Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tenkte større over det då. I mange ting måtte ho
vera lik vermor si, Trine Anker. Ho var idealist
med den gleda og lukka, men og med den
saknad og lengt som er ser merkt for slike.
Liksom so mange andre av Anker-ætta hadde
ogso Herman Anker sterk interesse for England,
for engelsk åndsliv og samfundsliv. I
student-tida hadde han vore ein tur m. a. til Oxford; han
fylgde alltid med i engelske blad, tidskrift og
bøker og gjekk gjenom Englands-soga på skulen.
Samstundes med dette heldt Sagatun alltid ved
lag sambandet med Danmark til hjelp i
skule-arbeidet.–
I 1871, 60 år etter Grundtvig vart prest, var
lærarar og elevar ein tur til Danmark, og fekk
då m. a. høyra Grundtvig. Det var ikring 50
norske med på turen.
Til skulen kom mange framande både frå
Sve-rike, Danmark og Finnland, men sjølvsagt var
det mest norske. Der var store skulemøte og
«vennemøder» som dei gjerne kalla det, i 1872 og
1885. På slike møte var Bjørnson alltid
fyrste-mann, både medan Anker styrde skulen og
seinare i Arvesens tid.
Millom dei som kom frå Danmark, var ogso
syster til Mix, Ida Teresia. Ho var der fyrste
gongen som 16-års gjente. I 1879 vart ho gift med
Wollert Konoro på Tjerne.
Etter det Anker sjølv segjer var han mest lik
mor si. Men han hadde ervt ikkje so lite av tron-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>