Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Norge,
5ame aar som Grundtvig gav ut „Kirkens Gjenmæle4
og dermed kom op i den lange striden med det danske
presteskap, var det i Kristiania ein ung presteson, som tok
studenteksamen, og som snart etter vakte ein strid, som skdde
dei norske studentane i tvo llokkar og til sist, heile landet i
parti anten for eller imot. Det var Henrik Wergeland.
Det var ein strid av eit heilt anna slag denne, som den
unge norske teolog kom op i, enn den som samstundes vart,
førd i Danmark. — I det religiøse stod Wergeland
rasjonalistane nærare enn han stod Grundtvig. Henrik Wergelands
far, provst N\ Wergeland paa Eidsvoll, som i si tid hadde
studera ved universitetet i Kjøbenhavn, var ein egte
rasjonalist og liksom alle rasjonalistiske prestar ivrig
oplysnings-mann. Henrik Wergeland voks op under paaverknad av
dette. Men han vart likevel ikkje ein rasjonalist av det.
vanlege slaget. Baade i sine religiøse synsmaatar og i
arbeidet for folkeoplysning gjekk han sine eigne vegar. Og
desse laag høgt over dei, rasjonalistane bruka aa gaa, og
førde langt utover den vanlege jordkrypande rasjonalisme.
Wergeland var først og fremst stridsmannen for
kjenslelivet, og i so maate stod ban i sterk motsetning til
rasjonalistane og ali deira tale om „den sunde menneskeforstand"
og deira turre forstandsdyrking. —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>