamle Kristenretten for Viki segjer:
”Ein skal føda upp kvart Barn, som
kjem til Verdi, kristna det og føra
det til Kyrkja, utan det er født med
Vanskapning. Men den maa vera stor
paa det Mennesket, som Moer ikkje
maa gjeva Mat: Hælarne maa venda
i Staden for Tærne og Tærne i Staden
for Hælarne, Hoka millom Akslerne
og Nakken fram paa Brystet, Leg-
gjerne fram, Augo i Nakken, Sæls
Labbar og Hunds Hovud; det skal
førast dit, der korkje Fe elder Folk
ferdast, og bindast der; det er den
Vonde sin Stad. Er eit Barn belgboret,
det er: hev ein Belg istadenfor Andhit,
so at- kvar Mann kann sjaa, at det
ikkje kann taka Næring, daa skal ein
bera det til Kyrkja, lata det prim-
signa og leggja det for Kyrkjedøri.
Den nærmaste Frenden skal vakta det,
til dess det er daudt.”

— Kvar, som var eldre enn 7 Aar,
skulde aarleg paa Paaskedagen ”taka
corpus domini” (gaa til Alters). Var
ein 15 Aar gamall elder eldre, maatte
ein gaa endaa oftare, elder so maatte
ein bøta; heldt ein seg burte fraa
Nattverden i lenger enn tri Aar, vart
ein utlæg.

Ingen utan Bispen kunde konfir-
mera, og han gjorde det paa den Maa-
ten, at han las upp ein viss latinsk
Formular og visse latinske Bøner og
gjorde Krossteiknet paa Pannen aat
Barnet med vigd Olje. So gav han
Barnet eit lett Slag paa Kinnen og
sagde: pax tecum! (Fred med deg!)
og bad Faddrarne, som maatte vera
til Stades no som. ved Daapen, at dei
skulde sjaa til, at den unge vaks upp
i sin Kristendom. Deretter vart Kon-
firmanten umbunden ikring Pannen
med eit kvitt Band, so ikkje Salven
skulde renna ned, og det Bandet vart
ikkje løyst av fyrr den 7de Dagen etter.

Kyrkjebot elder ”Skrift” (ganga til
skripta) hadde etter Kyrkjelæra tri
Led: Anger, Vedkjenning og Bot.
Vedkjenningi elder sjølve Skiiftemaa-
let vart motteket av Presten (elder ein
prestvigd), som og fyreskreiv Boti og
gav Avløysning, utan i vigtigare Til-
felle; daa maatte Bispen sjølv avløysa
den botferdige. Boti vart for det
meste avgjord med Pengar, som vanleg
gjekk til Bispen. Men umframt Boti
var der Kyrkjestraffer, som vart paa-

lagde saman med Pengeboti elder
stundom utan den. Desse Strafferne
var: umframt Faste, Upplesing av Bø-
ner, Perder til heilage Stader, Avhald
fraa visse Ting, og (sjeldan i Norig)
Sjølvpisking. Men den høgste Straffi
var ”Exkommunikationen” elder Bannet
(det aa verta utstøytt av Kyrkja). Der
var eit mindre Bann (”forbod’): aa
verta utestengd fraa Kyrkja og Sakra-
menti for ei Tid; og eit stort: ana-
thema (”bann”, ”bamnsøngr”): aa verta
utstøytt av Kyrkja og forbannad.
(Meir.)

Kristiania, den 20de Oktober.

”Grundlovspartiet.” Fyrr hev Morgen-
bladet talat um ”Følger, hvorfra den
Almægtige bevare os”, um ”Kongen, som
skal
Haanden”, um aa ”sætte de juridiske
Distinktioner til Side, fordi man har
Magten”, osfr.; men no er Morgenbladet
so hugsprengt og yvergjevet, at det ikkje
lenger kann venda sin Tale; det skrik
ut si Hjartans Meining i reine og klaare
Ord.
dersom Folkets Fleirtal ikkje gjev upp

slaa Storthinget Revolveren af

Dersom Vinstre vert for sterkt,

sine Meiningar, — so ”vil en dristig Re-
gjering ikke resikere meget, men den
vil meget mere have Landets
Kræfter med sig, om den, beraabende
sig paa Nødværgets Ret (!!) — Gud
afvende Varslet — vover et Statskup,
hvormed Storthingets Beslutninger aa-
benbart tilsidesættes.”

— Stakkars Morgenblad.
hev det øydt upp alle sine Raader, so
djupt hev des køyrt Høgreskuta i Aake-
ren, at no ser det ingen anden Utveg

So reint

enn — det svarte Lovbroi.

Det likefram lokkar Regjeringi til
aa gjera Statskup. Dersom Regjeringi
gjorde det, so vilde ho ikkje vera ”for-
brydersk”, men ”dristig”, og ho vilde
hava ”Landets bedste Kræfter” (Ohristian
Friele og Amandus Schibsted) med seg
paa sin syrgjelege Udaad. Ja Morgen-
bladet prøver paa Forhaand aa hjelpa
Regjeringi til aa forsvard ein slik Gjer-
ning; ho kunde, segjer Mrgbl:, ”beraabe
sig paa Nødvergets Ret” — d. v. s.
”Retten” til aa verja sine Statsraads-
embætte med Meineid og Lovbrot. —

Og midt i dette Snakket rengjer
Morgenbladet paa Tatuffes Vis Augo
mot Himmelen og segjer: ”Gud afvende
Varslet.” —

Grunnlovspartiet,
tro,” dei lovlydige, dei ”kristelege” —
slik er dei, naar dei gløymer aa venda

dei ”forfatnings-

sin Tale!

Kristianiavalet. Val-Loven segjer, at
alle Røysterettige, som melder sig til
Innføring i Manntalet fyre Valgforret-
ningi byrjar, dei skal innførast. 350
Bygselmenn melde sig til Innføring
Dagen fyre Valet, men dei vart ikkje
innførde, fordi Borgermeistaren ”ikkje
hadde Tid.”

Borgermeistaren skulde snakka med
Fölk, som kom, og han skulde i For-
mannskapet um Ettermiddagen. Det er
fortalt, at Kontoret vart stengt Kl. 2
um Dagen, endaa det hellest plar vera
uppe um Ettermiddagen og.

Men det merkjelegaste er, at dei
hadde havt Tid til aa innføra alle, som
hadde Borgarbrev; det var berre dei

»

beste .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free