- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
190

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

190

Fedraheimen. -

2dre Desember 1882.

lom oss — eg trur, at eg heve uppe-
dagat, kven det er — —

Jos. Surf. Kvat? Bg vert reint
forstøkt !

Sir Peter. Min beste Ven! Eg
veit, at du tykjer Synd i meg.

Jos. Surf. Ja, tru du meg, Sir
Peter! Aa uppedaga slikt vilde eg
verta likeso leid yver som du.

Sir Peter. Ja, eg er viss paa det.
— Aa, det er so godt aa hava ein
’Ven, som ein kann lita paa, til aa
fortelja um slike Løynde-Ting i eins
eiget Hus. Kann du gissa, kven eg
meiner?

Jos. Surf. Nei, langt ifraa) —
eg heve ikkje minste Tanken um det.
— Det kann væl aldri vera Sir Ben-
jamin Backbite?

Sir Peter. Nei, nei. — Kvat trur
du um Karl?

Jos. Surf. Bror min? Det er
umogelegt.

Sir Peter. Aa, min kjære Ven,

ditt eiget gode Hjarta misleider deg.
Du dømer um andre etter deg sjølv.

Jos. Surf. Ja, visseleg, Sir Peter.
Den, som sjølv heve eit Hjarta, som
veit, at det er reint, kann ikkje lett
tru, at ein annan er Forraadar.

Sir Peter. D’er sannt; — men
Bror din heve ikkje nokot godt Hjarte-
lag, — du høyrer aldri han talar so.

Jos. Surf. Nei; men eg tenkjer,
at Lady Teazle sjølv heve for gode
Grunnsetningar til slikt.

Sir Peter. Aa, kvat hjelper Grunn-
setningar imot ein fager og lystig ung
Kar, som smeikjer?

Jos. Surf. Ja, d’er sannt.:

Sir Peter. Og, som du veit, er
der so stor Skilnad i Alderen vaar, at
ho vannskeleg kann bera nokon stor
Elsk til meg; og um eg var so uklok,
at eg opendagad Saki, so vilde heile
Byen læ aat meg, den narrelege gamle
Sveinkallen, som hadde gift seg med
ei ung Gjenta.

Jos. Surf. Ja, ver roleg for det,
dei vilde læ.

Sir Peter. Læ, ja dej vilde dikta
Visor, skriva i Bladi, og Pokker veit,
kvat dei vilde gjera?

Jos. Surf. Nei, du maa ikkje
tala um det.
Sir Peter. Og at det skal vera

ein Brorson av min gode Ven Sir
Oliver, som kann gjera nokot so leidt,
det gjer meg næstan verst av alt.

Jos. Surf. Ja, det er Knuten.
Naar Vantakk soleids kvesser Pili til
Vondskapen, so gjer Saaret tvo Gon-
ger so vondt.

Sir Peter. Og eg, som paa ein
Maate var hans Formyndar, og han
som so ofte vart væl fagnad i mitt
Hus, — og eg, som aldri i mitt -Liv
heve negtat honom — eit godt Raad!

Jos. Surf. Ja, d’er utrulegt. At
ei Menneskja kann vera i Stand til
slike stygge Strik, — det er fælt aa
tenkja paa. Nei eg maa tvila paa
det, til du kann gjeva meg sannt Prov.
Og skulde det visa seg vist, so skal
han ikkje lenger vera Bror min; eg
vil ikkje kjennast ved aa vera i Ætt
med honom meir; for den Mann, som
soleids kann krenkja Gjestmildskap og
freista Kona til sin Ven, han er værd

til aa vera brendmerkt som ei Pest
for Samfundet.

Sir Peter. Aa, kor stor Skilnad
d’er imillom dykk tvo! Slike gode
Grunnsetningar!

Jos. Surf. Men eg kann daa ikkje
tvila paa Lady Teazle.

Sir Peter. Eg er viss paa det,
eg ynskjer berre aa tenkja godt um
henne og tyna kvar ein Grunn til
Ufred imillom oss. Ho heve i seinare
Tid meir enn ei Gong lastat meg, for
at eg ikkje heve gjevet henne nog til
Særeign; og daa me trættad sist, leet
ho seg merkja med, at ho ikkje skulde
taka seg det nær, um eg var daud.
Daa me no synst hava ulike Meiningar
um Udgifter, so heve eg sett meg fyre,
at ho skal heretter raada seg sjølv og
vera sin eigen Hushaldar. Og um eg
døyr, skal ho finna, at eg heve havt
god Umsut for henne, medan eg livde.
Og her, min Ven, er Uppkast til tvo
Brev, som eg gjerna vil faa høyra di
Meining um. Etter det eine fær ho
til sitt Bruk raada yver otte hundrad
Pund for Aaret, medan eg liver; og
etter det andre fær ho al mi Eiga,
naar eg er daaen.

