Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
Fedraheimen.
ilte November 1882.
til, at Underprestarne etterlivde dette,
elder so skulde dei sjølv hava same
Straffi*).
s Naar ein Bisp døydde, skulde kvar
Prest i hans Bispedøme i dei næste
12 Maanadar syngja 7 Sjælemessur
for Sjæla hans; 3 Messur skulde verta
songne, naar ein Prest var daaen.
Fyre Egteskapet gjekk Friingi, og
so Festarmaalet, daa Kvinna sjølv i
Hjaavær av Vitne tydeleg skulde gjeva
sitt Samtykkje, ”etterdi det av Gud
sjølv var forbodet, at nokon Mann
feste ei Møy elder Kona mot hennar
Vilje.” Ven, som lovleg hadde fest
seg eit Kvende, skulde halda Brud-
laup med henne innan 19 Maanadar
etter Festarmaalet. Dei Borni, som
var fødde fyre Lysingi, var uægte;
men dei, som vart fødde etter Lysingi,
var ægte, um der so kom nokot i
- Vegen for Brudlaupet.
Presten skulde vera til Svars, naar
han lovleg vart kallat til aa døypa
Barn elder. til sjuk Mann. Døydde
for hans Skuld Barnet udøypt, var
han av sjølve Verket suspenderad fraa
Embætte og Inntekt og hadde forbrotet
til Bispen alt det Gods, han hadde
tent seg upp av Kyrkja. Men dei
maatte henta Presten med Hest fram
og tilbake, elder med Baat, soleis, at
han ikkje sjølv turvte ro. —
Ingen Prest maatte høyra Skrifte-
maal av ein Mann, som var i Bann.
Ingen Prest maatte i Skriftemaalet
uppmana nokon til aa sverja, at han
aldri meir skulde gjera den Syndi han
hadde skriftat; for daa vart det dob-
belt Synd for den skriftande, um ban
sidan forsaag seg paa nytt.
(Meir.)
Kristiania, den 3die Novbr.
Høgre vann Jarlsberg. Raaskapen
skal vera diger ned i mange av dei
Skipsreidarbygderne der, og Anton Brask
Rustad maa ha gjort sine Ting godt.
Men det som er det galnaste av alt
er, at Pleirtalet av Veljarar i Amtet
var Vinstre! Den indirekte Valmaaten
er ein underleg Ting. I Aar kjem altso
Ketil Motzfeldt dragande som ”Repræ-
*) Dette Forbodet hjelpte ikkje helder,
Kyrkjemøtet i Nidaros 1351 jamrar yver,
at Prestarne held paa med aa taka Kvin-
nur til aa styra Huset for seg og endaa
sambinda seg med dei paa Lægfolks
Vis ved Semjur, Truskapslovnadar og
Gdavur i Hjaavær av Frendarne til desse
Kvendi. Straff vart daa sett endaa
strengare. Nokot seinare skriv Bisp
Therdorik av Nicen (+ 1417): I Norig
hev Bispar og Prestar Lov til aa halda
Frillur: openlyst, og naar Bispen er paa
Visitats hjaa Prestarne sine, fører han
Kjærasten sin med seg til dei same
Prestarne. Er det ein av Prestarne,
som av eit Hende ingi Frille hev, so
vert han teken for Svikar mot gamall
Skikk og maa reida ut dobbelt Kosthald
til Bispen. Og Prestens Frillur elder
Konur gjeng fyre andre Fruer endaa
Riddarfruer i Rang, baade i Kyrkja og
til Bords. — Same Mannen fortel, at
Prestarne i Norig er fæle til aa drikka,
likso fæle som Lægfolket, og dersom ein
ikkje yver Maal og Maate kann fylla
seg med Øl, trur ein seg ikkje lukkeleg.
Ingen, som ikkje saag det, skulde tru.
kor mykje baade Menn og Kvende der
kann drikka paa ein Gong; og dei held
paa og drikk kvarandre til, tildess dei
velt drukne i Golvet.
sentant for Minoriteten? i Amtet sitt;
og korleis skal han daa kunna ”sputta”
paa Minoritetsregjeringi?
At Storthinget fyrre Gongen leet
Valfusket i Svelvik sleppa aatalslaust,
skal hellest-ha gjort mykje til, at Vin-
stre tapte no. Vinstre visste, at Høgre-
mennerne kunde fara aat som dei vilde,
og kva kunde det nytta aa prøva seg
daa?” — Det kunde nok lite nytta.
Og so leet dei det gaa som det kunde.
Den daarligste Gjerning, som kan
gjøres i Norges Land.* Morgenbladet driv
paa med aa rakka og rakka og riva ned
paa alle dei Tingmennerne, som ikkje
høyrer til Høgre. Bladet minner um
Kjeringdotteri i Eventyret, som det datt
ei Padda ut av Munnen paa for kvart
Ordet, ho sagde.
