Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
son uppteken med arbeid — dikting, politikk
eller kva det kunde vera. Han hadde so mange
jarn i elden. Men um kveldane fekk Arvesen
honom med inn millom elevane. Og når han tok
til å tala eller fortelja, vart det stilt i salen.
Både i og utanfor skuletimane vart dei unge
førde inn i noko heilt nytt, som dei aldri hadde
tenkt seg. Det ein elev frå 1880-åra skriv, er
sikkert uttrykk for den kjensla dei hadde alle som
kom der i den beste tida: «Skoletiden min ved
Sagatun regner jeg til mit livs lykkeligste dager.
Det var som hver dag å stå ved et stort, åpent
vindu og se ut i åndens vide verden.» (J. From.)
Arvesen hadde uvanleg lett for å gjeva
tankane og kjenslene sine form både i tale og skrift.
Det er sagt at um ein vekte honom upp midt på
natta, so skulde han kunna stå upp og halda eit
timelangt foredrag med det same, og eit godt
foredrag. Han kunde finna fram i minnet det
han hadde bruk for, skipa det og gjeva det form
etter kvart han tala.
Arvesen fortel um Grundtvig, at når ein vilde
tala med honom, so vart det til det at han kom
til å tala berre sjølv. Noko av det same var det
med Arvesen og, då han vart eldre.
Ein gong kom eg til å reisa saman med
Axve-sen frå Vinstra i Gudbrandsdalen til Hamar. Det
var i 1903 eller 04. — Han spurde litt um
tilhøva i Gudbrandsdalen, um folkehøgskulen og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>