Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
på Vonheim. Bjørnson var heime, og vi på
kurset hadde hug til å høyra honom. Vi såg den
store mannen kvar dag gå der ute på altanen
uppe på Aulestad att og fram, ofte stana han og
såg utover dalen.
Det vart valt tri som skulde gå upp og spyrja
um han vride koma ned til Vonheim og halda eit
foredrag på kurset.. Eg var den eine av desse tri,
og vi gjekk ein kveld upp til B. B. og bar fram
ærendet vårt. — «Jo, mine kjære unge venner,
det vil jeg så gjærne. — Men har I talt til Bruun
om dette?» — Nei, det hadde ingen tenkt noko
på. Vi hadde gått ut frå at det var tidsnok å
spyrja Bruun, når alt var greidt med Bjørnson.
Dei kunde då ikkje ha noko mot dette på
Vonheim. «Ja, ja spør Bruun, og gi så mig beskjed
om svaret,» sa Bjørnson.
Då vi kom til Bruun med ærendet vårt, vart
han streng og ålvorleg og sa tvert nei. «Jeg
undrer mig ikke det mindste over at I ønsker at
høre ham. Han er jo landets største poetiske
kraft, og på det område vor største mand nu.
Jeg vilde finde det mer underlig dersom I iklce
ønsket det. Men her skal han ikke komme, så
lenge jeg har noget at sige over Vonheim.» Og
det siste sa han på ein slik måte, at vidare
samtale um dette ikkje var å tenkja på. Med denne
boda måtte vi gå til Aulestad. «Jeg tenkte det
nok,» var det einaste Bjørnson sa.
Eit slikt lite trekk er karakteristisk for dei båe.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>