Jos. Surf. Nei dette var i San-
ning ei fager Avgjerd! — (avsides) Maatte
det berre ikkje skjemma ut mi Lære-
dotter!

Sir Peter. Eg heve no sett meg
fyre, at ho skal ikkje hava nokon Ting
aa klaga yver; men eg vilde ikkje
gjerne, at ho enno paa eit Bil skuide
faa vita um alt det gode, eg vil laga
for henne.

Jos. Surf. uavsiaes. Eg ynskte det
helder ikkje, um eg kunde hindra det.

Sir Peter. Og no, min kjære Ven,
vil me, um du synest um det, talast
ved um Saki med Maria.

Jos. Surf. æoko sakte). Åa; nei, Sir,
eg bed, ei onnor Gong er det betre.

Sir Peter. Eg er leid yver, at
alt det Godlynde, du viser mot Maria,
ikkje vert paaskynat.

Jos. Surf. (okot sakte). Eg bed, at
du ikkje vil tala um det no. Kvat
ligg det Magt paa aa tala um mine
Saker, naar Tala er um dine? avsides).
For all Ulukka! Eg vert øydelagd.

Sir Peter. Du heve so mykjet
imot, at eg fortel Lady Teazle um din
Hug til Maria; men ver viss paa det,
at ho ikkje set seg imot dine Ynskje.

Jos. Surf. Eg bed deg no, Sir
Peter! lat vera no aa tala um det.
Eg er alt for mykjet rørd av den Saki,
som me nyleg talad um, so eg kann
ikkje tala um mine eigne Ting. For
naar éin heve lært aa kjenna ein Vens
Ulukka, so kann ein aldri ... (Bin
’Tenar kjem inn) Kvat vil du?

Tenaren. Bror din stend og talar
med ein Storkar uti Gata og segjer,
at han veit, at du er heime.

Jos. Surf. For Plage! Tosken!
eg er ikkje heime, eg er ute heile
Dagen.

Sir Peter. Nei, bia! stopp! — eg
kjem paa eit — du maa vera heime.

Jos. Surf. Væl! lat han koma
upp! (Tenaren gjeng ut). (Avsides). Han vil
daa stogga Sir Peter iminsto.

Sir Peter. No, min gode Ven,
no kann du tena meg. Fyrr Karl
kjem, so kann eg gjøyma meg her ein-

stad. So kann du ganga han hardt
inn paa Livet um den Saki, som me
talar um, so kann hans Svar gjeva

meg aa kjenna, koss det stend.

Jos. Surf. Aa fy, Sir Peter! Vilde
du hava meg til aa gjera slikt eit
Fantestrik — fanga Bror mini Fella?

Sir Peter. Men du segjer daa,
at du er viss paa, at han er uskyldug,
— og um so er, so gjerer du honom
den beste Tenesta av alt, naar du
gjev honom Tilhøve til aa gjera seg
fri og gjera meg roleg. Kom, du fær
ikkje negta meg den Tenesta. — Sjaa
her attum denne Skyggjegavlen kann
eg — kvat Djevelen! — d’er nokon
som stend paa Lur og lyder paa oss.
Eg tor banna paa, at eg saag ein
Stakk!

Jos. Surf. Hahaha! Jau, det var
løgleg nog. — Ja, eg kann gjerne
segja deg det, Sir Peter, — um eg
held ein Forførar for ein vanær-

leg Kar, so fylgjer det ikkje strakst|’

avdi, at ein daa ikkje kann vera ein
rett Josef. — No skal du høyra. Det
er ei liti fransk Pyntseljar-Gjenta, ei
Liti Tulla, som gjeng her og plagar
meg. Og daa bo ikkje vilde koma ut
for eit leidt Ord, so vart ho rædd, daa
du kom, og gjekk difyr att um Skyg-
gjegavlen.

Sir Peter. Aa, din Skjelm! —
Men so heve ho daa høyrt alt, som
eg heve sagt um Kona mi!

Jos. Surf. Aa, ho vil ikkje for-
telja nokon det, det kann du stola paa.

Sir Peter. Ikkje det? — Ja so
lat henne faa høyra Resten. Eg gjeng
her inn i Koven. D’er like so godt.

Jos. Surf. Ja, gakk der inn!

Sir Peter. Jau, du er rett ein
listig Skjelm! (han gjeng inni Koven).

Jos. Surf. Ja, her slapp eg daa
ut or Knipa. — Det er daa ein eigen
Maate aa skilja Mann aa Kona paa.

Lady Teazle (som kikar fram). Kunde
eg ikkje stela meg burt her ifraa?

Jos. Surf. Haldt deg berre roleg,
min Engel!

Sir Peter (som kikar fram). Josef! Tak
hardt fat paa honom!

