Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fedraheimen.
—=—===OOO-<8$O-OO-O——
Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt. Betaling fyreaat.
Fit Blad aat det norske Folket.
Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.
No. 44,
Kristiania den 4de November 1882.
6. Aarg.
TRASEEN RET
Baktalings-Skule.
Lystspel i 5 Bolkar
af Richard Brinsley Sheridan
(fødd i Dublin Septb. 1751, daaen 7 Juli 1816.)
I Umskrift fraa Engelsk.
Andre Bolken.
Fyste Møtet.
Eit Rom 1 Sir Peters Hus.
(Sir Peter og Lady Teazle koma inn).
Sir Peter. Lady Teazle, Lady
”Teazle, eg vil ikkje tola det.
Lady Teazle. Sir Peter, Sir Pe-
er, du maa tola det elder ikkje, det
kann du gjera, som du vil; men eg
maa ganga min eigen Veg i Alt, og
«eg vil det og. Um eg er uppali paa
Landet, so veit eg daa, at Stor-Kvende
av den høge Stand i London ikkje
trengja til aa gjera nokon Reiknskap
for nokot, naar dei er gifte.
Sir Peter. Det var gildt, Lady,
mykje gildt. Soleids skal ein Mann
ikkje hava nokot Magt elder Velde?
Lady Teazle. Magt! Nei slet
ingi. Vilde du havt Magt yver meg,
:so skulde du knesett meg og gjort
meg til din Erving, og ikkje giftat
deg med meg og gjort meg til Kona
«di. Du var gamal nog til det.
Sir Peter. Gamal nog, — ja der
kjem det. Mykje væl, Lady Teazle;
men um Livet mitt skal verta surt og
pinesamt ved alle dine Narrestrik, so
vil eg daa ikkje verta ein øydelagd
Mann av all denne Øydslingi di.
Lady Teazle. Øydslingi mi? eg
Ær viss paa det, at eg ikkje øyder upp
meir en kvar Kvinna av høg Stand
her maa gjera.
Sir Peter. Nei, nei, Lady. Du
skal ikkje kasta meir Pengar burt til
al slik urimleg Stas. Tenk, du gjev
fleire Pengar burt for aa faa pyntat
upp med Blomor um Vetteren Paakle-
dingskammerset ditt, enn det treng-
test til aa umgjera Kongsgarden til
eit Drivhus og gjera eit stort Jolegilde.
Lady Teazle. Og er eg aa lasta
fyredi, at Blomarne er so dyre i kalde
Vettren? Du borde finna Felen i Vedr-
laget og ikkje hjaa meg. Det kann
eg segja med Sanning for min Deil,
at eg ynskte, at det var Summar Aa-
vet runt, og at der grodde Rosur un-
der Føterne vaare.
Sir Peter. Aa, Lady, um du hadde
voret fødd til slikt, so skulde eg ikkje
undrast paa, at du talade so; men du
Personerne. Sir Peter Teazzle. Sir Oliver
Surface. Sir Harry Bumper. Sir Ben-
jamin Backbite. Josef Surface. Karl
Surface. GCareles. Snake. Crabtree.
Rewley. Moses. Trip. Lady Teazzle.
Lady Sneerwell. Miss. Candour. Maria.
TETT TETTE TNT
gløymer den Stand, du var i, daa eg
giftad meg med deg.
Lady Teazle. Aa nei, det gjerer
eg ikkje. Det var ein daarleg Stand,
ellest hadde eg ikkje giftat meg
med deg. p
Sir Peter. Ja, ja, Lady, du var
nog laagt nere daa, Dotter av ein
ring Herremann paa Landet. Min-
nest du, Lady Teazle, daa eg saag
deg fyste Gongi, daa du dreiv paa
med Saum, og sat der i ei ring Le-
rifts-Døs, med eit Lykle-Knippe ved
Sida. Haaret dit var kjembt og greidt
1 ei Fletta, og Veggjerne i Kammerset
dit var uthengde med Uldbond, som
var komne til ved ditt eiget Arbeid?
