- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
172

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

172

Fedraheimen.

28de Oktober 1882.

det gamle Saudeslaget her i Landet.
No var dette uppblandad, iser med
Cheviot, og det sagdest, at skulde dette
Slaget trivast, maatte det hava so
mykje dyrare Vinterfoder, at ein kann
henda var likso væl faren med dei
gamle.

Til denne Avdeling høyrde dessutan
Svin og Husfuglar. Av desse var der
framsynt ymse, som det var nokso for-
vitnelegt aa sjaa.

III. Til denne Avdeling (utstillt i
Kongsgardshagen) var innmellt 566
No. Treskjemaskinarne tok her etter
Maaten det største Romet — og kan-
henda den største Interessen. Dei vart
prøvde i Hillevaag, Dagarne fyrr Ut-
stillingi vart opnad. Fit Par Undan-
tak fraatekne var det berre Piggma-
skinar. Dei arbeidde baade fort og
væl, men Bonden her hadde mykje aa
segja paa dei, fyrdi dei hakkad Hal-
men. Best Lov fekk Mesna Bruk og
Heyerdabl & Co. Det er undarlegt,
at dei i desse Dagar, daa so mykje
Arbeid vert utførd med Maskinkraft,
kann arbeida upp so mange Treskje-
maskinur for Haandkraft. Hakk- og
Konreinskningsmaskinar var og væl
framsynte, like eins Plogar. Fyr desse
tok Gøteborgs mek. Verkstad iaar Prisen
paa Hjalmarfors som vannt $isst. Av
andre Premitakarar fyr Plogar kann
nemnast Fabrikant O. G. Kverneland
or Thune. Hans Plog syntest vera
den billegaste etter Konstruksjon og
Arbeid, som var godt og sterkt. Av
annat her, som kanhenda kunde koma
i Bruk paa Slettbygdi, vil eg nemna
nokre smaa Kornmyllur av Staal, som
stod paa ein liten Fot og var lette aa
flytja. Dei kunde drivast med Haand-
kraft, og kunde let setjast i Gong med
Hestkraft. Berre dei ikkje vert van-
skelege aa faa istand, naar dei slitst
nokot. Nokre Maskinar til aa reida
Torv med, framsynte av ”Sandvigens
Fabrik”, Stavanger, og ein Taksteins-
maskin var og forvitnelege aa sjaa.
I Gymnastikhuset var utstilt ei Mengd
med Haandreidskapar, Spader, Grei-
per, Høygaflar m. m. og enklare Ma-
skinar, Kjinnur, Smør-reidingsbrett og
Avkjølingsspand for Mjølk, utstillte av
Hr. S. H. Lundh & Co. I denne Av-
deling vart det gjevet 76 Præmiar.

Avdeling IV var utstilt i Skulebu-
set paa Kongsgard, og fyllte 12 store
Skulerom. Til vinstre av den breide

-Gongen som gjeng tvers gjenom Huset,

var ”Meieriprodukter” (Budraatt) fram-
synte. - Fyrst hadde ein her Smør-
Slag: — Smør fraa Meieri, fraa større
Gardar og fraa mindre Gardar. Det
siste Slaget syntest vera besst fram-
synt og fekk etter Maaten dei fleste
Premiar. Av Ost var utstillt nokot
mindre, men ymist god.

Til vinstre av Gangen var 4 saman-
hengjande Rom fulle av dei mest
ulike Slag av Framavlingar, fraa Rot-
frukter upp til den finaste Trefrukt.
Av dei fyrste var det mest av Poteter,
som rimelegt kann vera, daa der paa
Jadren drivest mykje paa med Potet-
avl. Av andre Rotfrukter kann nem-
nast Turnips, Gulerot og Pastinak. —
Kornet totte Prisdømararne var væl
litet reinskat til aa vera lett aa faa
selja, liksom dei hadde litet Von um,

at den gamle smale og tjukk-skalade
norske Havren kunde halda seg paa
Marknaden jamsides den runde engel-
ske. Havremjølet og iser Havregryni
saag det ut til, at Austlendingarne
likad.

Av Grønsaker var og utsynt ikkje
so litet, likeins av Trefrukt, etter Aaret,
som no ikkje skal gjeva nokon stor
Haust av det Slaget. Det vestlandske
Skogvæsen m. fl. hadde stillt ut ymse
Trefræslag og Tre. Av Biavlen var
aa sjaa baade Honning og i Industri-
avdelingi Kubur. Av Prydvokstrar
hadde Gartner Zetlitz i Stavanger ut-
stillt ein heil liten Hage, med fine,
sandstrødde Spadsergangar, dette tok
eit Rom for seg i andre Høgdi av
Huset.

