Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for eit halvt år sidan, 34 år gamal, i same romet
der Henrik Wergeland døydde 12 år fyrr, 37 år
gamal.
Arvesen hadde vore mykje saman med Ole
Vig, lese alt han hadde skrive og vilde gjerne
fortelja um alt dette. Anker lydde, kom berre
med eit spursmål av og til, m. a. um Ole Vigs
ferd til Danmark og um Grundtvig. Heime
hadde han høyrt so mykje um denne mannen, mest
av mor si.
Arvesen la ut um Grundtvigs skuleidéar og
fortalde at det var Ole Vigs store draum å få
reisa ein folkehøgskule som bygde på desse
skule-tankane. Men han fekk for stutt levetid.
Anker stana: «Stakkars Vig,» sa han, «som
skulde dø før han kunde få se en sådan skole. —
–Men kom, Arvesen, du og jeg reiser den!
— Vil du ikke gjerne dette?» — «Jo visst — men
midlerne?» —
«Vær ikke redd, der skal nok bli midler.»
Båe vart so upp i det for denne tanken, at dei
gløymde både professoren og teologien. Dei var
komne langt upp i Aker fyrr dei gådde, at det
var meir enn ein time over tida.
Då Arvesen over 40 år seinare fortalde um
dette, la han til: «Jeg mindes det endnu som
hadde det været igår. — Jeg har ikke nogen gang
følt mig så sjæleglad som efter den samtale med
Anker.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>