- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
79

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I det teologiske var han ikkje grundtvigianar,
heller ikkje i den tida han fekk sine sterkaste
inntrykk av Grundtvig og venene hans i
Danmark. Men den grundtvigske sjele- og
upp-sedingslæra hadde han heilt eigna til seg og har
forma ho ut klårare og betre enn nokon annan,
endå um ein tek alt det med som danskane har
skrive um dette. Vil ein få greide på kva Bruun
tenkte og vilde som folkelærar, må ein søkja det
her. Det er ikkje berre skulespursmål han tek
for seg, men menneskelivet, samfundsskipnaden
vår og det norske samfundslivet i det heile.

Boka har desse tolv stykka:

1. Menneskelivet. Aand. 2. Folkehøiskolen og
den norrøne gjenfødelse. 3. Svar på
indvendin-ger. 4. Bondelivets fortrin. 5. Om latinskolen.

6. Om vort universitet og dets videnskabelighed.

7. Om den herskende dannelse her i landet.

8. Maalsagen. 9. Bondereisningen. 10.
Kvinde-sagen. 11. Haab om Kristendommens
gjenopli-velse. 12. Om det menneskelige.

Mange av desse spursmåla har ikkje same
interessa no som for 50 år sidan. Men sume er
aktuelle den dag i dag. Her skal eg berre få
nem-na tvo: Målsaka og folkehøgskulen.

Um den fyrste er striden både hardare og meir
fanatisk no enn i Bruuns tid. Strid vert ofte
sterkast mot slutten, når det gjeld eit stort og
vanskeleg samfundsspursmål.

Bruun brukte ikkje målet sjølv korkje i tale

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free