- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
24

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

I barneheimen

Soleis for barndomen aat Kold. Det var ni ti gamle
kjer-ingar og menner der i fødebyen hans som kunde aa fortelja.
Tvo fortalde um skrymt, andre fortalde fælande lange eventyr,
og ei farsyster hans fortalde segner um heilage menner og
kvinnor. »Det var for meg som um soli skjein klaarare i desse
hus enn i andre,» segjer han.

Dei trudde paa trolldom mest alle i den tid. Men kristen
domen heldt paa og vart burte for deim. Men soleis var det
ikkje i heimen aat Kolel Mor hans var ei sterk greid kona,
ho trudde friskt og heilt paa Vaarherre og dei ljose magter.
Far hans var meir av ein turrpinne — men ærleg og streng
og rettvis; og so klok at det stod ord av han.

Daa hende det noko som sette djupe merke i Kristen
Kold; han var ein gut paa vel so tolv aar.

Det er ein sumarkveld. Mori sit heime aaleine med borni
sine. Faren var ute i grannelaget og skifte ein arv — han
vart ofte brukt til slikt. Millom desse ervingarne var det ei
kona som hadde ord for aa kunna trolla.

So sit dei i stova um kvelden, mori og borni. Daa høyrer
dei med eitt tri sterke tripp paa loftet beint yver hovudet,
det er som av tresko. Dei skvatt til og tagde alle; for dei
visste ingen der uppe. Mori gjekk burt og glytte; han Kristen
sat att paa benken still. Men ho stokk attende med ein gong
og sette seg paa sengkanten; og dei fem minste borni krulla
seg umkring og gjøymde hovudet i fanget hennar. For ned
gjenom troppi kom det glidande og trillande tvo kolsvarte
rullar med glodraude augo — dei var store som hundar. Dei
rulla seg yver kvarandre og midt inn gjenom stova; og i
same stundi vart det heilt upp myrkt.

»Vaar Herre vere med oss for Jesu Kristi skuld!» sa
mori høgt.

Strakst etter vart det ljost att. Og daa var alt saman burte.

So sa mori:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free