- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
51

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

F o Ikelæraren Grundtvig. 51 lova Grundtvig ein stor folkeleg høgskule i Sora. Kva voner han hadde om denne skulen syner seg i det han skreiv i „Danskeren". Skulde plana om høgskulen verte til inkje, daa „har der i hele 6 aarhundreder ikke truffet dansken et haardere stød." Det var visst meininga, at Grundtvig sjølv skulde ha styret og vere den, som valde lærarar. Livsvegen gaar innanfraa uttiL Det er den grunntanke, som kjem fram i alt Grundtvig har sagt og skrive om opseding og oplæring. Det er ut fraa det indre, dulde sjæleliv, at mannens aatferd, arbeid og heile liv formar seg. Det er dette, som er grunnen og det inste ophav til baade dei gode og onde gjerningar. — Kans arbeid som folkelserar hadde eit: sers positivt drag. Dette kjem først og fremst td syne i hans forhold til ungdomen og den ungdomsskulen, han skapte. Ein av hans næraste læresveinar har forma grunn-takane hans i tri setningar: 1) „Aand er magt. 2) Aand aabenbarer sig i ordet, 3) Aand virker kun i Erihed." Paa alle dei skular, som er bygde paa skuletankane til Grundtvig, er det lærarane sine muntlege foredrag, som er hovudsaka. Men difor vert sjølvsagt ikkje bøker, lesnad, tileigning av positive kunnskapar, dei reint praktiske ting vanvyrde, soleis som motstandarane til desse skulane so ofte har freista gjere det tik Alt i den organiske verda treng ei viss tid til aa vekse seg fram. Slik har det seg og i aandslivet. Ein kan nemne mykje, Grundtvig liar sagt, som kastar eit klaart lys over desse ting. Barndomstida er som vaar tida, daa mykje skal take td, men inkje verte fordigt. Dei mange spirer skal begynde sit liv. Den hjelpa eit ophald ved ein folkehøgskule skalde gjeve, maatte kome alle til-gode. „Bondehøiskoler" vart dei ofte kalla i førstninga desse skutar. Men det. er namnet folkehøgskule, som har vunne seg fram. I Jen skulde vere

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free