Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
52
I Sønderjylland 5 1
Ei tid etter fekk han brev fraa biskopen i Ribe stift, gamle
Tage Müller; han vilde vita kva slags undervisning Kold
for med.
Og Kold svara straks. Han skreiv at han fortalde
bibelsoga og las Balle-boki imii-bok med deim; og so greidde han
ut det dei las med det han hadde fortalt; paa annan maate
var det ikkje raad aa faa borni til aa skyna den tunge boki.
Han sette upp fire grunnar for denne framgangsmaaten; og
den eine lyder ordrett so:
»Ti dersom danske børn skal blive ved at lære Balles
lærebog udenad paa rams, saa kommer de aabenbart til at ligne
den slægt af Israels børn, om hvilken Herren sagde at de var
uduelige til at indgaa i Kanaans land; — altsaa langt mindre
blev der da noget af Danmarks lykke, som Ingemann har
skrevet om i Valdemar den store og hans mænd.» —
— Ei stund etter kom det bod at Kristen Kold skulde
møta for biskopen.
Biskopen var venleg. Han sa:
Ja, De er et begavet og haabefuldt ungt menneske, og
jeg vil saa gjerne tro at De kan undervise børn, ja jeg er vis
derpaa, uden at lære dem Balles lærebog udenad paa rams;
men hvordan skal det saa gaa med alle andre skolemestre!»
>,Kva kjem dei meg ved?» spør Kold.
»Jo — sa bispen — for det skal være éns.»
Det er fælt — segjer Kold — at dette skal gjelda her.
Um det no var ni og nitti skomakarar i ein by som laga
klene styvlar, og berre ein som lagar gode — skal so denne
eine laga klene styvlar han og, for at arbeidet kann verta
eins?»
So drog han paa oksli, den gamle skikkelege mannen —
segjer Kold — for hjarta hans var paa mi sida, men vitet
hans var paa verdi si sida, og han svara berre:
; Herregud, loven er jo over os alle.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>