Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han heldt skule i fleire bygder, til han hausten
1884 fekk «reist for tredje gang sit ringe hus».
Han fekk no skulen fast i Seljord på eigen gard.
I mai 1884 vart det skipa eit lutlag som kjøpte
Utgarden for kr. 16 000. Mange i
Telemarksbyg-dene, mest i Seljord, hjelpte til med dette, soleis
Jørund Telnes, Olav Soeinsson, Gunleik
Nordgarden, Høye Øverland og Tarje Lindstøl.
Men den som ut gjenom åra var den beste
hjelpesmannen i alle praktiske ting, var den
trufaste høgskulevenen Kristian Torp Hansen,
kjøpmann i Seljord, seinare bokhandlar i Kviteseid.
Umfram vanleg folkehøgskule hadde han ein
privat lærarskule 1888—98 og 1900—1902. Som
på Vonheim var det og mange lærarkurs her frå
1885, oftast med statstilskot.
Stortingsvedtaka frå 1875 og 77 førde til at det
vart vondt og usikkert for honom økonomisk.
Han hadde tilskot frå 1882, miste det i 1887, fekk
det fyrst att i 1892 og hadde de’t’då so lenge han
styrde skulen. Men etter kvart var han komen
i so stor ei skuld at han laut slutta i Seljord i
1902.
Dei fyrste høgskulemennene kom mykje med
i politikken. Ullmann var den som var mest med
og nådde lengst her, var president, den beste
Stortinget har havt etter Johan Sverdrup, og ein
av dei fremste i si tid.
Den ytre råma kring livssoga hans elles er:
Stortingsmann 1886—1900, stortingspresident 1892
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>