- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
78

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Trass i det han fekk so sterk motstand både
frå prestane, pietistane, dei styrande og andre,
var likevel dei fyrste ti-femtan åra i Gausdal
Bruuns beste tid. Det var då han heldt dei mest
kjende foredraga sine og gav ut hovudverket sitt.
Tilsaman skapte dette både varme vener og
motstandarar.

Programmet for folkehøgskulen har vi i
«FoZ-kelige Grundtanker», som i grunnen er ei heil
folkedaningslære.

Kort fyrr verdskrigen braut laus, skreiv ein
lærd tyskar (dr. A. H. Hollmann) ei bok um
Grundtvig og dei skulane han hadde skapt. —
Etter krigen har tyskarane teke arbeidet upp att
for å føra desse skuletankane igjenom i
Tyskland. I denne boka segjer forfattaren ein stad:
«Det kan sjå so ut at den historiske utvikling
går i eit fast far etter evige jarnlover. Men
sume tider kan likevel ei fast hand gripa inn og
freista føra det heile av faret. Og når ein har
lukka med seg, kjem andre og hjelper til so det
heile ber i ei ny leid. Grundtvig greip inn, so
den historiske utvikling i Danmark kom til å gå
i ei ny stemneleid. Utan honom var det vel no
ingen dansk kultur til, og difor er han for sitt
folk geniet. Men Grundtvig var ikkje berre
dansk, han var og german, og det han som
german tenkte, sa og vilde, vedkjem ogso oss.»

Desse geniale ideane som den lærde tyskaren
her skriv um, har Bruun forma ut i boka si.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free