V. Denne Avdeildi var skral, berre
26 No. Messt Kart; Bygningsteik-
ningar og Teikningar til Hagar, Regn-
skapar fyr Landbruket; tilstelde (præ-
parerede) Fodervækstar, 1 Steinsam-
ling fra Vestlandet o. m.

VI Avdeling var derimot somykje
rikare. Her var ialt innmeldt 782 No.
Det er faafengt aa freista paa berre
til nokotsonær aa nemna alt det der
var, som var verdt aa nemna. Um
Lesaren vil vera med inn her, lyt han
fylgja med upp i det nye Aalmugskule-
huset atmed St. Petri Kjyrkja. Her
var stappfullt fraa øvst til nederst i
beggje Høgder. Nede var der især
Haandverks- og Fabrikarbeid i Metal
og annat grovare Virkje, som Takstein,
Veiterøyr m. m. Her var og utstilt
ein Samling Telefongreidur og elek-
triske Ringjegreidur. I øvre Høgdi
var mest av kvinnelegt Haandarbeide.
Her bør nemnast Arbeid fraa 0. Nor-
heims praktiske Gjenteskule og fraa
Fredriksstads Arbeidsskule. Det er
hugnadsamt aa sjaa, kor Gutar paa
10—14 Aar kann verta glupe, naar
dei fær øva seg under kunnigt Tilsyn
med skikkelegt Verkty og Vyrkje. Ein
maa ynskja, at der maatte verta Raad
for mange av desse Smaagutarne ut-
yver By og Bygd til aa faa ei slik
Upplæring, og dermed faa betre Bruk
for all den Tidi, som dei so tidt bru-
kar til Ugagn.

Av Kvinnearbeid fraa Bygderne
vil eg nemna Gardin til Vindaugo og
Dørar, Yverdrag til Sofaer osfr., av
fargat Vadmaal. Alt slikt Arbeid,
som gjeng ut paa aa tilverka Landets
eigen Avle, so han kunde brukast

.istadenfyr dette innførde Fabriksty,

maa visseleg vera til Upphjelp for
Lands Vælstanden, helst etterkvart som
det vert utviklat; og til dette burde det
hjelpast fram.

Fraa Vinje i Thelemarki var utstilt
mykje framifraa fint Treskjerararbeid.

— Gav Utstillingi mykje aa sjaa,
so var ho helder ikkje folketom. —Sisste
Sundagen ho var uppe, sagdest det,
at der var ikr. 3000 Billetter til Av-
deildi III og IV. Som eit Prov paa,
at ikkje alt Landbruksstellet vaart er
so laakt, kann nemnast, at ein dansk
Landbrukskjennar skulde hava sagt,
at Gardsdrifti i Hillevaag var eit av
dei hævaste i Skandinavia.

Kristiania, den 27de Oktober.

Kristianiavalet. Høgre vann, og vann
med Glans. Der var mange fleire Hø-
gremenn denne Gongen enn i 1879,
men færre Vinstremenn — aa, desse
Kristiania- Vinstremenn! — og Morgen-
bladslista gjekk igjenom med knusande
Fleirtal.

— Fleirtal?” Kva skal Faatalsmenn-
erne med Fleirtal?” — Aa jau, naar dei fær
det, so er dei so men glade til, og daa
nemner dei aldri eit Ord um, at Regje-
ringi bør ”beskytte Minoriteten.”

Morgenbladet vann. Morgenbladet
vann som vanleg. Kristian Friele stend
som Jakob von Tybo i Brabrat aaleine
mot ein heil By. Mot honom ryk dei
alle ihop, baade Pengekongen Hefty og
Professor Aubert — og kven som hel-
lest vil prøva seg av desse ”Byens Bor-
garar”.

Du arme Kristiania, som av ein spe-
full Lagnad vart utvald til Norigs Ho-
vudstad! Ikkje for ingen Ting misste
du ditt gamle gode norske Namn; og
ikkjefor ingenting heiter du no Kristiania,
det vil segja Byen hans Kristian Kvart,
—- og Byen hans Kristian Friele.

Litt Moro var der likevæl ved dette
Kristiania- Valet: dei megtige Byens
Borgarar gjorde ein Freistnad paa aa
reisa seg mod Frieleveldet.

Dei vise Borgarmenn gjorde ein Ko-
mite, som skulde setja upp ei Valmanns-
lista.
og sin

Morgenbladet med sin Aftenpost
Kreds af Medborgere”
skulde ikkje lenger gjera reint som dei
vilde , tenkte dei; dei megtige Hovud-
stadsborgarar vilde sjølve hava eit Ord
med i Laget.

Men so kom Morgenblad-Aftenposten
med si Lista likevæl; Morgenblad-Aften-
posten vilde ikkje vita av mnokre res
NOVvEÆ.

Daa Borgarne saag, at Kristian Fride

”vide

ikkje vyrde dei meir, so laut dei til aa
tinga med Kristian Friele.

