Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
25 I barneheimen
»Ja no segjer me ikkje lenger at det ingen trollskap finst;
men no bed me til vaai Gud og far: Før oss ikkje ut i
freisting, men frels oss fraa det vonde!»
Kristen Kold hadde sete roleg der han sat; men han var
bleik som bast. Og dette synet gløymde han aldri. Han var
stødt sidan viss um at den gongen hadde han fenge ein glytt
inn til dei vonde magter.
Daa faren kom heim, kunde han og fortelja noko: at just
same kvelden hadde dei havt eit kvast ordskifte um slike
ting, der i huset som han hadde vore. »Men daa slutta eg
samrøda — sa han — med aa slaa i bordet og segja at det
finst ikkje trollskap og svartkunster til! Eg burde kanskje
ikkje sagt dette so høgmælt. Det sat ei imillom oss som var
truande til alt.»1
Daa guten var paa ellevte aaret, skulde han læra aa verta
skomakar, so som fedrarne hans hadde vore. Men faren fann
at fingrarne hans sat so klent paa skaftet, at heile karen var
duglaus. Han vart harm og sa: »Daa eg var elleve aar,
kunde eg sauma tobakspungar og setlebøker like so fint som
no.» — Ein annan ting lika han like so ille. For guten hadde
den uvane, at naar han skulde kneppa upp vesten, so tok
han og reiv han upp fort med ein gong. »Du vert til ingen
ting,» sa far hans. »Naar eg gjeng paa gata og kjem aat
eit hyrna som det blæs, daa hev eg ikkje raad til eingong
aa kneppa att frakken min, so rædd er eg for knappholi,» sa
gamlingen.
Naar Kristen Kold fortalde dette sidan, sa han:
»Far min kunde ikkje lenger hugsa korleis han var daa
han var barn. Men det vil eg beda dykk aa hugsa paa. For
elles kjem de til aa gjera stor urett, baade mot dykk sjølve
og mot borni. — For meg var det fælt aa høyra stødt, at
eg var slik ein tuftskrok som vart til ingen ting. Daa gjekk
1 Dette hev eg fraa Tyge Hansen paa Fyn; han hadde det fraa Kold sjølv.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>