- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
97

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Christopher Bruun, 1839-1920

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bjørnson hadde lettare for å gløyma enn Bruun
og vilde gjerne sletta over. Bruun tok det tyngre.
Han hadde lova seg sjølv at Bjørnson ikkje
skulde tala på Vonheim meir, og den lovnaden vilde
han halda. Han visste at det heller aldri kunde
bli som fyrr.

Ullmann fortalde at ein haustdag han var på
Aulestad, bad Bjørnson honom gå i millom og
få «forlik» i stand. Han gjorde ein liten
freistnad, men det førde ikkje til noko.

Ein annan gong — det var etter at Bruun var
slutta på Vonheim, og etter ein kvass bladstrid
millom desse tvo — var Bruun på eit møte i
Gausdal og høyrde eit foredrag av B. B.

Ute i gangen råka dei einannan. B. B. kom
med utstrekt hand: «Ær du der, min kjære væn!
Lat mig få trykke din hånd, det ær så lenge
si-den. — Når jeg skriver, skriver jeg som et svin

— men det gjør du også — det gjør du også!»

Stort meir vart det ikkje sagt då heller.

Bjørnson var stemningsmenneskje og ofte ofsen
og uvyrden i denne striden. Etterpå trega han
og vilde gjera det godt att. Bruun var ikkje so
snar i vendinga. Han var roleg og kom ikkje ut
or jamvekt, såg heller kald ut. Dette saman med
kritikken hans, både av høge og låge, kunde lett
gjeva biletet av ein hard, myrk, sjølvgod mann,
som var streng mot alt og alle.

Slik var likevel ikkje Bruun. Han var streng
i det ideelle kravet sitt både mot seg sjølv og

7 — Fire folkelcrarar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free