Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1lte November 1882.
Fedraheimen.
179
var nog viljug til aa høyra paa meg,
for du hadde aldri havt slikt Tilbod fyr.
Lady Teazle. Hadde eg ikkje
jagat Sir Tivy Terrier, som alle segja
vilde voret ein betre Mann? For hans
Stand er likeso god som din; og han
heve knekt Halsen sin, sidan me vart
gifte.
Sir Peter. Kvat heve eg ikkje
gjort for deg Lady, men du er ei kjen-
slelaus, utaksam Kona — men det
maa vera Ende paa alt. No trur eg
deg i Stand til alt ilt. No trur eg
det er sant det Ordet, som gjeng um
deg og Karl, ja rett um deg og
Karl — — —
Lady Teazle. Tak deg no i
Vare! Det burde voret usagt. Eg vil
ikkje vera misstenkt utan Grunn, det
lovar eg deg.
Sir Peter. Væl, mykje væl, Lady
Teazle, — ein Skilnad so snart du vil,
ein full Skilnad. Eg vil gjera ei Prøva
med meg sjølv til Varning for alle
gamle Sveinkallar. Lat oss skiljast,
Lady!
Lady Teazle. Ja, ja, lat oss det.
No min kjære Sir Peter, no er me daa
med ei Gong vorte so framifraa sams;
no er me det sælaste Par, som
aldri skal trætta meir, hahaha, no vert
du sinnt, ser eg, so gjeng eg. Farvæl.
ho gjeng).
Sir Peter. Skam og Ulukka! Kann
eg daa ikkje gjera henne sinnt? Aa,
eg er den ulukkelegaste Mann. Men
ho skal ikkje ikkje tru, ho fær sin
Vilje fram; nei, um ho knuser meg,
skal ho ikkje faa sin Vilje fram (ra
(Meir.)
gjeng).
John Bunyan.
(Etter Macaulay.)
(Fraa No. 42. Slutten.)
Daa raadspurde han dei gudelege
- Venerne sine. Nokre lika det; andre
mislikad det overlag; det var ei verds-
leg Soga, berre eit Dikt um Kjempur,
Løyur, Troll og Hermenn, som snart
slost med Troll, snart vart trøysta av
vene Kvende i fagre Slott. Dei laus-
lynde, gudlause Diktarar i London
kunde skriva slikt noko til Gaman for
dei utmaala Jesabel’erne ved Hoffe;
men var det sømeleg, at ein evange-
lisk Prest apa etter dei vonde, verds-
lege Skikkanne? Det var ei Tid, daa
slikt Rør av nokre Narrar vilde ha
gjort Bunyan ulykkeleg. Men den
Tidi var ute, og Hugen hans var no
sterk og sunn. Han saag, at han
berre fylgde den Mannen, som alle
kristne maa ha til Fyregangsmann,
naar han bruka Diktning for aa gjera
Sanningi klaar og Godskapen dragande.
Han leet Boki prente.
”Pilegrimens Ferd” smaug seg stillt
inn i Verdi. Me veit ikkje av eit
einaste Eksemplar av fyrste Utgaava.
Me veit ikkje, naar ho kom at. Det
er mogeleg, at den Ilitle Boki berre
vandrad ikring millom fatike og ukjende
sertruande den fyrste Tidi.
Men snart tok ho paa aa gjera Veg
for seg.
I dei puritanske Husi, der aldri
Skodespel hell Romanar kom innan
Dyri, hadde Boki ein Verknad, som
ikkje noko Aandsverk kann ha paa
ein Hug, som er van til all Slag Les-
nad, um det so var gildare enn Ilia-
den, Don Quixote hell Othello. 11678
kom det ut ei ny Utgaava med Tillegg,
og so vart Krave utan Ende. I dei
fire Aari etter vart Boki prenta uppatt
seks Gonger. Den ottande Utgaava,
som inneheld dei siste Forandringanne,
Bunyan gjorde i Boki, kom ut i 1682,
den niande i 1684, den tiande i 1685.
Bilætskjeraren maatte snart hjelpe til,
og mange tusund Born saag med
Rædsle og Hugnad paa nokre ynke-
lege Teikningar av Kristen, som stakk
Sverde i Apollyon hell vreid seg i
Famntake aat Kjempa Vonlaus. I
Skotland og nokre av Nybygdenne var
Boki endaa meir folkekjær. Bunyan
hev sjølv fortalt oss med ei Faafengd,
som me lett kann tilgjeva ban, at
Draumen hans i Ny-England var Sam-
taleemne aat Folk i tusundtal, og at
dei heldt Boki verdig til aa bindast i
dei finaste Permar. Han vart namn-
gjeten i Holland og millom Protestan-
tanne i Frankrike. Men han fekk
finna, at det var ikkje berre Gaman
aa vera namngjeten. Laake Bokselja-
rar gav ut Ruskebøker med Namne
hans paa, og ovundsame Skrivarar
paastod, at det var umogelegt, at den
fatike, ukunnige Kjetelbøtaren kunde
ha skrivi ei Bok som Pilegrims Ferd.
