Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tinga syner kor mykje det endå vanta på at
høg-skuletankane hadde vunne fram ute millom
folket, eller i alle fall millom dei som målsmennene
var. Skuledirektørane representera det gamle, og
dei hadde ikkje so vanskeleg for å få andre med
seg i denne saka. Alle fylkestinga, so nær som
Nordre Trondhjem, nekta tilskot til
folkehøgskulane. Skuledirektøren i Hamar, O. E. Holch,
arbeidde i mot høgskuletanken og meinte det
berre var ein illusjon dette å vilja skapa noko
åndsliv hjå bondegutane. Fylkesskulenemnda
gav Sagatun dette korte vitnemålet at «man efter
sit kjendskab til Sagatuns virksomhed og de
der-af sprungne frugter, fandt skolen uheldig».
Bjørnson hadde då nettupp skrive sitt kjende
dikt til Anker og Sagatun, «Hamar fyrstikker»;
Arvesen og andre hadde tala og skrive um kor
gagnlege og naudsynlege for bøndene slike
skular var. Men det hjelpte ikkje. Hedmarks
amtsting nekta tilskot til Sagatun 23. juli 1877 — 11
røysta for løyving, 13 mot. Dette hadde ikkje
Anker venta, og han tok det tungt.
Det viktigaste i folkehøgskulearbeidet er slik
at dei som skal bera det, treng noko både til
kveik og varme. Utan dette har ein so lett for å
missa modet, gå trøytt og gjeva upp. I dei 13
åra Sagatun-skulen no hadde vore i gang, hadde
det vore elevar frå mest alle landsluter, over 700
i alt, ikring 260 frå Hedmark. Etter alt som her
var gjort, skulde ein tru at dei styrande vilde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>