- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
189

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skuld, at eg heve gjort Kjenskap med

- Døri.

Løyndarraad, i det minste ikkje fyrr

Sir Peter er so leid imot meg i den

*



Fedraheimen.

—————>>008800>>————

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Fit Blad aat det norske Folket.



Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 48,

Kristiania den 2dre Desember 1882.

6. Aarg.

MIRAKLET III

Baktalings-Skule.
LystspetT i 5 Bøolkar
af Richard Brinsley Sheridan
(fødd i Dublin Septb. 1751, daaen T Juli 1816.)
I Umskrift fraa Engelsk.

Tridje Møtet.

Ei Stova med ei Boksamling hjas Josef
Surface.

(Josef Surface og ein Tenar kjem inn).

Josef Surf. Er der ikkje komet
Brev ifraa Lady Teazle?

Tenaren. Nei, Sir!

Jos. Surf. avsides». Eg er forstøkt
yver, at ho ikkje heve sent Brev, um
ho ikkje kann koma sjølv. Sir Peter
heve visseleg ingjen Mistanke til meg.
Men eg ynskjer daa, at eg ikkje maa
missa den rike Ervingen for den Saki

Kona hans. Aa nei, Karls Uklokskap
og det leide Ord, som sit paa honom,
d’er til Kans for meg. (Det bankar paa Døri).

Tenaren. Sir, Eg trur, det er
Lady Teazle. j

Jos. Surf. Haldt! Sjaa, um det
er ho elder ikkje, fyrr du gjeng til
Eg heve eit serlegt Ærend for
deg, um det skulde vera Bror min.

Tenaren. Det er Ladyi, Sir. Ho
steig or Vogni hjaa Pyntseljaren i
nærmaste Gata.

Jos. Surf. Bilitt! Drag Skyggje-
Gavlen fram for Glaset! — ja, so. —
Grannkona mi paa andre Sida Gata
er ei gamal Jomfru, som altid heve
slik Sut.

og gjeng ut).

(Tenaren dreg Skyggje-Gavlen for Glaset
Det er vondt aa vita, koss
eg skal greida meg i den Saki. Lady
Teazle heve byrjat aa tru, at eg heve
mine Tankar paa Maria; men ho maa
paa ingjen Vis faa vita nokot um,den

eg fær full Magt med henne.
Teazle kjem inn).

Lady Teazle. No, driv du paa
aa preika for deg sjølv aaleine? Heve
du voret utolug? Set no ikkje upp eit
surt Andlit! Eg segjer for vist, eg
kunde ikkje koma fyrr.

Jos. Surf. Aa mi kjære Lady!
Grannlegskap er eit Slags stadig Dygd,
som sjeldan finst hjaa ei Lady.

Lady Teazle. Paa mit Ord, du
borde ynkast yver meg. Veit du, at

(Lady

siste Tidi, og so aabryden — paa Karl;
— det er det beste av alt — ikkje
sannt?

Personerne. Sir Peter Teazzle. Sir Oliver
Surface. Sir Harry Bumper. Sir Ben-
jamin Backbite. Josef Surface. Karl
Surface. Careless. Snake. Crabtree.
Rowley. Moses. Trip. Lady Teazzle.

Lady Sneerwell. Miss Candour. Maria.

Jos. Surf. avsides). Aa, eg er glad,
at mine Baktalarvener heve fengjet
den Saki i Gang.

Lady Teazle. Eg vilde ynskja,
at han vilde gifta Maria med Karl;
kannhende, han daa vilde verta yver-
tydd. Trur du ikkje det, Master
Surface?

Jos. Surf. (rsides). Det vilde eg
aldri (eg). Jau, visseleg. So vilde
ogso mi kjære Lady Teazle verta viss
paa, kor urett Mistanken hennar er,
at eg skulde tykkja godt um den
Jaale-Gjenta.

