- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
87

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Nokon stø politisk partimann vart han aldri.
Han vilde helst vera eit parti for seg sjølv, so
han kunde få segja si fulle meining både til høgre
og vinstre.

I folkehøgskulen skal elevane ikkje berre få
kunnskap. Undervisninga i hovudfaga skal vera
noko av ei forkynning, vekkja nye kjensler og
tankar og lysa upp i sjelelivet hjå dei unge.
Bruun nådde lenger i denne leida enn dei fleste
andre. Han møtte alltid godt fyrebudd til
skule-timane. Det han bar fram, var godt gjenomtenkt,
ein kan gjerne segja gjenomlevt, og difor so klårt
og sterkt. Dette var det vel som mest gjorde at
han kunde få slik makt over åhøyrarane.

Han var ikkje stortalar, ikkje «veltalande» i
vanleg mening, og vilde ikkje vera det heller.
Han sa ein gong: «Skidt i hele veltalenheden!
Har man noget man vil ha sagt, så får man nok
sagt det, og da får man også folk til at høre på.»
Det var den vanlege deklamatoriske talen han
her tenkte på. Innhaldet var det fyrste. Men
det er ikkje det same som at han var likesæl
med den forma han klædde tankane sine i.

Bruun arbeidde ikkje lett eller snøgt, korkje
når han skulde tala eller når han skreiv. Eit
ser-merke hjå honom var at han både munnleg og
skriftleg kunde samla det han vilde slå fast, i
stutte setningar. Dei verka som slagord ofte.
Ein kunde hugsa dei i årrekkjer etterpå, mange
heile sitt liv. Slikt når ein ikkje utan arbeid.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free