- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
119

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han kunde t. d. moroa seg med å laga
for-undringspakkar til dei store basarane dei heldt
kvart år i Seljord til inntekt for skulen. Det var
forresten kjøpmann Torp Hansen som styrde
med dette; han hadde panteobligasjonane og
greidde med renter og slikt. Både Ullmann og
frua var rørande takksame mot honom for at han
sparde dei so mykje for å vakta på dette.
Inntekta av desse tilstellingane og storparten av det
Ullmann og huslyden skulde leva av, gjekk til
renter. Han hjelpte til med pakkane sine, og
arbeidet med dei gav kvile for tankane.

Sume tider arbeidde han kanskje og medan
han stelte med pakkane. For det meste var det
sukkerkuler, peparmynte og slikt han la inn i dei
fyrr han lima dei godt i hop. Av og til kunde
han vera flott og leggja ein stor og dyr ting inn
i, ein krageknapp, eit par hårnåler, ein
lumme-blyant o. 1. Både eitt og tvo hundrad slike
pakkar kunde han laga i stand til kvar basar, som
i regelen vart halden ut på vinteren, og dei gjekk
som vart braud. — Han var midt inne i
historiske spursmål og vanskar medan han arbeidde
med dette. Midt uppe millom store, lærde, tyske,
engelske og latinske bøker, hadde han desse
sakene liggjande på skrivebordet. Men han likte
ikkje at framande såg det. Han hadde alltid
liggjande ei stor avis som han la over, når nokon
kom inn på kontoret; han såg då halvt redd,
halvt skjemd ut. Var det ein god kjenning eller

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free