Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men det var so stort og gledeleg dette, at han
mest ikkje våga tru på det.
Den fyrste gongen han atter var saman med
Anker, kom han seg ikkje til å nemna skulen
fyrr Anker litt undren spurde, um han alt hadde
gløymt det heile.
Då tok dei atter tanken upp, studera att og
fram og vart samde um å reisa ein folkehøgskule,
som skulde liggja på eller ved Hamar. Båe
skulde stå saman i arbeidet.
Men fyrst måtte dei verta ferdige med
studer-ingane sine. Det vilde taka 3—4 år.
Anker-ætta er vidt utgreina og har mange
kjende menn i soga vår, m. a. Carsten Tank
Anker, Eidsvoll, og Peter Anker på Bogstad.
Dotter hans, Karen, var gift med greive Herman
Wedel Jarlsberg. Ein kan fylgja ætta attende til
kring 1650. Stamfaren heitte Erik Anker (1644—
1699), var handelsmann og åtte ein stor vin- og
trelasthandel i Oslo. Han let etter seg mange
pengar, <lå han døydde. I 1778 og 1790 vart
fleire av ætta tekne upp i adelstandet, millom
desse Nils Peter sen Anker. Han var rikmann og
gjorde mykje godt med pengane sine. I 1808 og 9
gav han store gåver til heren, og i 1811 10 000
riksdalar til det nye norske universitet. — Son
hans, Peter Martin Anker kjøpte herregarden
Rød (ved Halden) som verfar hans, statsråd
Tank, hadde ått, og flutte dit. Han var gift 2
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>