- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
32

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa lærarskulen

J november 1834 finn me Kristen Kold paa
vegen til lærarskulen i Snested. Presten
Bramnier var styrar — ein myndug mann.
Sidan vart han biskop.

Kold kom upp til prøva. Der spurde Brammer um han
kjende noko til »de messianske spaadomme».

»Spaadomar veit eg nok kva er, men messiansk veit eg
ikkje kva er,» svara Kold.

Det var fælt, tykte Brammer. So sa han: »Det er
spaa-domarne um Messias.»

»Ja, daa kjenner eg nokre,» svara Kold. Og no tok han
tri av dei fyrste. Men so visste han ikkje fleir.

»Hev du lese noko i bibelen?» spurde Brammer.

»Ja — sa Kold — eg las for mor mi daa eg var liten;
det var soga um Judit og Holofernes.» Dette var heller ikkje
som det skulde.

»Men kva hev du lese elles?» spurde Brammer.

»Eg hev lese Holbergs Peder Paars,» svara Kold.

Dette svaret gjorde det ikkje likare. Og det saag myrkt
ut for Kold.

Men.so segjer Algren, andre læraren ved skulen:

»Me tek han like vel — det er ein aparta kar.»

Soleis slapp han inn. Men han laut sitja aller nedst.
»Dette er urett,» tenkte han; »i grunnen er du like so god

PETER LARSEN

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free