Lady Teazle. Godt og væl! Eg
vil gjerne tru deg. Men er det ikkje
til aa harmast yver, at der skal verta
sagt so mange leide Ting um ein?
Og det er mi Veninne, Lady Sneerwell,
som heve set ut so mange — eg veit
ikkje kor mange — vonde Rødor um
meg — og altsaman utan minste Grunn.
— Det er tregelegt.

Jos. Surf. Ja, mi kjære Lady,
det er tregelegt, det er sant — utan
Grunn; — ja, ja, det er visseleg kren-
kjande; for naar eit leidt Ord er sett
ut og trutt um ein, so er det ingji
:betre Trøyst enn aa vita med seg sjølv,
at ein heve fortent det.

Lady Teazle. Ja, det er greidt,
daa maatte ein tilgjeva deim Vond-
skapen deira, men aa lasta meg, som
er so uskyldug, og som aldri heve
sagt eit vondt Ord um nokon — det
er aa forstaa um nokon av mine Vener,
og so Sir Peter, som er so jaalutt og
so misstenksam, daa eg veit, at eg er
so uskyldug — det er fælt!

Jos. Surf. Men, mi kjære. Lady
Teazle! Det er di eigi Skuld, um du
toler det. Naar ein Mann utan Grunn
heve Misstanke til Kona si, og ikkje
er openhjartad imot henne, so er Semja
imillom deim broti, og daa maa ho
til Æra for sitt eige Kyn narra honom.

Lady Teazle. Nei, jaso? — Naar
han i’soleids misstenkjer meg uwutan
Grunn, skal det daa vera den beste
Maaten aa faa han paa betre Tankar
og aa tyna Aabrydskapen hans aa
gjeva honom Grunn til det?

Jos. Surf. Ja visseleg! — For
din Mann maa aldri taka i Mist av
deg, og i denne Saki bør du vera so
ettergjevande, at du jaalar fyr honom
og for Aabrydskapen hans.

Lady Teazle. Det, du segjer no,
tykst vera rett vitugt, og daa eg veit,
åt eg er skuldlaus —

Jos. Surf. Aa, mi kjære Lady
Teazle, det er eit stort Misstak; det
er denna Vissa um Skuldløysa, som
er deg til mest Skade. Kvat er det,

som gjerer deg like sæl med Skikken
og like hendt med, kvat Verdi dømer?
Medvit um eigi Uskuld. Kvat er det,
som gjerer deg so tankelaus i di Aat-
ferd og so lett til aa ganga inn i tu-
sund smaa ukloke Tilhøve? — Jau,
Medvit um di eigi Uskuld. Kvat er
det, som gjerer deg so utolug yver
Sir Peters Paafund og so leid yver
hans Misstanke? Jau, det er Vissa um
di eigi Uskuld.

Lady Teazle. Ja, det er sant.

Jos. Surf. No, mi kjære Lady
Teazle! Um du berre ei Gong vilde
gjera eit litet Fel-Stig, — du kann
ikkje tenkja, kor varsam du daa vilde
verta, og kor mild du vilde verta imot
Sir Peter og imot hans Ulaat.

Lady Teazle. Tenkjer du det?

Jos. Surf. Ja, eg er viss paa det;
og daa vilde du finna, at det vilde
verta Slutt med all Baktaling, for —
med eit Ord — ditt gode Namn er
no um Dagen som ei fuldblodug Men-
neskja, som døyr av for mykje Helsa.

Lady Teazle. Ja so? Verkeleg?
Forsténd eg deg rett, so vil du raada
meg til aa gjera Synd for aa forsvara
meg og skilja meg ved Æra for aa
vinna eit godt Lovord?

Jos. Surf. Ja, just so, ver viss
paa det, Lady — — —

Lady Teazle. Det var daa rett ein
underleg Vis, visst den aller nyaste Maa-
ten til aa verja seg for Baktaling paa.

Jos. Surf. Men den er paalitande,
tru du meg paa det, Klokskap likesom
Røynsla fær ein bitala dyrt.

Lady Teazle. Ja, um min For-
stand kunde verta yvervitnad.