Lady Teazle. Ja, eg minnest det
væl. Det var eit morosamt Liv det.
Min daglege Dont var aa hava Upp-
syn med Mjølkebudi, aa sjaa etter
Hønehuset, læra Leksor i Kjøkenboki
og kjemba Moster Deboras Lume-
Hund.
Sir Peter.
rett so.
Lady Teazle. Og du veit, kvat
som var mi Kvelds-Moro, aa laga Myn-
ster til Kragar, som eg ikkje aatte Ty
til aa sauma, aa spela Pave Johanna
med Presten, aa lesa ei Preika for
Moster mi elder aa sitja ved eit gamalt
Strengjespel aa faa svævt Far min
etter ei Ræve-Veidd.
Sir Peter. Eg er glad for, at du
heve so godt Minne. Det var den
Slags Moroskap eg tok deg burt ifraa.
No vil du hava di eigi Vogn av det
gildaste Slag, tri staselege Tenarar
ved Vogni di, og um Sumaren tvo
kvite arabiske Hestar for Vogni, naar
du vil aka til Kensington. Du heve
nog gløymt den Tidi, daa du var glad
ved aa faa rida bak ved Ryggen til
din Fars Kjøyregut paa ein laak Plog-
hest med avstumpad Rova.
Lady Teazle. Eg sver paa, at
dette er ikkje sant. Eg kjenner korkje
til Kjøyreguten elder til Ploghesten.
Sir Peter. Dette, Lady, var din
Stand, og kva hev ikkje eg gjort for
deg? Eg hev gjort deg til ei Lady av
høg Stand, av Rikdom, av høg Rang,
kort aa segja: eg heve gjort deg til
mi Kona.
Lady Teazle. Det var rett; no
er det berre ein Ting att, som du kann
gjera meg til, for at alt kann verta
gilt, og det er — — —
Sir Peter. At du vert mi Ekkja,
kann eg tru?
Lady Teazle. Naa, naa —
Sir Peter. Takk, Lady; men du
maa ikkje narra deg sjølv; for um di
Ja, ja, Lady, det var
daarlege Aatferd kann øydeleggja min
Fred, so skal den ikkje knusa Hjartat
mit, det skal eg lova deg. Men eg
takkar deg, for at du peikar paa slikt.
Lady Teazle. Kifyr vil du ende-
leg gjera det paa Tverka fyre meg
og setja deg upp imot kvart eit litet
Utlegg til Stas? N
Sir Peter. Kvat for nokot, Lady?
hadde du nokot slikt Utlegg til Stas,
daa du giftad deg med meg?
Lady Teazle. Tenk, Sir Peter,
vilde du daa, at eg skulde leva imot
det, som sømer seg vaar høge Stand?
Sir Peter. Stand? Kvat hadde
du med Stand aa gjera, fyrr du vart
gift med meg?
Lady Teazle. Eg trudde at du
vilde gjerne, at Kona di skulde verta
halden for ei Lady av god Smak.
Sir Peter. Der kjem det — Smak?
Jau, Lady, du hadde Smak, daa du
vart gift med meg.
Lady Teazle. Ja, du heve Rett,
Sir Peter, det kunde ikkje vera Tale
um Smak, naar eg giftad meg med
deg. Men no, Sir Peter, daa me no
heve fengjet Slutt paa vaar daglege
Tretta, saa tenkjer eg, at eg vil gaa til
Laget hjaa Lady Sneerwell.
Sir Peter. Jau, det er eit fint
Lag, ein tekkjeleg Hop med Kjennin-
gar du heve fengjet der!
Lady Teazle. Ja, Sir Peter, dei
er alle Folk av Rang og Rikdom, og
dei halda godt paa sit gode Lovord.
Sir Peter. dJa dei halda so strengt
paa sit gode Lovord, at dei tola ikkje,
at nokon annan heve eit gott Ord paa
seg. Det er ein fager Flokk! Mangein
Stakkar heve fengjet kleda Galgje og
Grein, som heve gjort mindre Fante-
strik enn desse Baktalarar, Ljugarpakk
og Kjeltringar hava gjort.
