- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
159

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

X orge. 159 liv. Han var i månge aar stortingsmann fraa N. Trondheims amt og vart i 1908 statsraad og sett. til aa styre landbruksdepartementet. Som tingmann og statsraad har han altid nytta høvet til aa tale høgskulens sak. - - Han er av desse som ikkje har gløymt sine ungdoms ide al ar. Lars Bentsen kom og mykje med i det politiske liv. Han vart väld til stortingsmann i 1876 og har skrive i blada om skulespursmaal o g andre ting. Daa han slutta med høgskulen, vart han styrar av ein skule for blinde, kjøpte seinare ein gard i Smaalena, der ban no bur. Daniel Knutsen Sæter er son til ein gardbrukar i Halse paa Nordmør og fødd 12te januar 1826. T opvokstren var han ein liten villstyring, som för mod pretter og galnestykke, lite hug til aa lese hadde ban og. Men* etter kvart retta dette seg, so han vart ein flink gut, som vart sett til omgangsskulelærar i heimbygda si, før han var 17 aar. 20 aar gamall kom ban paa Klæbu seminar og 2 aar etter i 1847 gjekk han ut fraa skulen med hovudkarakteren „meget godt". Han tok so att lærarposten sin i Halse, men slutta snart, daa han tykte løna var for lita. So var ban lensmannsdreng ei tid i Stangvik, men fraa 1854—76 var ban lærar paa private eller offentlege skular i Eidsberg, Edøy, Borre, Kristiania, Ullensaker, Elverom og fleire stader. Alt daa han var paa seminariet, tok Sæter bestemt parti for grundtvigian ar ane i deira kamp mot skriftteologa.ne og pietistane, og heile tida seinare heldt ban fast ved denne si overtyding. I 1876 fekk han i gang ein folkehøgskule i Bynesset og heldt der 4 kursus, 2 for gutar og 2 for gjenter. Liknande kurser heldt ban og i 11 andre bygder i søre Trondheims amt og i Halse, i alt 20. Pietistane og mange av prestane var sjølvsagt mot skulen hans. Men han hadde og mange vener, som hjelpte til med pengetilskot eller paa andre maatar. Skulen fekk og støtte av ÄNordenfjeldske folkehøiskoleforening", som betalte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free