— Morgenbladet er klokt. Kann
det faa Folk til aa tru, at Fleirtalet av
Folkerepræsentantarne er daarlege Karar,
so hev det gjort mykje til, at Storthin-
get minkar i Vyrdnad.
Morgenbladet og Fædrelandet slaast
med kvarandre, so Busti fyk. Fædre-
landet skriv um ”Morgenbladet og Sand-
heden”, og Morgenbladet byd seg til aa
halda ein fast Bladbolk med Yverskrift
”Fædrelandet og Farisæismen.”
Stakkars Fædreland! Det hev trælat
so trutt i alle desse Åar med aa vera
Rovediltar for Morgenbladet, og no fær
det Skam til Takk.
Men lat dei slaast.
aa læra kvarandre aa kjenna, og naar
det lid paa ei Stund, — so vert dei
væl Venner att.
dei fagre tvo.
Dei hev godt av
Dei treng kvarandre,
Stiftsmøtet i Kristiania var lærerikt.
Det skal daa altid vera so, at naar Teo-
logarne slepper seg lause, so er det som
der skulde dukka upp ei gamall Tid,
ei Øy av eit eldre Jordlag midt i
Samtidi.
Professor Johnson talad um Kristen-
domen og Politikken. Han sagde mykje,
som var rett og sannt; men ”Gjengan-
ger”-Haatten kunde han ikkje dylja.
Han talad um ”Folkesuveræniteten.”
No veit du, at Folkesuveræniteten er
det same som Folkets ”Husbondsrett”,
Retten for eit Folk til aa hava det siste
Men
Professor Johnson gjekk ut ifraa, at
Folkesuveræniteten var det same som at
Folket skulde vera Gud paa Jordi, og
so dømde han,
var — Vantru.
Ordet i sine eigne verdslege Saker.
at Folkesuveræniteten
Paa den Maaten vasad han seg inn
i Sjølv-Motsegjingar, som ein aldri skulde
tru at ein Mann som Johnson kunde.
setja seg fast i. Han gjekk ut ifraa, at
det var Gud, som styrde Verdi, og at den
historiske Utviklingi og dei historiske
Tilburder var Uttrykk for Guds Vilje.
Like eins var all Statsskikk, den repu-
blikanske so væl som den monarkisko,
gudgjeven, og dei folkevalde Magter var
liksovæl ”Øyrighed af Gud” som dei ikkje
folkevalde. Men samstundes maatte ein
ikkje tru, at ”Folkeviljen” var ”Udtrykket
for Guds Vilje”. Folket kunde stundom
gjera det som var Guds Vilje; men
stundom kunde Folket gjera nokot annat
enn Guds Vilje. Vaarherre var i alt,
som gjekk for seg; men han var ikkje
i alt, som gjekk for seg; Vaarherre
styrde alt; men han styrde ikkje alt; —
han var Herre yver alle Herrar og
Konge og yver alle Kongar og alt var
i hans Haand — so nær som Folket.
Paa den Maaten kom Professoren
sjølv til aa gjera det han hadde aat
andre fyre: gjera Folket til Gud. For
er det so, at Folket hev ein Vilje og ei
Magt, som Gud ikkje kann styra, so er
Folket jamsterkt med Gud sjølv, .og Gud
er ikkje lenger Allstyraren,
Slik gjeng det, naar ein tek Spurs-
maalet um Folkesuveræniteten paa den
Maaten som Johnson.
— Vil ein segja nokot vitugt um
”Folkesuveræniteten”,
ikkje grava seg ned i ”Begreber” og
Talemaatar; ein fær sjaa paa Livet som
det er, og Verdi, som ho er lagad. Det
er ingen, som kann segja, kva Guds Vilje
er, naar der er Tale um aa leggja ein
ny Veg elder innføra ein ny Tolltariff
elder gjeva Riksraadarne i Norig Rett
til aa vera med i Storthinget; ein fær
segja som so, at det, som Folket finn
er rett og gagnlegt og klokt i desse
verdslege Ting, det fær ein gjera, og
tru, at so er Guds Vilje. Var det ikkje
Guds Vilje, so stelte han det væl so, at
Folket fann nokot annat rett og gagn-
legt og klokt! Fm Ting kann ein vera
trygg paa er Guds Vilje, og det er, —
at Folket ikkje til æveleg Tid skal vera
umyndigt.
I Stiftsmøtet talad Odmund Vik sitt
Maal. Daa sagde ein mnorsk
Sjælesyrjar: ”Kan De ikke tale et Sprog,
som vi forstaar?” —
— Er Vaarherre so fin paa det som
denne Presten, so fær du nok agta deg,
Bonde, naar du vil beda til han av ditt
Du kunde snart koma
norske
eiget Hjarta.
plumpande med eit Ord elder ei Ven-
ding, som Vaarherre heldt seg for god
til aa ”forstaa!”
