Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
60
Paa langferd
blaae bergi til dei vart fiol-raude. Og Kristus-bilæte og smaae
kapeli, paa høgder og ved vegar, dei stod og lyste Guds fred
i denne kveldglansen. Og folk som møttest helsa: »Lova
vere Jesus Kristus,» og svara: I al æva, amen.»
»Ja lova vere du Jesus Kristus i all æva, ikkje berre med ei
fatig taara paa kross og grav, men med vaar ljosaste gladaste
barnetru — du sigerherre som stod upp or gravi og gav oss
ævelegt liv!» Soleis endar Kokl denne skildringi.
I Wien var det Stef ans kyrkja. Han var inne der ein
sun-dag og lydde paa songen og messa.
»Ei umaateleg stor bygning — segjer han. Innvendes svart
marmor. Naar ein sit der inne under kvelvingarne, i
halvljoset fraa alle dei mange-lita glasi, daa maa ein tru ein er
komen inn i aandeverdi og ikkje i eit hus paa jordi. Koren
er full av svartklædde munkar i kvite kappor — prestar i
raude, grøne, gule og kvite skrud. Eit straalande sylv-altar
der lengst atti. Og so den vænaste songen gjenom alle rom
— no mild og mjuk som sumarvinden — og so vill og sterk
som stormgang mot himmelen! So er det røykjels paa altaret
fraa store sylvskaaler, og so velsigningi med fagre ord og
tonar fraa prestarne–-og alt folket ligg paa kne yver
alle golv i desse velduge salarne» . . .
Paa dampskip for dei ned etter Donau. Her ser Kold eit
berg som stig midt upp utor vatnet, med stupbratte
fjell-veggjer, »høge som Medolden kyrkjetaarn» — segjer han —
fulle av mur-røysar etter gamle riddar-borger, og øvst uppe
eit kloster.
Lenger nede auka det med fjelli — og Kold bryt ut: »Kvi
gjorde du slike kjempor, Herre r — Til aa syna oss stordomen
din. Og sanneleg, her ser eg at du er stor, og megtug, og
gamall. Aldri hev mi sjæl kjent slike kjenslor!»
I Orsova stansa dei tvo dagar; og no maatte Kold til
med nygræsken att — han hadde lært berre grunnarne heime.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>