- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
186

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

186 f', ikt'hwjik ulen. at det, var eit slag op rør dette aa stelle til ein skule med sjølvlaga plan, Titan tiltak eller sanktion fraa øvrigheita. Den første vinteren var det 20 gutar paa skulen; men hausten 1870 var det berre 9 som melde seg. Poulsen gav Op og reiste ved nya årstid, medan Helleland heldt fram med skulen den vinteren og dei komande 2 aar. Han hadde litt hjelp av 2 agronomar, men var elles aaleine. I 1874 kom kand. Ingvar Bøhn til skulen; han var der i 3 vintrar, til ban reiste til Bruuns skule i Gausdal. I 1877 bygde Helleland hus til seg og huslyden og flutte skulen sin inn i eigne rom. Han maatte laane pengar, men vener hjelpte til og fekk m. a. skipa ei „højskoleforening". som skaut saman pengar til skulen. Av det legatet, som er nemt, fekk skulen ingenting. Gaavebrevet vart etter kloke folks raad omgjort soleis, at det aldri skulde kunne verte til hjelp for folkehøgskulen i Ullensvang korkje beint fram eller umveges. Ved ny aar 1876 begynde den første amtsskulen i 8. B. amt. Den vart lagd til Utne i Ullensvang prestegjeld. Folkehøgskulen fekk no tunge dagar paa mange vis. Amtsskulen var komen i stand ved dei rette autoritetar, og der var mindre skulepengar. So var det, ikkje anna for: Helleland maatte som alle dei andre; gaa t,ü amtstinget med søknad om tilskot. Han sende søknad i 1877 og 78, men fekk nei. Haard Haugland (seinare statsraad i Johan Sverdrups regjering — „den første bonde i kongens raad" —) var ein av dei faa som sky na, kva folkehøgskulen var og vilde. Han sette fram forslag i amtstinget om eit lite tilskot, men fekk berre nokre faa med seg. I 1879 søkte ikkje Helleland, men i 1880 sende ban søknad igjen. Fleirtalet i skulekomi-teen ra adde til aa segje nei. men mindretalet (Baard Haugland og Olav Brekke) raadde til aa yte kr. 400 (altso kr. 1600 med amts- og statstilskot). Om dette vart det i amtstinget ein kvass strid, som slutta med, at eit forslag om til-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Dec 19 03:19:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free