Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
—94 og 1898—1900, formann i dei fleste av alle
dei stortingsnemndene han var med i. — Han
var med i Seljord heradstyre og ei tid ordførar.
Han heldt ei mengd med foredrag rundt ikring
her i landet, i Danmark og Sverike og dessutan
i Nord-Amerika (1893), var på mange fredsmøte
m. a. i Rom, Bern og Haag, og var med i den
store «kgl. skolelovskommisjon» av 1884, som
kom med framlegg til skulelova av 1889. — Han
var formann i «Det norske Samlaget> 1891—94.
Attåt alt dette stod han som styrar eller
med-styrar av fleire blad og tidskrift og skreiv
mykje i desse. — Det største litterære arbeidet hans
er cHåndbog i Verdenshistorien>.
Berre det han har skrive, kunde vore meir enn
nok til eit langt livsarbeid for ein mann. «Norsk
Forfatterleksikon» har fem store tett-prenta
sider berre til å rekna det upp.
Det var likevel som talar han nådde høgst.
Hans geniale talekunst gjorde honom også til ein
av dei fremste politiske førarane. Ullmann var
fødd talar; ein av dei få som ein har rett til å
bruka desse store orda um.
Den kjende svenske høgskulemannen, Teodor
Holmberg, som i sine yngre dagar reiste mykje
i Noreg, og i si tid var den fremste folketalaren
i Sverike, har gjeve ein karakteristikk av
Ullmann som kanskje er den mest råkande:
«Viggo Ullmann var en sållsynt rikt begåvad,
ideelt tankande mann, men samtidigt vass och
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>