- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
28

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28 .A . F. S. Grundtvig. først hadde reist, og som han hadde skrive og tala so varmt for, jH des aka, som den dagen vart, dryfta og avgjord. Den 70de fødedagen til Grundtvig 1853 vart det halde ein stor fest for honom. Danske og norske kvinner hadde lagt saman til eit stort maalarstykke av fødestaden hans. Eit takkebrev som var underskrive av 161 danske og '23 norske vart og gjeve honom, daa han fekk bilætet. Sam-stundes fekk han eit gaavebrev med 7000 rdl. i „som en ringe begyndelse" til aa setje i gang ein folkehøgskule, som han so lenge hadde arbeidt for. Seinare kom endaa fleire pengar til den skulen, som fekk namn etter Grundtvig, Det var 471 namn under gaavebrevet, og 92 av desse var norske. Svenskane var ikkje med, og dei svenske blad var leide for dette. Men svenskane var orsaka, for dei hadde ikkje faatt visst det tids nok. Millom dei mange andre brev ban fekk den dagen, var eitt fraa „venner i Norge" og eitt fraa det norske studentsamfund, Det første var skrive av presten Wexels og underteikna av W. A. AVexels og H. Stensrud, det andre av li. Brun og underskrive av „Det norske Studentersamfund I 1861 var det 50 aar sidan Grundtvig vart prest. Kongen nemde honom daa ut til bisp, og han skulde vere rangstor med første bispen i landet: Bispen over Sjællands stift. Dei tvo eldre salmediktarane, Brorson og Kingo, ii adde og vore bispar, og kongen vilde difor, at Grundtvig med skulde ha denne titel „for at det kunde vides, at han ikke mindre end hans forgjsengere satte pris paa digterisk begavelse, anvendt i kirkens tjeneste." Kvinnor fraa dei tri nordlanda hadde gjeve pengar til ein sjuarma Jysstake av gull, ei ain høg. En kjed renninga Karoline Ama.lie gav Grundtvig staken, som skulde vere ei takk for det lys, han hadde spreidt over nordlanda i desse 50 aar. Den lite juni 1871, 20 aar etter Grundtvig var i Norge, sende det norske studentsamfund ei lang telegrafisk helsing tri honom, I den stod det m, a.:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free