Um me tapar, so hev me daa Mino-
ritet mest allstad iaar, segjer Høgre-
mennerne. Det er som reint wuventat
for dei, at det verkeleg kann finnast
Bønder og Smaafolk au, som vil halda
med dei. Dei er storglade, naar dei
kann faa med seg nokon slik, for kann
”simple” Folk au skyna, at me hev
Rett, so maa det vera uppklaart for
heile Verdi meiner dei væl, og dei tru-
gar og er so kaute paa det, at hev dei
no fengi ein Finger, so skal dei nok
faa heile Haandi; dei trur det skal vera
Teikn paa som eit ”Umslag i Stem-
ningi” dette.
Aa langt ifraa. Ver trygg for det;
det er tvertimot ingen Ting, som er
so godt for eit sunnt politisk Liv, som
at det er tvo Lag og tvo Meiningar.
Er det ikkje det, kann det snart verta
berre som ein Saudeflokk, forskræmde
og forvilla yver Strien; dei høyrer det
smell og brakar paa alle Kantar, men
døi ser ingen og tykkjer dei likso gjerne
kann leggja seg til aa sova Valdagen
som aa umaka seg med aa taka ut,
naar dei veit det gjeng samaleis, anten
dei so er til Stades bell inkje.
Det er’ dei fleste Stader no, det finst
Høgreminoritetar; men det er daa mange
Stader au, at dei ikkje kann faa ein
Mann som siste Supleant, eingong. Vin-
stre hev Bugti og baae Endarne, Det
er ikkje naturlege Forhold, det er berre,
at det ikkje syner seg det som er. For
so mange ymse Gutar, som her finst
utyver Landet, er eg sikker paa, at det
kunde vera Emne te Høgremenn nokon-
kvar Stad, og fyst naar dei tvo Mei-
ningarne og dei tvo Lagi daa vert sette
so fær ein nok
upp mot kvarandre, kann Folk døma
liklegt og taka sitt Val.
Eg kjenner med meg sjølv, naar eg
berre les Vinstreblad ei Stund, at eg
vert so leid denne Politiken og tykkjer,
dei maa berre eggja og ira seg upp
sjølve og finna paa mangt, berre for
aa hava eitkvart, dei kann staaka med.
Men naar eg so fær sjaa Høgreblad imot
att, ser eg at det er ikkje fullt so
grunnlaust endaa.
Mange Stader trur eg det vilde vera
godt, um dei kunde faa innført noke
Høgrepolitik; bed ein um det, gjer gjerne
Høgrebladi den Tenest mot Vinstrepoli-
tiken, at dei gjev Friblad til slike som
stend paa Hallet, og daa kunde det for
mange verta ein avgjerande Støyt, for
eg veit verkeleg mange, som er so seige,
ab dei fyst maa sjaa med eigne Augo,
kor ravgali Høgremennerne skriv, fyrr
dei kann taka til Vitet: D. u.
Stortingsval. I Halden er vald Kapt.
Joh. Dahl, Varamann Politimeister T.
B. Moss (Høgre).
I Flekkefjord er uppattvalde Elias
Didrieksen til Tingmann og H. S.
Jacobsen til Varamann (Vinstre).
Av Vinstremenner er der no valde
79 — det høgste Talet, Høgre kann faa
i Tinget er soleids 35. Taar stod der
78 mot 41, Men Vinstre fær nok 4
Tingmenner til (fraa Nedenes), so det
vert vel 83 mot 31.
Valmannsvali er no haldne i Vestfold.
Høgre vann, det fekk 35 Valmenner
og Vinstre 27. Der var ellest ikring
fleire Vinstremenner som røystad enn
Høgre, 1981 mot 1906, Høgre hadde
mindre Fleirtal i sine Bygder, enn Vin-
stre 1 sine.
TI Tunsberg vann og Høgre.
I Nedenes hev Høgre havt større
Framgang enn nokon fyrr hev tenkt.
Høgre hev alt 19 Valmenner.
Lysingar.
Paa Ed. B. Giertsens Forlag i Bergen
er udkommet:
GLIMT.
To Fortællinger
(Eline — Gjensyn)
f
a
Konrad Dahl
Pris heftet 8.50, smukt indb. 5.00.
Telemarkens Folkehøiskole
holdes i Seljord for voksne Gutter fra
Sde Januar til Vaaraannen. Skolepen-
ge 4 Kr. Maaneden, Friplads for alle
inden Bratsberg Amt, som indsender
Vidnesbyrd om Trang. —XKostpenge 25
Kr., Logi paa Skolen 3 Kr. Maaneden.
Man bør have Sengklæder med sig, hvis
man vil bo paa Skolen.
(D- 14369—.10). V. Ullmann.
Vinterkaaber.
Vort Lager af Vinterkaaber anbefa-
les Handlende og Forbrugere i største
Udvalg til billigste Priser hos
Brødrene Dobloug.
Hjørnet af Storg. & Nygaden.
Nye Kjoletoier.
Til vort Lager af Kjoletøier er an-
kommet ny Forsyning i sorte og coul.
Kjoletøier, der anbefales Handlende og
Forbrugere til billige Priser.
Brödrene Dobloug.
ET nen
Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>