Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
heilt parti. «Når ei menneske er så dydigt som
vort politiske høire er,» skreiv han i 1887, «så ved
enhver sjælekyndig mand at det ikke hænger
rigtig sammen. Og når et parti i den grad er den
rene flækfrie dyd, så er der også al grund til at
fatte mistanke.»
Høgre hadde ikkje slike politiske synder på
samvitet som vinstre. Men dette var ikkje noko
å takka det for, endå mindre å rosa seg av,
meinte Bruun. Den einaste pålitelege vegen til ikkje
å gjera noko gale i verda er: ingen ting å gjera.
Dei som er inne på den vegen er alltid dei
strengaste domarane over dei som gjer noko. Soleis
var det med høgre. «Det er dette som er høires
politiske renhed, og som giver dem denne
uende-lige overlegenhed over det syndige venstre. Det
er dette, som ifører dem denne selvgodhedens
skinnende retfærdighed.» Han heldt gjævare
«det vågne liv med dets arbeide og dets synder
fremfor denne selvgode syndeløse søvn.»–-
Historisk set sov høgre i den tida det skulde
arbeidt. Det var høgres synd. «Historiske synder
var de omtrent lige så uskyldige i som den
kræm-mer, der tilbringer sit liv med at sælge kaffe og
sukker.»
Men han var heller ikkje samd i alt det
vinstre gjorde. Det han hadde mest i mot var
riksretten i 1884 endå han var samd i utfallet. —
Måten det vart gjort på, fann han urettvis,
nemleg å setja lagtinget saman soleis som dei gjorde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>