- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
26

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gen hjå far sin til store tiltak ogso i det
praktiske forretningslivet, noko som vi finn hjå so
mange i denne ætta. Til dette kom at han måtte
sjå seg um etter noko som kunde gjeva innkomer.
Han hadde etterkvart fått ein stor huslyd å syta
for. På skulen vilde det berre bli utlegg, større
enn han frå fyrst av hadde tenkt seg.

Han bygde Hamar fyrstikkfabrikk, kjøpte
skogteigar og fekk i stand den fyrste siktemylna
i landet. Men alt førde berre til store tap.
Forretningsmann som P. M. Anker var han ikkje.

Sagatun og dette andre tok til slutt heile
farsarven hans.

Striden mot dei nye skuletankane heldt ved.
I 1875 sette statsmaktene i gang andre skular for
bondeungdom, amtskulane, som var bygde etter
dei gamle, vanlege synsmåtane. Desse skulane
gjorde det sers vanskeleg for dei frie
folkehøgskulane. I 1877 gjorde Stortinget eit nytt vedtak,
og etter det kunde det vera von um at
folkehøgskulane og kunde få statsstudnad, so båe
skuleslaga kunde få arbeida på meir jamngode
økonomiske vilkår. Dersom fylkestinga gav ei
løyving til ein skule, fylgde staten med og gav det
tridoble. Det var soleis ordførarane kringum i
bygdene det kom an på. Fleire kjende og
dugande skulemenn hadde no gått i gang med
folkehøgskular kringum i landet, soleis Chr. Bruun og
V. Ullmann. Alle desse nye folkehøgskulane
søkte um tilskot sumaren 1877. Utfallet i fylkes-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free