Han tok den rettaste Vegjen for
aa møta baade dei som etterlikna han,
og dei, som baktala. Han arbeidde
vidare paa den Gullgruva, han hadde
funni og drog ut nye Skattar. Dei
vart ”kje framvunni so lett og so rikt,
som daa den fruktrike Jordi endaa
ikkje hadde bori Grøde; men dei gjorde
likevel so stor Lykke, at alle andre
Etterliknarar vart liggjande langt
atterut. I 1684 kom ut det andre
Binde av Pilegrimens Ferd. ”Den hei-
lage Krigen” fylgde snart etter; ei
Bok, som vilde vera den nestbeste Alle-
gori, um ikkje Pilegrimens Ferd var til.
Bunyan hadde no eit heilt anna
Rom i Samfunde, enn han fyrr hadde
havt. Det hadde vori ei Tid, daa
mange sertruande Prestar, som kunde
tala Latin og lesa Gresk, hadde letst
svivyrde han. Men Gjetorde og Magti
hans var no mykje større enn deira
eigi. Han hadde so mykje aa segja
millom Baptistanne, at Folk imillom
kalla han Biskop Bunyan. Han drog
kvart Aar ikring i Bispedøme sitt.
Fraa Bedford drog han kvart Aar til
London og preika der for store og
aathugsame Folkehopar. Fraa London
drog han kring i Lande, liva upp Eld-
hugen aat Brørenne, samla Gaavur til
dei fatike, og forlikte Folk. Styre
synest ikkje til det aalmenne aa ha
gjort han noko Bry. Men det er
Grunn til aa tru, at han i 1685 var
paa Veg til aa koma i det gamle
Fengsle sitt i Bedford att. I dette
Aare gjorde Monmouth den uvyrdne
Freistnaden sin paa aa vinne England,
og dette gav Styre ein Grunn til aa
forfylgje dei sertruande; og mest ikkje
ein av dei framifraa presbyterianske,
independente og baptistiske Prestarne
vart utan Mein; Baxter var i Fengsel,
Howe vart landlyst, Henry vart sett
fast. Tvo vidgjetne Baptistar, som
Bunyan eingong hadde vori i Strid
FÅ
med, var i stor Faare og Ulykke.
Danvers hadde so nær vortet hengd;
og Sonesønene aat Kiffi vart hengde.
Dei segjer, at Bunyan i desse vonde
Daganne var nødd til aa klæde seg
ut som Kusk, og at han preika til
Flokken sin i Bedford i Arbeidskjole
og med Svipa i Handi. Men snart
kom det eit stort Skifte. Jakob II
hadde full Ufred med Rikskyrkja og
var difor nøydd til aa høla for dei
sertruande. Nokre av Hofkrype freista
paa aa faa Bunyan til aa stydja Saki
aat Kongen. Dei viste kanhende, at
han hadde prist Kong Karl for Mild-
skapen hans i 1672 og trudde difor,
han kunde gjera Jakob same Tenest
i 1687. Men i dei framfarne femtan
Aari hadde han tenkt, set og røynt so
mykje i Verdi, at han no var klokare.
Det var ikkje paa same Maaten helder
no. Karl kalla seg Protestant; Jakob
kalla seg Katholikk. Mildskapen aat
Karl var forklædd; Jakobs var lett aa
sjaa gjenom. Bunyan leet seg ikkje
narra. Han uppmoda Tilhøyraranne
sine til aa laga seg til aa møta den
religiøse og politiske Faaren, dei no
hadde i Vente, med Bøn og Fasting.
Han negta endaa aa tala med den
Hoffmannen, som kom for aa laga um
Formannskape i Bedford, og som alle
trudde hadde Paalegg um aa bjoda
Baptist-Bispen ein høg Post i Borgar-
skape.
Bunyan livde ikkje lenge nok til
aa faa sjaa Revolutionen. Sumaren
1688 tok han paa seg aa forlika ein
Son med Far sin og fekk tilslutt Fa-
ren til ikkje aa gjera Sonen arvelaus.
Dette gode Verk kosta den gode Mil-
lommannen Live. Han maatte rida ut
i eit uborveleg svært Regn; ban kom
dyvaat til Snow Hill, fekk ein sterk
Feber aa døydde faae Dagar etter.
Han ligg nedgraven i Bunhill Fields,
og Staden vert enno av dei sertruande
halden so gjæv, at ein mest ikkje skulde
tru, det kunde forlikast med den strenge
Aanden i Trui deira. Mange Purita-
narar, som totte Katholikkanne synte
ein barnsleg og syndefull Vyrdnad for
Leivingar og Graver etter heilage Menn,
vart det fortalt um, at dei med det
siste Aandedrage sitt bad um aa faa
kvila so nær som mogeleg ved Kista
til Diktaren av Pilegrimens Ferd.
