- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
120

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein av husfolket, tok han avisa burt att, murra
noko som vel tydde: «Å, er det berre du. Seg
det du vil straks og ha deg ut att.»

Han vilde alltid sjølv laga til joletreet, pynta
det, finna ut jolegåver til alle i huset, —
admini-strera. — Joletreet lyste, han las joleevangilja,
alle song jolesalmar, helst av Grundtvig. —
Jole-kveldane var høge og heilage for unge og gamle
på skulegarden. Saman med huslyden sin
gløymde han då dagsens strid og naud.

Han hadde ei merkeleg evne til å halda
tankane samla um det han til kvar tid arbeidde med,
søkte innetter til sitt eige, rike sjeleliv, som fekk
nøring i den barnetrygge, religiøse trua hans. I
foredraga sine kom han so ofte inn på det som
Welhaven har forma slik: «Vær fri og from i
dine tankers rige.» Når åhøyrarane — gamle og
unge — under hans religiøs-etiske foredrag fekk
sjå noko av hans «tankers rige», vart dei fanga
av honom, tekne av den sterke makta i orda
hans.

Eg har havt den lukka å få høyra nokre av
dei fremste ungdomslærarane og talarane i dei
nordiske landa: Schrøder, Begtrup og Poul la
Cour i Danmark, Eolmberg og Holmstrom i
Sve-rike, Arvesen, Bruun, Bjørnson, Vullum,
Wexelsen og m. fl. i Noreg, ikkje berre eitt, men fleire
foredrag eller talar av alle desse. — Men ingen
har etter mitt skyn gripe so sterkt inn i det inste
sjelelivet og havt den sterke makta over åhøyra-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free