- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
51

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det er ofte slik at dei største og mest evnerike
talarane har vanskeleg for å tala med den
einskilde. Både Grundtvig, Schrøder, Bruun og
Ullman hadde det på den måten — Arvesen
derimot kunde tala like lett og like godt anten han
stod på talarstolen eller han sat ved eit bord i
privat samtale.

Ullmann var mykje i saman med Arvesen og
lærde visst mykje av honom. Men å føra
personleg samtale med elevane, det lærde han aldri.
Det er sikkert med tanke på seg sjølv han skriv
i 1899: «Jeg kjender ikke mange som har denne
misundelsesverdige samtalens nådegave, således
som Arvesen, evnen til time efter time at kunne
holde interessen fangen hos den eller dem han
sidder sammen med.»

Dette fekk elevane nytte av utanfor
skule-timane, t. d. ved middagsbordet. Til Sagatun
kom so mange av dei fremste i si tid, i litteratur,
i kunst og politikk, og timane ved bordet der
Arvesen styrde samtalen, det var noko som feste
seg hjå elevane.

Fleire gonger i månaden fekk Arvesen og frua
til festar på skulen med musikk, song og talar.
Dei inntrykk elevane då fekk, hadde kanskje
likso mykje å segja for mange som sjølve
skule-timane.

Stor fest var det når Bjørnson og fru
Karoline kom. Dei kunde sume tider vera ein 14
dagar eller so på Sagatun. Um dagen var Bjørn-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free