Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Viggo Ullmann vart fødd i Oslo 21. desember
i det urolege året 1848. Han høyrde til ei kjend
og gåverik ætt. Far hans, Jørgen Axel Ullmann,
var departementsmann, og mor hans, Wilhelmine
Dunker, var syster til den kjende advokaten
Bernhard Dunker. Bestemora hans, Conradine
Bergitte Dunker, var syster til professor
Hansteen.
Viggo Ullmann vart student 1866, men hadde
ikkje råd til å halda fram med studeringa fyrr
enn etter 4 år. Han drogst med skuld alt frå
skuledagane og denne auka på. Han var alltid
ein fatig mann. Han var ei tid huslærar hjå
Ni-colai Aall på Nes jarnverk, og for ved nyårstid
1870 til Oslo, skulde gjera seg ferdig med
embetseksamen. I mars same året kom Chr. Bruun
ned frå Gudbrandsdalen og heldt foredraga sine
i Studentsamfundet. Desse slo ned i Ullmann
og merkte honom for livet. Den store gjerning
Bruun her mana til, vilde og måtte han vera med
i. Han skreiv m. a. um dette seinare:
«Jeg kan så godt huske hvorledes jeg i 1870
ved den vækkelse jeg havde fået ved Chr.
Bruun, havde bestemt mig til at blive
folkehøi-skolelærer, men hvorledes jeg da mange gange
med en viss hemmelig gru tænkte på hvor meget
jeg måtte opofre og forsage af hvad der var mig
tilvant.» —
Han fekk filologisk embetseksamen i 1872 og
var no eit år i Danmark (Askov, Testrup, Valle-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>