Jos. Surf. Gakk inn att, min
kjære Ven!

Lady Teazle som kikar fram att). Kann
du ikkje læsa Døri for Sir Peter?

Jos. Surf. Ver i Ro, søte Lady!

Sir Peter. Er du rett viss paa,
at den vesle Pyntseljar-Gjenta ikkje
fortel nokot?

Jos. Surf. Gakk berre inn, min
kjære Sir Peter! aa hadde eg berre
ein Lykjel til Døri!

(Karl Surface kjem inn).

Karl Surf. Naa! kvat er det, du

hev for deg, Bror! Tenaren vilde fyst.

ikkje lata meg sleppa inn. No? Heve
du havt ein Jøde elder ei Kvinnfolk
hjaa deg?

Jos. Surf. Nei, Bror! ingjen av
dei Slagi; nei langt ifraa!

Karl Surf. Men kor heve Sir
Peter stolet seg av? Bg trudde, at
han var ber hjaa deg?

Jos. Surf. Ja, han var her; men
daa han høyrde, at du kom, vilde han
ikkje vera her lenger.

Karl Surf. Kvat? Var den gamle
Herre rædd for, at eg kom for aa
laana Pengar av honom?

dos. Surf. Nei, Sir! Men det

gjerer meg ilt, Karl, aa høyra, at du
1 den siste Tid heve gjeve denne gode

Mann Grunn til aa vera misnøgd.

Karl Surf. Ja, det segja dei, at
eg gjerer med mange gode Menn. —
Men kvat hev eg no gjort?

Jos. Surf. Eg vil segja deg det
reint ut, Bror; han trur, at du heng
etter Lady Teazle.

Karl Surf. Kven? Eg? nei langt-
ifraa; det lovar eg for. Hahaha! So
heve den gamle Mannen endeleg funnet.
ut, at han heve ei ung Kona? Elder
det, som verre er, heve Lady Teazle
funnet ut, at ho heve ein gamal Mann?

Jos. Surf. Der ikkje til aa spøkja
med, Bror. — Kann du læ? — -—

Karl Surf. Javist, ja — men aal-
vaarlegt: Eg heve ikkje havt den
mindste Tanke um det, du skuldar
meg for; d’er vist.

Jos. Surf. (eg). Det vil vera kjært.

aa bøyra for Sir Peter.
Karl Surf. Der sant, det var ei
Gong Lady Teazle syntest hava nokot
Godlynde for meg; men, paa mi Æra,
eg gav henne ikkje minste Grunn til
det. Og so veit du, at eg heid av
Maria.

Jos. Surf. Men, Bror, um no
Lady Teazle hadde latet seg merkja
med, at ho likad deg? — —

Karl Surf. Ja, Josef, eg vonar,
at eg aldri med Yverlegg skal gjera.
nokon Ugjerning; men skulde nokor
Gong eit fagert Kvende koma i Vegen
fyr meg med fuldt Yverlegg, og det
fagre Kvyende var gift med ein gamal
Mann, som kunde vera Far hennar — —

Jos. Surf. So —?

Karl Surf. Naa ja, so tenkjer
eg, at eg trengde til aa faa laant litt
av di Dygd; — det er alt. Men, Bror,
eg vert mykjet forstøkt, daa du nemner
meg saman med Lady Teazle; for eg
heve altid tenkt, at ho var glad i deg.

Jos. Surf. Fy, skam deg, Karl!
D’er berre eit daarlegt Gjenslag.

Karl Surf. Jaja, eg kann sverja
paa, at eg hev set, de hava havt eit
serlegt Augnelag til einannan.

Jos. Surf. Nei, nei Sir! dette er
ikkje Spøk — —

Karl Surf. Nei, der Aalvor:
Kjem du ikkje ihug ei Gong, eg fann:
deg her —

Jos. Surf. Kvat for Slag? Eg
bed; deg, Karl — —

Karl Surf. Daa du talad med
henne — —

Jos. Surf. For nokot Tøv, Karl.
Eg toler ikkje — —

Karl Surf. Og ei onnor Gong,
daa Tenaren din — —

Jos. Surf. Bror, lat meg faa tala
eit Ord! (avsides) Kann eg ikkje faa stop-
pat Munnen paa honom?

Karl Surf. Daa Tenaren vittade
til meg, at — —

Jos. Surf. Eg bed um Forlating,
Sir Peter høyrer kvart eit Ord, som
me hava talat. Eg visste nog, at du
kunde gjera Greida for deg sjølv; elles
hadde eg ikkje viljat det.

Karl Surf. Kvat? Sir Peter? Er
han her?

Jos. Surf.

(Peikar paa Koven). :
Karl Surf. For alt i Verdi! Eg
vil hava han ut. Sir Peter, kom ut!

Jos. Surf. Nei, nei!

Hyss! Han er der.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free