Lady Teazle. Kven skulde hindra
Folk i aa tala fritt?
Sir Peter. Aa dei hava fengjet
deg med seg likeso langt, som ein av
deira eiget Lag.
Lady Teazle. Ja, eg tenkjer nog,
at eg kann te meg med Ynde og Vyrd-
nad. Men eg lovar for, at eg heve
ingjen Uvilje imot Folk, som eg bak-
talar. Naar eg segjer nokot vondt um
nokon, er det berre av Godlynde, og
eg trur, at det gjeng andre sameleids.
Men du minnest nog, Sir Peter, at du
heve og lovat aa koma til Lady Sneer-
well.
Sir Peter. Ja, eg skal nog vita
aa passa paa meg sjølv og mit gode
Namn.
Lady Teazle. Ja, so fær du
skunda deg og koma etter meg, so
TIR EEE
det ikkje vert for seint. Far væl so
lengje! (ho gjeug ut).
Sir Peter. Jau, eg heve vunnet
mykjet ved mine Paaminningar. Men
det er daa ei vinnande, sterk Magt i
alle hennar Ord mot det, som eg segjer.
Og slik Ynde det er i den Mismeting,
ho visar imot sin Manns Yvermagt.
Ja, um eg ikkje kann faa henne til
aa halda av meg, so er det daa rett
eit Nøgje aa skjennast med henne; og
eg tykst aldrig, ho er so væn, som
naar ho brukar si heile Magt for aa
plaga meg.
Andre Møtet.
Eit Rom i Lady Sneerwells Hus.
(Lady Sneerwell, Mrs. Candour, Crabtree, Sit Benjamin
Backbite og Josef Surface koma).
Lady Sneer.
faa høyra det.
Jos. Surf. Javist, javist, Inskrifti.
Sir Benj. Aa, Morbror min, det
er berre Smaating.
Crabt. Nei, langtifraa; det er eit
fagert Vers, til aa vera skrivet paa
standande Fot.
Sir Benj. Mine Ladyer, de borde
kjenna lidt til Umstødi. De maa vita,
at ein Dag i siste Vika, daa Lady Cur-
ricle ok i Stasvogni si i Hyde Park,
daa ynskte ho, at eg skuldes kriva
eit Vers um dei smaa Hestarne hennar.
Eg tok daa upp Lume-Boki mi og
skreiv i den paa standande Fot dette
Verset :
Ja, me vil verkeleg
So fagre Hestar fyrr hev aldri nokon set.
Finna Make til deim, det fell ikkje lett.
Dei heve granne Leggjer og ganga fager Gang.
Og Maani henger sidt, og Rova den er lang.
Crabt. Sjaa her, Ladyer, detta
Diktet er gjort so fort som eit Piske-
smell og paa Hesteryggen.
Jos. Surf. Det var rett ein Føbus
til Hest det, Sir Benjamin.
Sir Benj. Aa, det var berre Smaa-
ting, Sir.
(Lady Teazle og Maria koma inn).
Mrs. Cand. Du maa endeleg lata
meg faa ei Avskrift.
Lady Sneer. Lady Teazle! Eg
vonast, at me fær sjaa Sir Peter her.
Lady Teazle. Eg trur, han vil
hava den Æra aa koma strakst.
Lady Sneer. Mi kjære Maria.
Du ser so sorgmodug ut. Kom, sit ned
og spela Kort med Mr. Surface!
Maria. Eg likar litet Kortspel,
— men eg skal gjera det, du tykjer
best um.
Lady Teazle æavsides). Det var un-
darlegt, at Mr. Surface skulde setja
seg ned og spela med henne. Eg trudde,
at han vilde nytta Tilhøve aa faa tala
med meg, fyrr Peter kjem.
Mrs. Cand. Nei, nei. De er so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>