- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
53

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53

»Ja, men daa maa De sjaa aa faa ei so uvitug lov brigda,»
segjer Kold.

»Aa, slib de skarpe kanter af Dem, kjære Kold,» bad
bispen.

»Nei, herr. biskop — for daa vart eg rund og trilla burt,»
svara Kold.

Biskopen lova daa ut at han skulde skriva til kyrkjestyret
og freista um han ikkje kunde faa eit lite smetthol paa lovi,
so vidt at Kold fekk driva skulen paa si vis, i minsto so
lenge han var huslærar.

Endeleg kom svaret fraa kyrkjestyret.

»Me kjenner slike svar,» segjer Kold. »Ein kann tøygja
deim og faa ut ja eller nei plent etter som ein hev bruk for
det.» Det stod i brevet:

»At vel skulde Balles lærebog læres udenad, men
uden-adslæsningen af lærebogen maatte dog ikke staa den høiere
religionsundervisning iveien.

Daa Kold fekk dette brevet, syntest han at no var dei
frelste og berga. For det var daa nettupp ei høgre
religionsundervisning han dreiv paa med no.

Men so kom provsten, og spurde um han hadde sét at
Balle-boki skulde lærast utanaatr

»Nei, eg hev just sét at ho ikkje skal lærast utanaat,»
svara Kold. »For det er daa greidt at det er den høgre
religionsundervisningi som eg driv; og utanaat-lesingi skal
ikkje staa den i vegen.»

Meir vart det ikkje tala um dette. Og Kold heldt fram
med skulen paa si vis so lenge han var der.

Men daa han skulde til aa søkja embætte i statsskulen,
fekk han nei alle stader. Naar han ikkje vilde læra borni
Balle-boki paa rams, so kunde dei ikkje bruka han.

Til dette hadde Kold berre eitt svar, baade aat høge og
laage: »Det kann eg ikkje, og det gjer eg ikkje.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free