- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
118

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei kunde få utruleg mykje ut av dette. Ullmann
tok ikkje so mykje med av gudelæra — iallfall
ikkje dei seinare åra — ikkje når han tala um
«folkenes naturreligion og folkeånden» heller.
Han såg på dette onnorleis enn dei gjorde i
ro-mantikkens dagar. Segnene um Valhalls gudar
i Åsgard var ikkje folketru, men skaldesyn,
skapt av vikingelivet i slutten av heidenskapen.

Mange høgskulemenn kan vera so mykje for
elevane i det daglege samlivet, at dette får like
so mykje å segja som foredraga i skuletimane.
Ullmann var ikkje av desse. Ikkje hadde han tid,
og ikkje låg det for honom heller. Han hadde
vanskeleg for å tala med elevane privat. Dei
kom seg sjeldan til det. Det var noko kort,
ihop-knept over honom, som gjorde at ein heldt seg
på fråstand. Dei vilde helst ha honom på
talarstolen.

«Hvem er De, og hvad vil De?» brukte Ludvig
Schrøder å segja, når ein framand kom på
kontoret hans. Ullmann tok det mest på same
måten. Var han uppe i eit arbeid — og det var han
mest alltid — so var det ikkje lett å få mange
ord av honom. Han levde i sin eigen tankeheim
og hadde vanskeleg for å riva seg laus. For dei
som ikkje kjende honom og måten hans å vera
på, såg han hard og streng og kald ut, når han
ikkje stod på talarstolen. Men han var ikkje det.
Det var noko fint, mjukt, blidt og noko reint
barnsleg over honom som hjå dei fleste store menn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free