Gjetorde um Bunyan mea han livde
og i Hundradaare etter han var daaen,
var visseleg stort, men likevæl var
han mest berre kjend av gudelege Folk
i Millomklassen og av Fatikfolk. Dei
store Forfattarannei denne Tidi nemnde
sjelden Namne hans med Vyrdnad.
Cowper vaaga fyrst aa rosa den store
Allegoristen, men turde ikkje nemne
Namne hans. Det er lett aa sjaa, at
alle dei mange Utgaavunne av Pile-
grims-Ferdi til langt upp i Tidi var
prenta for Hytta og Tenerstova. Pa-
pir, Prenting og Bilæte var utruleg
stygge. Hellest plar dei Lærde vinne
til Slutt, naar dei Lærde og dei Ulærde
hev ulike Tankar um ei Bok. Buny-
ans Skrift er det einaste kanhende,
der det motsette hev synt seg, etter
at hundrad Aar er framfarne.
Tallause Freistnadar hev voret
gjorde paa aa etterlikne hell bøta paa
denne Boki. Ho hev vorti umsett paa
Vers, endaa no nyleg paa engelske
Vers. Av dei mange laake Etterlik-
ningar kann nemnast: Pilegrimsferdi
aat det saare Samvit, aat den gade
Viljen, aat ”Søk Sanning”, aat Theo-
pbilus; Den unge Pilegrim, Hindu-
Pilegrimen osfr. Men ei sermerkt
Ære fær Bunyan ved det, at dei, som
hata Læresetninganne hans mest, hev
prøvt aa laane Tanken hans. Katho-
likkanne og dei andre Kyrkjurne,
som stod imot han, hev alle no si
Pilegrims Ferd.
pasien
EEE
Fraa den katholske Tidi.
(Fraa No. 43.)
Nokot seinare (Kjyrkjemøte i Ber-
gen 1320) vart fleire Reglar uppsette, -
elder sette i Samanheng og lovfe-
ste. Det var nokonlunde dei same
Forskrifter, som galdt i andre Land.
Dersom dei Menn, som var ut-
støytte av Kyrkja, forlikad seg med
denne fyrr dei døydde, skulde dei faa
vigd Jord (so nær som Tjuvar og andre
dømde Brotsmenn).
Bad bannstøytt Mann i Livsfaare
um Prest, og tilbaud seg under Eid
aa bøta til Gud og Kyrkja etter Dom
av Bispen sin, so skulde Presten taka
denne Lovnaden vitnefast og so løysa
han av Bannet, dersom Dauden var
for Døri, og hjelpa han som ein annan
Kristen. Kom han seg etter Avløys-
ningi, skulde han søkja til Bispen so
snart han kunde og gjeva seg under
hans Dom. Døydde bannstøytt Mann
uløyst, maatte ingen løysa han utan
den, som hadde Magt til det, daa han
livde, og det berre paa dei Vilkaar,
at alt det, han hadde forbrotet, fyre-
aat var bøtt, og at det vart provat,
at han vilde ha forlikt seg, um han
hadde kunnat.
Kvar Prest elder Klerk av dei
høgre Grader skulde avhalda seg fraa
Frilleliv*). Dersom han hadde Frille
openlyst i sitt Hus I Maanad etter at
han hadde høyrt dette Forbodet imot
det, daa skulde han bøta til Bis-
pen 4 Mark Sylv, um han var Hovud-
prest, men 2 Mark, dersom han var
Underprest. Dersom han heldt Frille
i tvo Vikur etter den Tid att, skulde
han bøta dobbelt. Og um han ikkje
rettad” seg 10 Dagar etter den siste
Boti, skulde han hava forbrotet sitt
Embætte. Hovudprestarne skulde sjaa
*) Bodetum, at Prestarne skulde liva ugifte,
gjekk det seint med aa faa innført i
Norig, og det var svært aalmennt, at
Prestarne livde saman med Frillur i eit
Slags ”borgarlegt” — elder som ein
kanskje no vilde segja: ”fritt” — Egte-
skap. Paa eit Kjyrkjemøte i Nidaros
1334 vart det fastsett, at Prestar av dei
høgre Grader, som til sit Livs ’Slutt
hadde livt i openlyst Frilleliv, ikkje
maatte verta gravsette inne i Kyrkja,
kor stor Bot dei so hadde gjort. Preste-
frillur skulde for sit Frilleliv leggjast 1
Bot som for Hor og Heilagdomsbrot,
dersom Samlivet var løynlegt; men var
det openlyst, skulde dei støytast ut or
Kyrkja. — Like eins vart det strengt
fyreskrivet, at Nonneklostri maatte hal-
dast væl stengde og under Vakt um
Notti, so at ingen, korkje verdsleg elder
presteleg, kunde koma der inn etter
Kveldsbøni. Dette Forbodet vart upp-
sett paa nytt paa eit Kyrkjemøte i 1351
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>