Jos. Surf. Visseleg, Lady! din
Forstand skal verta yvervitnad. Ja,
du skal — Himlen avverje, at eg skulde
raada deg til nokot, som du sjølv
maatte halda for urett! nei, nei, eg
heve for mykje Æra til aa ynskja det.

Lady Teazle. Trur du ikkje, at
me helst borde halda Æra utanfor
denne Røda?

Jos. Surf. Aa, eg ser nog, at
det heng att noko etter Upp-alingi
di paa Landet, som du enno held ved.

Lady Teazle. Eg tvilar paa det,
— og eg segjer reint ut, at kunde eg
verta freistad til aa gjera wrett, so
maatte det helder vera ved Sir Peters
leide Aatferd enn ved dine fagre Ord.

Jos. Surf. Aa, denne Handi, som
han ikkje være verd — — (ban triv
Handi hennar. — Ein Tenar kjem inn). Aa, den

Tosken! kvat vil du?

Tenaren. Eg bed deg um For-
lating! Men eg tenkte du vilde ikkje,

at Sir Peter skulde koma, utan at eg
mælte det for deg.

Jos. Surf. Sir Peter! — aa! den
Djevelen!

Lady Teazle. Sir Peter! — Aa,
no er eg. ulukkeleg, reint ulukkeleg!

Tenaren. Det var ikkje eg, som
let han koma inn.

Lady Teazle. Ja no er eg uluk-
keleg! Kvat skal der verta av meg
no, Pralhans! — Aa, der er han alt
paa Troppi. Eg fær ganga bakum

her — ja no var eg uvarsam! (ho gjeng
bakum Skyggje-Gavlen).

Jos. Surf. Gjev meg den Boki!
(han set"seg ned. Tenaren letst som han steller pa»
Haaret hans. Sir Peter kjem inn).

Sir Peter. Aa, altid med gagn-
leg Lesning! Det kann eg lika, Master
Surface!

Jos. Surf. Aa, min kjære Sir
Peter, eg bed deg um Forlating, (ham
Eg sat her
med ei Slarve-Bok. Aa, eg takker

gaper og kastar ifraa seg Boki).

dégv*sarindorleg, for du saaginn. Eg.

tenkjer du ikkje heve voret her, siden
eg fekk lidt Skikk paa Boksamlingi
mi. Du veit, at Bøker er det, som eg
syter mest for.

- Sir Peter. Nei, her er det fint
no! — ja so fagert er det altsaman!
— ja sjølve Skyggje-Gavlen er endaa
ei Kjelda til aa ausa Kunnskap av —
den er uthengt med Landkort.

Jos. Surf. Ja, eg heve stort Gagn
av denne Skyggje-Gavlen.

Sir Peter. Ja, naar du til Dømes
i Hast vil finna nokot.

Jos. Surf. ærsides). Elder naar eg
i Hast vil gjøyma nokot.

Sir Peter. Væl, eg heve nokot,
eg vilde tala med deg um paa tvo
Manns Hand.

Jos. Surf. «il Temarem. Du kann gaa.

Tenaren. Væl, Sir (han gjeng).

Jos. Surf. Her er Stol, Sir Peter,
ver so god!

Sir Peter. No er me daa aaleine.

D’er ein Ting, min kjære Ven, som eg,
for aa letta Hjartat mitt, vil fortelja
deg, — ein Ting av største Vigt for
meg — kort aa fortelja deg, kjære
Ven, Lady Teazle heve i den siste
Tidi vist slik ei Aatferd, at eg er reint

ulukkeleg.

Jos. Surf. Nei, jaso; det gjerer
meg hjarteleg ilt aa høyra.

Sir Peter. Ja, ho bryd seg slett
ikkje um meg; men det, som er verre,
eg heve Vissa for det, at ho held Hus
med ein annan.

Jos. Surf. Kvat segjer du?! Eg

fæler reint!
Sir Peter. Ja, — og sagt imil-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free