- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
59

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa langferd

1ste oktober 1842, klokka 4 um morgonen, steig Kold
um bord paa »Karoline Amalie», saman med presten
Hass, kona hans og tvo born, og skulde ut paa langferdi.

Dei tok vegen um Berlin, Dresden, Prag og Wien; og so
med skip ned etter Donau til Konstantinopel. Den Iste
december kom dei til Smyrna.

Kold var tenar, og fekk nok at staa i. Men han hadde
gode augo og opne øyro, og eit fint klaart vit. Han fortel
i dagboki si.

Han vart reint yvergjeven i Berlin, daa han kom inn i
»Unter den Linden og saag dei velduge slotti.

So var han paa eit slott og saag maalarstykke. Men
berre eitt bilæte bryr han seg um; det er Johan Huss. Dette
bleike ut-tærde aalvors-andlitet og den ærlege uruggelege
staal-trui som blenkte og lyste der inne — og so alle desse
urolege kviskrande prestarne rundt ikring — paa riksdagen
i Kostniz — det var noko for Kristen Kold. Her fann han
ein mann.

Ein kveld for dei gjenom Austerrike, daa saag han eit ’
vænt syn. Bønderne stelte i hagarne sine, hakka og grov og
skar og klippte, og dei smaa vinranke-buskorne stod der i
rader bundne til stokkar; og det laag haugar med mogne
druvor paa marki. Soli gjekk ned i det same og gyllte dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free