Og Kristian Friele var naadig mot
Han let dei faa
heile 7. Mann av sine inn paa Morgen-
bladlista — 7 Mann av 76 —, og dei
megtige Hovudstadsborgararne gneid seg

dei megtige Borgarar.

i Henderne og sagde: sjaa! me er daa
ikkje ingenting, me helder!

Dette var godt og væl.
det fleire Røysterettige,

der vera fleire Valmenn; og daa sette

Men so vart
og so skulde

Morgenbladet inn dei, som det vilde
hava, derimillom tvo Menn, som Bor-
gararne ikkje vilde hava; men det brydde

ikkje Morgenbladet seg um.

Daa vart dei megtige Byens Bor-|»

garar harme, og gjenom ”Fædrelandet”,
som liksom skulde vera ”Organ” for den
sjølvstendige ”Borgarkomiteen,” sende
dei ut eit jammerfullt Upp-rop og sagde,
at Morgenbladet var ein hard Herre,
som vilde vaa Grunnen aaleine, men det
burde ikkje Hovudstadens Borgarar finna
seg i; dei burde røysta paa Komitelista,
som var kvit, og ikkje paa Morgenblads-
lista, som var grøn! det vilde ingen Skil-
nad gjera i Utfallet;
protestera mot Morgenbladets Einvelde,
og difor burde dei røysta paa Komite-
lista.

So kom Valdagen. 1800
Mann røystad paa Morgenbladslista, ikring

500. røystad paa Komitelista. Daa lo

men dei burde

Ikring

visst Friele godt, og me kann aldri tru
annat enn at han sagde til seg sjølv,
som han hadde Rett til aa segja: eg
kjenner mine Dyr. —

Sidan hev Morgenbladet og Fædre-
landet trættat um dette og hev sagt
kvarandre ymse drjuge Ord. Men kven
bryr seg um ”Fædrelandet?”

— Kristian Friele er Herre i Byen.
Byen, det er Friele. Naar han ein Gong
er daud — Gud avvende Varslet! —
so vil Kristiania Kommune støypa han
i Bronce og setja han upp paa Stor-
torgi paa Sida av hans store Namning,
og daa vil Kristiania hava tvo store
”Seværdigheder” aa bjoda paa for Fra-
mandfolk, som kjem til Landet.

Den eine Dagen segjer Mgbl.: Me vil
hava Grunnloven av l7de Mai.

Den andre Dagen segjer det: aa gjev
Regjeringi vilde gjera Statskup!

— Og den tredie Dagen gjeng Kri-
stianiaborgararne avstad og røystar —
paa Morgenbladslista.

Stolte Folk, desse Kristianianord-
menn! —

Stavanger er Vinstre. Dei sender oss
Rektor Steen. Dessutan sender dei Pre-
sten Oftedal, som altso endeleg hev naatt
upp. Gjev det liberale Stavanger maatte
hava betre Lukka med honom enn det
hadde med Henrik Svendsen! —

— QLaurvik og Sandefjord er
likeeins Vinstre.

Det er ikkje alle Byar, som vil hava
Statskup, Morgenblad!

Stortingsval. I Kristiania er valde:
Advokat FE. Stang, M. Birkeland,
Advokat J. Ihlen, Professor F. W.
Bugge. —Varamenner: J.C. Heuch,
Carl Gulbranson, Karl Hals, B. Getz.

I Stavanger: J. Steen og L.
Oftedal. Varamenner: L. Eide og
Bakar B. Pedersen.

I Telefylket: H. Bentsen, P.
Rinde, O. Thomesen, Olaf Sveins-
son. — Varamenner: F. Jespersen, S.
Sundbø, V. Ullmann, H. Tyedten.

I Drammen, Skien og Brevik vann Høgre
ved Valmansvali.

Naar nokon skriv imot Vetoet, se-

gjer ”Fædrelandet”: ”Det er overfia-
diskt”; Forfatteren bør lesa ”Fakultets-
betænkningen? væl. Legg Merke til

dette, inkje Grunnlogi, inkje andre Bø-
ker um Vetoet skal ein studera, berre
”Fakultetsbetænkningen”. — d. —

- Pastor Oftedal klagar yver, at ”Fæ-
drelandet?” inkje hev teket inn hans
Svar til Klavenæss. ”Fædrelandet” sva-
rar, at det inkje finn, at Oftedals Stykke
modbeviser” Klavenæsses. Redaktionen
fyr ”Fædrelandet” finn det, dermed skal
Lesarne vera fornøgde. Det er nok an-
dre enn Leo XIII, som trur, at dei er
Pavar. SER

Lysingar.
Qvams 5 Skole.

er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for
ældre paa Latin- og Engelsklinjeri, Latin-
gymnasiets iste Klasse og begge Realgym-
nasiets Klasser, Flere Elever kan nu mod-
tages.

ds

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free