Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
34
Paa lærarskulen 34
naar han hadde teke det paa seg. Fyrr hadde eg trutt at
Gud var ein politimeister eller ein streng skulemeister, som
stod og vakta paa naar me gjorde vondt, so han kunde faa
smikka til oss med ein god øyredask ein gong imillom. Men
no gjekk det upp for meg at Gud sanneleg elskar oss, baade
meg og alle saman; og straks so kjende eg at eg og kunde
elska, baade Gud og andre og meg sjølv. Eg gjorde det nok
mykje ringare, eg enn Gud. Men det var likevel fraa honom
eg hadde det. Og no steig det upp inne i meg ei stor gleda.
Eg hev aldri kjent maken til det liv, og den lyst og drift
og kraft, som kom upp i meg den gongen. Eg vart so glad
for dette nye fundet eg hadde gjort, at eg visste ikkje kva
fot eg vilde staa paa. Eg maatte ut i byen til mine gode
vener og fortelja denne makelause tidende. Eg visste knapt
kva eg sa, men det fekk eg daa sagt, at Gud elska meg og
oss alle, endaa me var syndarar. Sume stader eg kom, so
høyrde dei paa meg og tagde; andre stader sa dei: Stakars
menneskje, han hev nok mist vitet. Men daa hjelpte Algren
meg so mykje til rettes, at han sa det var ikkje eg som
hadde mist vitet mitt, men dei andre som ikkje var komne
til vit endaa. Likevel var det rart aa høyra dette, at alle
menneskje som elles kjende meg, sa eg hadde mist vitet; og
difor vart eg so glad daa eg las det dei kallar »Apostlernes
gjerninger», og saag at det hadde gjenge mest like eins med
deim som med meg. Daa gjekk det upp for meg at eg var ein
kristen, sidan eg hadde det paa same maaten som apostlarne.»
— No var det andre gongen Kold hadde røynt dette same,
at ordet er ei stormagt, den største paa jordi, til aa gjera
menneskje-hjarto glade og gode og sterke. Fyrste gongen av
mor si, og no siste gongen av Peter Larsen fraa Dons.
Snart skulde han faa sjaa at Gud hadde gjeve honom og
denne magti — eller lagt slike ord paa tunga hans, at han
og kunde gjera folk glade.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>