- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
42

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42 .A . F. S. Grundtvig. Paa den andre sida har vi so alle læreskrifter og bibelen først. Ut av desse har det, so gjenom tiderne vakse fram ei mengd læresetningar, teoriar og dogmer; men det har stødt vore strid millom dei skriftkloke om desse, og den striden varer endaa. Striden har stade og staar, om skriftene er egte og rett omsette, og om dei teoriar, som er bygde paa dei. Kven som bar rett av alle desse skriftkloke er uraad for ulærde folie aa lia nokor meining om. Det kan ikkje nytte aa byggje i blind tru paa det den eine eller andre tolk ären segjer. og heller ikkje paa vedtak fraa eit eller anna stort kyrkjemøte. Det Iiar Martin Luther lært oss. Her er ikkje det vigtigaste, kva vi meiner om dogmer og teoriar, som vedkjem den kristelege læra. Tru er eitt, lære eit atina. Det har Grundtvig lært, oss. Han heldt fram med det, Luther begynde paa. — eller som det heiter: „Luther brød med den indviede geislligheds pavedom: Grundtvig brød med skrif t klogskabens pavedom." (L. Schrøder). Kristendomen er ikkje eit filosofisk system, som ein skal finné i lærde bøker. Var det so, kunde kristendomen ikkje vere for alle. Por det er ikkje alle, som har faatt evne til aa kunne tenkje seg inn i og eigne til seg eit filosofisk system. Der skal sergivnad og ein sers framvokster til det. Men evna og trongen til t,ru finst hjaa alle. Kristendomen ii ar rom for alle, like fraa dei a andeleg fatige, som lite og inkje har havt aa live paa av det, ein kallar store idear og tankar, og til dei store aander, som set merke etter seg i soga. Grundtvigs tankegang er soleis den, at menneskja sit forhold til læres k ri f tene og dei menneskjelege læresetningane, som er bygde paa desse, korkje er eller skal gjerast til vilkaar for vaar saiigheit, Det som skil millom kristne og ikkje-kristne er, korleis ein staar til den kristne tru, slik ho lyder i den apostoliske truvedkjenning. Trua og trua si vedkjenning lyt vere ei fri sak.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free