Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paa lærarskulen
33
kar som alle dei andre.» Men det vaaga han ikkje aa segja
høgt her.
Um denne tidi fortel han:
»Eg var gruveleg modlaus. Dei tvo fyrste maanarne var
eg so nedkuga, so far min til slutt fann det klokast aa kjøpa
ei klokka aat meg for 24 krunor og kveikja meg upp att
med . . .
— Eg var ille ute. For eg kunde slett ikkje skyna kva
lærarane sa. Eg høyrde og høyrde, men visste ikkje kva
det var dei tala um. Og naar ein er paa skule, og ikkje
skynar kva som vert sagt, daa er ein i naud.
— Ein dag heldt Brammer ei preika og sette upp det
spursmaalet: Er du ein kristen? Og kva han sa eller ikkje
sa, skal eg lata vera usagt; men eg sa til meg sjølv: Du er
det daa ikkje. Og naar eg no var ein tufskrok paa skulen
og attaat det heller ingen kristen, so kann de nok skyna at
framtidi mi var myrk; klokka hjelpte ikkje meg her.
Nei, det var noko anna som skulde kveikja meg til liv,
og de kann aldri tenkja dykk kva det var: det var Peter
Larsen Skræppenborg.1
Ein dag kom Peter Larsen. Og han fortalde meg at Vaar
Herre elskar oss menneskje.
Men at eg ikkje hadde fenge visst dette all den tid eg
hadde vore til, det var fælt, tykte eg. Anten eg no hadde
høyrt det fyrr og ikkje ansa paa det, eller korleis det var —
visst er det, at dette var noko nytt for meg. Og daa eg
høyrde det, so for det igjenom meg med slik magt og kraft,
at eg aldri hev kjent maken. Gud sjølv heldt av oss
menneskje, han heldt av meg; og han livde berre for dette eine aa
gjera oss alle, og meg med, lukkelege. Men daa kunde det
heller ikkje vera raad aa tvila paa at han magta dette arbeidet,
1 Peter Larsen fraa Dons. Han svarar til vaar Hans Nilsson Hauge. Ei
urkraft fraa bondelivet, som bar fram livande gudsord aat smaafolk og bønder.
3 — Andreas Austlid: Ein folkelærar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>